Nyheter

Kjempar i retten for å få bli

OPPHALD: Dei tre søstrene Faustina, Gloria og Brenda har saksøkt staten for å få bli i Noreg. Faustina fryktar at ho må forlata barna og ektemannen.

I ein sofa i Oslo tingrett sit Kenneth med sin seks månader gamle son på fanget. På bordet ligg leiker, snacks og våtserviettar. Barnevogna står parkert i eit hjørne.

– Heldigvis har dei eit stellerom her. Utover det er det ikkje så barnevenleg her, fortel han.

Dottera på to og eit halvt viser smilande fram eit nettbrett. Ho kan sjå på snuttar med Barne-TV for å korta ned den lange ventetida.

Bak ei dør sit mora hennar Faustina i ein liten rettssal. Ho har saksøkt staten for å få bli i Noreg med familien.

Me har tenkt mykje på kva me skal gjera, om Faustina blir sendt ut av landet

—  Kenneth, ektemann

Kom for å bu med far

Søstrene Faustina, Gloria og Brenda har saksøkt staten ved Utlendingsnemnda (Une), for tilbakekalling av opphald og vedtak om utvising.

Rettssaka gjekk sist veke over tre dagar i Oslo tingrett.

Vårt Land har tidlegare omtala historia til dei tre søstrene i ei reportasje.

Dei kom til Noreg ein septemberdag i 2016. Dei skulle starta eit nytt liv i Noreg med ein far dei ikkje kjende så godt.

Etter å ha levd i ein heim med mykje konfliktar og uro, vart søstrene kasta ut heimanfrå. Den dagen stoppa familielivet med far.

Utlendingsnemnda (Une) meiner søstrene ikkje er skuld i at familielivet med far braut saman. Likevel er dette ein sjølvstendig grunn til at dei no må ut av landet.

Une meiner også at søstrene har gjeve uriktig identitet til norske styresmakter. Faren seier til Vårt Land at han ikkje kjenner seg igjen i døtrenes versjon. Han stadfestar at han kasta dei ut av heimen, men seier han sjølv følte seg trua.

Tunge diskusjonar om framtida

Brenda og Gloria har budd hjå vener sidan oktober, i skjul for politiet. Den pågåande rettssaka stansar ikkje vedtaket om at dei må forlata landet. Faustina har lov å vera i Noreg fram til dommen.

Faustina og ektemannen Kenneth har hatt mange tunge diskusjonar.

– Me har tenkt mykje på kva me skal gjera, om Faustina blir sendt ut av landet, seier Kenneth.

Av omsyn til dei to barna har Une redusert innreiseforbodet til Faustina til to år. Det betyr at Faustina skal kunna søka om familiegjenforeining med ektemannen når det har gått to år.

Brenda, Gloria og Faustina

Likevel tør ikkje dei ta sjansen på å reisa saman til heimlandet til Faustina. Dei fryktar Kenneth då ikkje vil kunna tena nok. Staten set krav til kor mykje du må ha i inntekt for å få familiegjenforeining.

Om Faustina må ut, ser dei for seg at barna skal bli verande i Noreg med pappa. Dei vil då besøka Faustina i lange periodar i heimlandet.

Utlendingsnemnda (Une) skriv i sluttinnlegget til Oslo tingrett at utvisingsvedtaket ikkje utan vidare inneber ei splitting av familien for Faustina.

Går med krykker

Faustina går med krykker etter eit beinbrot. Ho seier legane meiner foten bør opererast, men at det ikkje går no, sidan det er usikkert om ho kjem til å bli verande i Noreg.

Ho seier legane fryktar infeksjonsfare og at ho ikkje er sikra god nok oppfølging i heimlandet. Ho fortel at ho no går på sterke smertestillande.

Meiner identiteten ikkje stemmer

I retten fokuserte Une på at Faustina og søstrene skal ha gjeve feil identitet, då dei søkte familiegjenforeining i Noreg.

– Uriktige opplysningar om identitet undergrev lovas formål om kontrollert og regulert innvandring og vil kunne føra til straffereaksjon, sa advokat Christina Bjornes, som representerer Une i saka.

Då dei tre søstrene søkte opphald i 2016, brukte dei pass som viste at alle tre var umyndige.

Norske styresmakter meiner desse identitetane ikkje stemmer, og at berre Faustina var under 18 då ho søkte opphald.

Far leverte pass til politiet

Den informasjonen fekk styresmaktene etter at far engasjerte seg i saka. Nokre månader etter at faren hadde kasta søstrene ut heimanfrå, fortalde faren politiet at det var oppgjeven feil alder på døtrene.

Etter eigne undersøkingar fann norske styresmakter ut at Brenda har søkt pass med ulik fødselsdato.

Seinare leverte far inn tre pass til døtrene til politiet. På det eine står ein fødselsdato som stemmer overeins med det myndigheitene sjølve har funne på Brenda.

Norske styresmakter bruker dei tre passa som far leverte inn, som utgangspunkt for det dei meiner er rett fødselsdato på alle tre søskena.

Une viser også til at søstrene i intervju ikkje svarar klart på kor gamle dei var då dei begynte på skulen. For Faustina meiner Une at hennar fødselsdato ikkje stemmer overeins med når far hadde høve til å opphalda seg i heimlandet.

Manglande familieliv med far

I tillegg peiker Une på at søstrene ikkje lenger «utøver et familieliv» med far. I avslaget viser Une til at søstrene fekk opphald i Noreg for å bli gjenforeina med far.

– Tillatelsen er gjeven for familieinnvandring for å vera saman med far. Det gjev også ei forventing om at tillatelsen faktisk blir nytta for det den er innvilga for, sa advokat Christina Bjornes i Oslo tingrett, som representerer Une i saka.

Skapar reaksjonar

Historia til dei tre søstrene har skapa diskusjon om rettsvernet til barn som kjem på familiegjenforeining.

Utlendingslova sikrar opphald til sambuarar og ektefellar som kjem på familiegjenforeining og som blir utsett for vald. Barn har ikkje same vernet.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil no vurdera om det trengst ei særleg bestemming for barn og unge som er utsett for omsorgssvikt eller mishandling.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter