Nyheter

Partitopp i KrFs svenske systerparti går av – skulda for overgrep

SVERIGE: Etter seks månadar som partisekretær i Kristdemokraterna trekkjer Johan Ingerö seg. Han har blitt meldt til politiet for seksuelle overgrep.

Johan Ingerö har blitt sett på som ein nykelspelar for det svenske partiet Kristdemokraterna. Han rakk berre å vera partisekretær i eit halvt år før han no har trekt seg etter å ha blitt politimeldt for overgrep. Det har han sjølv meldt i eit facebookinnlegg.

Her skriv den svenske politikaren at det er ein partifelle som har meldt han til politiet for eit overgrep vedkommande hevdar skjedde på eit nachspiel etter valvaka i 2014.

Ingerö, som på denne tida var pressesjef i Kristdemokraterna, avviser at han er skuldig.

Misbruka alkohol

I facebookinnlegget skriv han at han på denne tida misbruka alkohol aktivt, men at han no har vore edru i åtte år.

Svenske Dagen skriv at Kristdemokraterna-politikaren, Sara Skyttedal, har skrive på Facebook at ho har politimeldt ein partifelle for ei hending som skjedde i det same tidsrommet.

«For åtte år sidan valde ein partifelle mot min vilje å prøve å krevje retten til kroppen min. I alle desse åra har eg vore stille», skriv ho ifølgje avisa, og forklarar at det er ei ny hending som gjer at ho no melder det til politiet og fortel om det som skjedde.

Skyttedal er medlem av Europaparlamentet.

Ebba Busch: – Reiser spørsmål

Partileiar i Kristdemokraterna, Ebba Busch, seier til den svenske allmennkringkastaren SVT at Ingerö sjølv valde å trekkje seg frå stillinga.

– Uavhengig av årsaka til at Johan slutta i stillinga, reiser politimeldinga spørsmål om Johans evne til å oppfylle sine tillitsverv, seier partileiaren.

Ebba Busch overtok som leiar av Kristdemokraterna i april 2015. Ved valet i 2018 snudde ho langvarig tilbakegang til stor suksess for partiet.

I dag er ho nærings- og energiminister i Ulf Kristerssons regjering og Sveriges visestatsminister.




Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter