Nyheter

Naturvernleiar ber om kraftstopp i Finnmark

ENERGI: Finnmark treng ikkje storstilt utbygging av straumproduksjon og ny kraftledning tvers gjennom fylket, meiner Truls Gulowsen i Naturvernforbundet: – Det må ikkje bu folk på kvart nes.

Truls Gulowsen veit han yppar til debatt, at fleire blir provoserte. Men leiaren i Naturvernforbundet meiner det er naudsynt å ta til motmæle mot dei mange som vil byggje ned meir natur i nord for å byggje opp produksjonen av kraft, særleg vindkraft.

Dette er bakteppet for Gulowsens utspel:

  • Fosen-aksjonen som utspann seg i Oslo i månadsskiftet februar mars: Unge samiske aksjonistar som saman med aksjonistar frå Natur og Ungdom blokkerte departement etter departement, i åtte dagar, heilt fram til at statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) bøygde hovudet, sa orsak til reindriftssamane på Fosen i Trøndelag og vedgjekk at vindmøllene på Fosen er eit pågåande brot på menneskerettane til samane.
  • Det årelange kravet om at det må byggjast ut meir kraftproduksjon i nord, særleg i Finnmark.
  • Energikommisjonen seier kraftproduksjonen i Norge må opp med minst 40 TWh innan 2030.

Urealistisk ide om industrialisering

– Ideen om at berre ein får bygd ut meir kraft i nord, gjerne i form av vindkraft, så vil det føre til industrialisering, er totalt urealistisk, seier Gulowsen.

Han peikar på megatrenden som påverkar distriktsnorge generelt og fylka i nord spesielt: Fråflyttinga.

– Fleire og fleire vil bu på stadar med ein viss infrastruktur, med eit visst tenestenivå. Difor må me satse på sterke vekstsenter.

I Finnmark heiter dei fremste Hammerfest, Alta, Vadsø og Kirkenes.

Ideen om at berre ein får bygd ut meir kraft i nord, gjerne i form av vindkraft, så vil det føre til industrialisering, den ideen er totalt urealistisk

—  Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet

Må ikkje øydeleggje meir natur

– Det må ikkje bu folk på kvart nes. Dei som vil bu nærme naturen og havet skal sjølvsagt få det. Men me kan ikkje byggje ut ny kraft i nord berre for å halde oppe dagens busetjingsmønster, seier Gulowsen same veke som Senterpartiet skal samlast til landsmøte.

– Kvifor ikkje?

– Det er ikkje forsvarleg å øydeleggje meir natur for til dømes å byggje fleire vindparkar og kraftleidningar. Og så må me ta omsyn til arealrettane til reindrifta.

Gulowsen meiner Fosen-utbygginga viser kor gale det kan gå når ein byggjer vindmølleparkar i reinbeiteland.

NVE behandlar no fire omstridde vindkraftprosjekt i kommunane Gamvik og Lebesby i Finnmark. Alle møter sterke protestar frå reindrifta.

Søkjer kvalifisert arbeidskraft

Frå kommunar som slit med fallande folketal lyder to rop: Me treng industriarbeidsplassar – og til industriarbeidsplassar trengst straum.

Gulowsen heller kaldt vatn i årene på dei som ropar.

– Dei som ønskjer å etablere mange nye arbeidsplassar, ønskjer seg til stadar av ein viss storleik. Der det mellom anna er sikker tilgang på kvalifisert arbeidskraft.

Leiaren i Naturvernforbundet minner om at då oljeselskapa skulle etablere base i nord var det mange utkantkommunar som ivra for at akkurat dei måtte bli valt.

– Men til sist blei Hammerfest valt.

KV-420-linja, Melkøya, Davvi

Vil skrinleggje tre kraftprosjekt

Gulowsen seier at i Finnmark er det tre hovudnæringar, og ingen av dei treng store kraftutbyggingar.

– Fiskeri, reiseliv og reindrift.

Tre store kraftprosjekt kan dermed skrinleggjast, meiner leiaren i Naturvernforbundet:

  • Elektrifiseringa av Equinors produksjonsanlegg for gass på Melkøya ved Hammerfest.
  • Bygginga av 420 kV kraftline gjennom Finnmark.
  • Bygginga av Davvi vindkraftverk i grenselandet mellom kommunane Lebesby, Tana og Porsanger, planlagt mellom 100 til 267 turbinar.

Kan drifte med gass til 2035

Equinor planlegg å rive gasskraftverket som i dag driv anlegget ved Hammerfest for så å drifte anlegget med straum frå straumnettet. Det vil krevje nesten like mykje straum som heile Finnmark brukar i dag.

– I dag brukar Melkøya og Hammerfest 70 prosent av straumen som blir produsert i Finnmark. Blir anlegget elektrifisert vil Melkøya og Hammerfest bruke rundt 90 prosent. Så det blir ikkje mykje kraft att til anna industri, seier Gulowsen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Han meiner det beste alternativet er å la Melkøya bli drifta med gass fram til konsesjonen går ut i 2035, for så å nekte ny konsesjon, noko som inneber at anlegget blir avvikla.

I dag brukar Melkøya og Hammerfest 70 prosent av straumen som blir produsert i Finnmark

—  Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

Kan byggje i område som er tapt

For å få meir straum fram til Melkøya skal Statnett byggje ein ny kraftleidning fram til Hammerfest. Strekninga Balsfjord i Troms til Skaidi i Finnmark blei ferdig før jul. Planen vidare er å føre ein leidning til Hammerfest i vest og ein til Aust-Finnmark.

Om 420 kV-leidningen seier Statnett: «Ledningen vil legge til rette for økt verdiskapning i landsdelen og bidra til at utbygging av ny fornybar energi kan realiseres.»

Om den same leidningen seier Naturvernforbundets leiar:

– Leidningen vil berre føre til krafteksport frå Finnmark.

Leidningen er omstridt, for han skal gå gjennom reinbeiteland. Difor protesterer reindrifta.

– Innvendingane må me ta omsyn til, seier Gulowsen.

– Men dersom det skal byggjast ut kraft i Finnmark, til dømes vindkraft, kvar kan slikt finne stad?

– Det må skje i område som allereie er tapte – altså øydelagde av kraftutbygging.

---

Kraftproduksjon

  • Energikommisjonen seier kraftproduksjonen i Norge må opp med minst 40 TWh innan 2030.
  • Det er ikkje nok kraft til både å produsere gass med elektrisitet på Equinors anlegg på Melkøya ved Hammerfest og samstundes byggje ut ny industri i andre delar av Finnmark.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter