Nyheter

Lovar mineralmagi – skaper frykt i reindriftsland

STRID: Konsern vil opne gruve opp att i fråflyttingskommune. Det øydelegg reindrifta, svarar sørsamar. På sju stader i Nord-Norge står reindrift mot gruvedrift.

– Me har prøvd, men reindrift og gruvedrift går ikkje saman.

Anta Joma er nestleiar i Tjåehkere sijte, eller Østre Namdal reinbeitedistrikt, som har opp mot 5.000 rein. Fram til i fjor var han leiar i sitjen, ei samling av reineigarar nord i Trøndelag.

– Faktisk er det tredje gongen storsamfunnet trengjer seg inn i reindrifta. Først den store vasskraftutbygginga i elva Namsen, så utvinning av kopar i gruva i Joma. No vil ein gjenopne gruvedrifta i Joma, fortel han til Vårt Land.

To gonger er reindrifta pressa vekk av naturinngrep. Tjåehkere sijte vil hindre ein tredje. Fredag 17. mars er det konsultasjonsmøte i Røyrvik, mellom reindrifta og kommunen.

Planlegg store naturinngrep

Stormen frå Fosen-aksjonen har løya. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) bøygde av og vedgjekk at «ja, vindmøllene på Fosen er eit pågåande menneskerettsbrot», 507 dagar etter at Høgsterett slo det fast.

Men det kan raskt blåse opp til nye, politiske stormar om energi:

  • Frå Trøndelag til Finnmark ventar kraftkonsern på positive svar på søknadar om å byggje nye vindparkar som skal produsere grøn energi.
  • Frå Trøndelag til Finnmark ventar gruvekonsern på å få sprengje fram mineral til det grøne skiftet.

Men: Landskapet frå Engerdal i sør til Nordkapp i nord er reinbeiteland.

Sju gruver i reinbeiteland

Vårt Land har med hjelp frå Sametinget laga oversikta der reindrift står mot gruvedrift. Striden i Repparfjord i Hammerfest kommune, der selskapet Nussir skal vinne ut kopar, er godt kjent.

Her er dei seks andre:

  • Kingsrose Mining, Porsanger kommune
  • Elkem Tana, Tana kommune
  • AS Sydvaranger, Sør-Varanger kommune
  • Nasafjellet, Rana kommune
  • Jennygruva, Hamarøy kommune
  • Joma Gruver, Røyrvik kommune

Me har prøvd, men reindrift og gruvedrift går ikkje saman

—  Anta Joma, nestleiar i Tjåehkere sijte

Styrkja det samiske

Røyrvik – eller Raarvihke på sørsamisk – er ein grisgrendt fjellkommune nord i Trøndelag. I 1976 var folketalet på topp, kommunen hadde 762 innbyggjarar. Hjørnesteinsbedrifta Joma Gruver sette mat på bordet og sytte for ljos i glasa.

47 år seinare: Barnehagen manglar barn. Skulen manglar elevar. Arbeidslivet manglar jobbar. Då 2022 ebba ut gjekk folketalet ned til 429, melder SSB.

Røyrvik er også kjerneområde for sørsamisk busetjing, språk og kultur. Reindrifta har vore her i hundreår og er i dag største primærnæring. Den norske bureisinga byrja på tidleg 1800-tal.

Kommunen valde å bli innlemma i samisk forvaltningsområde i 2013. Med valet følgjer det statlege støttemillionar – og plikter: «Den samiske befolkningen skal kunne bevare og utvikle sitt språk og alle har rett til å bli betjent på samisk.»

Kommunevåpenet er eit korsa sølvkors; det samiske solkorset.

Lovar mange arbeidsplassar

I august 2021 bankar framtida på døra inn til kommunehuset i Røyrvik. Plansje etter plansje på kommunestyremøtet fortel at alle negative tal kan snus – på eitt vilkår: Kopargruvedrifta i Joma blir opna igjen. Ho stengde i 1998, grunna låge prisar på kopar.

Det svenske gruvekonsernet Bluelake Mineral vil bruke minst 500 millionar kroner på å hente ut drivverdige mengder kopar og sink.

For: Det grøne skiftet, omstillinga til berekraftig energiproduksjon, krev mineral – og betalinga er god. Og sjølv om prisen fell, vil Joma gruver vere profitabel.

Gruvekonsernet lovar 115 nye arbeidsplassar i Røyrvik.

funn

Mykjer kopar i norske fjell

I Røyrvik blir to omsyn fletta saman. Kommunen treng arbeidsplassar – og verda treng mineral, særleg til den grøne teknologien.

Her lener Bluelake Mineral seg på Norsk geologisk undersøking (NGU). I ein rapport skriv den statlege etaten at «det grønne skiftet og økingen i den globale middelklassen fra 1,8 milliarder i 2009 til 4,9 milliarder allerede i 2030 vil doble behovet for kobber på mindre enn 20 år»

NGU seier så at store koparressursar kan framleis liggje løynt i norske fjell.

Gruvedrift i reinens beite

Men gruveselskapet som er etablert, Joma Gruver AS – og der kommunen er medeigar, møter motstand. Planområdet for gruvedrifta ligg i reinbeitedistriktet Tjåehkere sijte.

Reineigarane er prinsipielt mot gruveprosjektet.

På oppdrag for Joma Gruver lagar Multiconsult i 2021 ei konsekvensutgreiing om gruvedrift i Røyrviks reindriftsland. Innvendingar blir lista opp, planområdet vil påverke reinbeitet, kalvinga, flyttinga, innsamlinga og slaktinga.

«Industriaktivitet ved industriområdet vil påverke reindrifta negativt», særleg «høstbeitet i de rike bjørkeskogane», skriv Multiconsult i samandraget.

– Utgreiinga er ikkje verdt papiret ho er skriven på, meiner nestleiar Anta Joma i reinbeitedistriktet.

– Ho ser berre på dagbrotet. Gruveplanane er langt meir omfattande.

Sette sørsamisk kultur under vatn

Eit anna naturinngrep har påverka reindrifta i kommunen, vasskraftutbygginga i Namsen.

Den 230 kilometer lange elva renn frå Namsvatnet i Røyrvik og munnar ut Namsfjorden, ved Namsos. Kraftverka langs vassdraget ligg som perler på ei buktande snor.

Multiconsult seier det rett ut: «De store vannkraftutbyggingene i øvre Namsen satte reindrifta tiår tilbake (...) Tidligere beiteområder, oppsamlingsområder, trekk- og flytteleier, gjerdeplasser og boplasser ble neddemt (...) resultatet ble en sterkt redusert reindrift i mange år.»

Anta Joma fyller ut:

– Den gongen var omkvedet frå utbyggjar at «reindrifta har inga framtid», difor var det berre å demme ned, og skubbe samane vekk.

lobby

Hentar inn tidlegare Ap-minister

I februar bllr Joma Gruvers planar løfta høgt på den nordtrønderske dagsordenen. Bluelake Minerals hyrer inn tidlegare norsk minister som strategisk rådgjevar og kommunikasjonsansvarleg.

Den røynde lobbyisten Bjarne Håkon Hanssen entrar banen, med debattinnlegg og intervju i Trønder-Avisa:

«Vi vil skape magi i Indre Namdal», lovar den tidlegare Ap-statsråden og stortingsrepresentanten, som no sel sine tenester via selskapet Kruse Larsen. Han har «en unik forståelse for politiske prosesser», lyder presentasjonen.

– Mange omstillingar er prøvd i Indre Namdal, ingen har lukkast. Folk flyttar. Får Joma Gruver klarsignal, vil 100-150 få jobb, og med det blir det store, lokale ringverknader, fortel Hanssen til Vårt Land.

– Men kva med reindrifta?

– Ho er me veldig opptatt av. Men det kan umoglege vere slik at me må velje mellom gruvedrift og reindrift. I Røyrvik har ein vist at dei kan leve side om side.

– Reinbeitedistriktet seier at så ikkje er tilfelle?

– Gruvedrifta Joma Gruver planlegg er langt meir skånsam en den som fann stad fram til 1998. Me skal også ha tett dialog med reindriftsdistriktet og tilpasse gruvedrifta til reindrifta, forklarar Hanssen.

– Me er villige til å forhandle om alt, legg han til.

Får Joma Gruver klarsignal, vil 100-150 få jobb, og med det blir det store, lokale ringverknader

—  Bjarne Håkon Hanssen, strategisk rådgjevar i Joma Gruver
rein

Må oppfylle tre krav

Før første salve i Joma Gruver, må kommunestyret i Røyrvik seie ja til reguleringsplanen. Så må Næringsdepartementet, som gjev konsesjon til gruvedrift, seier ja.

Sametinget har allereie sagt nei.

Senterpartisten Hans Oskar Devik har vore ordførar for den borgarlege Samarbeidslista sidan 2015, og har hatt sete i kommunestyret sidan 1992.

Han vedgår ope at bygdene i Røyrvik blir avfolka; mange finn framtida ein annan stad. Difor er nye arbeidsplassar svært etterspurde.

– Men som ordførar har eg tre krav som må bli innfridde: Gruvedrifta må vere i samsvar med reindrift, forureiningsspørsmålet må vere løyst, og me må ha lokal verdiskaping.

---

Reindrift

  • I nesten 140 kommunar er det reindrift, på eit areal som utgjer kring 40 prosent av landarealet i Norge.
  • Litt over 3.000 personar arbeider i den samiske reindrifta, med om lag 215.000 dyr.
  • Norges samar har ein historisk rett til å drive reindrift, og har status som urfolk.
  • Gjennom Grunnloven og internasjonal folkerett må styresmaktene oppfylle ei rekkje plikter for å sikre rettane til landets urfolk.
  • Reindrifta er allment anerkjent som ei heilt spesiell samisk næring, viktig for å bevare samisk kultur, samfunnsliv og språk.
  • Styresmaktene må difor syte for ei økonomisk, økologisk og kulturelt berekraftig reindrift.

Kjelde: Landbruksdirektoratet

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter