Nyheter

Merking av israelsk busettarvin påverka ikkje salet

POLET: I fjor sommar starta Vinmonopolet merking av vin frå område okkupert av Israel. Framleis sel vin frå okkuperte område langt betre enn vin frå Israel.

I juni i fjor kom Utanriksdepartementet med eit nytt krav: Næringsmiddel frå område okkupert av Israel skal merkast. I merkinga skal det komme fram om varene kjem frå ei israelsk busetting.

Sidan starten av august har Vinmonopolet merka vinar frå Golanhøgdene og Vestbreidda.

Vårt Land har spurt Vinmonopolet korleis merkinga har påverka salet av desse vinane. Fasiten er at merkinga har hatt liten effekt.

– Me har ikkje grunnlag for å sjå at endringa i merking av opphav har hatt ei effekt på salet, skriv Kristine Sanne, senior kommunikasjonsrådgjevar i Vinmonopolet, i ein e-post til Vårt Land.

Ein vin frå Golanhøgdene dreg opp salet

Vårt Land har fått salstala frå Vinmonopolet. Tala viser stor sesongvariasjon frå månad til månad, men ikkje noko stor effekt frå merkinga som vart innført sommaren 2022.

I perioden juli til desember 2022 selde Vinmonopolet 2.170 liter vin frå Golanhøgdene og Vestbreidda, mot 2.218 liter vin i same periode i 2021.

Til saman selde Vinmonopolet 3.833 liter vin frå Golanhøgdene og Vestbreidda i heile 2022. Det er langt meir enn vinsalet frå Israel. I 2022 selde Vinmonopolet 1.898 liter vin frå Israel.

Det er spesielt ein vin som dreg opp salet av busettarvin: Gamla Cabernet Sauvignon frå Golanhøgdene. Denne vinen åleine selde i fjor 2.221 liter.

Under Seksdagarskrigen i 1967 okkuperte Israel Vestbreidda frå Jordan og Golanhøgdene frå Syria. Israel har oppretta over 130 busettingar i strid med folkeretten i dei okkuperte områda på Vestbreidda, og 32 busettingar på Golanhøgdene.

– Kan ikkje gjera eigne utanrikspolitiske vurderingar

Kristine Sanne opplyser at Vinmonopolet i juli 2022 hadde sju vinar frå Golanhøgda og Vestbreidda. Det er same tal som i dag. Ho seier dei per i dag ikkje har nye vinar frå desse områda på veg inn.

– Dette er vinar produsert i område der Israel har oppretta busettingar i strid med folkeretten. Kvifor vil Vinmonopolet selja vin herfrå?

– Vinmonopolet er gjennom EØS-avtalen forplikta til å likebehandla alle produsentar og importørar som ønsker å selja sine varer i Noreg og som har leveringsavtale med Vinmonopolet, så lenge påmelde produkt ikkje er i strid med alkohollova. Det går fram eksplisitt av lova at Vinmonopolet ikkje kan diskriminera på bakgrunn av land, region eller anna geografisk opphav, svarer Sanne på e-post.

h

Ho legg til at Vinmonopolet ikkje aktivt spør etter produkt frå desse områda.

– Vinmonopolet vil sjølvsagt retta seg etter eventuelle pålegg frå norske styresmakter om det blir innført handelsrestriksjonar frå eit land eller ein region, men Vinmonopolet kan derimot ikkje gjera eigne utanrikspolitiske vurderingar.

Vin frå Betlehem

Samstundes har Vinmonopolet også vin og øl frå Palestina.

Den første palestinske vinen kom i mai 2022. No har Vinmonopolet fire sortar øl og tre sortar vin i sortimentet frå Palestina.

Den nyaste vinen kom i butikkane 1. mars og er frå Jesu fødeby Betlehem. Cremisan Wine Estate Baladi 2020 blir marknadsført som «A product from the holy land».

– Er det politiske grunnar til at de tek inn denne vinen?

– Dette er produkt i vårt bestillingsutval, der grossistane melder inn produkt, svarar Kristine Sanne i Vinmonopolet.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter