Nyheter

Sterk frykt for russisk sabotasje i Norge

KRIGEN I UKRAINA: Nordmenn er redde for at Russland vil utføre sabotasje her i landet. PST seier det er lite truleg i år. Venstres og KrFs veljarar er mest urolege.

– Frykta er ganske jamt fordelt utover i heile landet, fortel forskar Aadne Aasland til Vårt Land. Han forskar i eit prosjekt som ser på Russland i møte med Norge og nordmenn.

På fredag har krigen i Ukraina rast i eitt år.

Styrkeoppbygginga byrja i 2021, men Vesten vona at Russland berre fleksa musklar ved yttergrensa i vest.

Sjokket var difor stort då Vladimir Putins styrkar velta inn i Ukraina 24. februar, Russlands president var verkeleg villig til å bruke brutal makt mot ein nabo.

Krigen skaper frykt

Ei fersk meiningsmåling fortel at Ukraina-krigen slår inn i Norge, han skaper frykt i folket:

  • Fire av fem nordmenn fryktar russisk sabotasje i Norge.
  • Berre seks prosent fryktar ikkje russisk sabotasje her i landet.

Det er By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved universitetet OsloMet som har sett nærare på nordmenns sabotasjefrykt.

For forskingsprosjektet Proruss har Respons Analyse gjort ei landsomfattande og representativ spørjeundersøking med 1.165 respondentar.

- Me ser det er markant uro i befolkninga knytt til risikoen for russiske sabotasjeaksjonar. PSTs åtvaringar ser ut til å ha blitt oppfatta av breie lag i folket, lyder forskar Aaslands analyse.

---

Sabotasjefrykt

  • For forskingsprosjektet Proruss har Respons Analyse gjort ei landsomfattande og representativ spørjeundersøking med 1.165 respondentar.
  • Dei har fått påstanden: «Jeg frykter at Russland kan gjennomføre sabotasjeaksjoner i Norge.»

---

Me ser det er markant uro i befolkninga knytta til risikoen for russiske sabotasjeaksjonar

—  Aadne Aasland, forskar By- og regionforskingsinstituttet NIBR

Russland hacka Stortinget

I fjor haust peika PST, Politiets tryggingsteneste, på olje- og gassinstallasjonar på norsk sokkel i Nordsjøen. PST har åtvara mot sabotasje over år, mellom anna i dei årlege, opne trusselvurderingane, og i ein eigen rapport i 2020.

I september var det kritisk, fortalde assisterande PST-sjef Hedvig Moe til NRK:

– Me vurderer at trusselen er endå høgare no etter at Russland invaderte Ukraina og norsk gass er blitt viktigare.

I september blei det oppdaga lekkasjar på gassleidningane i Austersjøen som fraktar russisk gass til Europa. Frå fleire kantar blei det peika på Russland som ansvarleg.

At Russland viser vilje og evne til å nærme seg norske mål, blei avdekt i 2020. Då oppdaga Stortinget at ukjente hackarar hadde klart å komme seg inn på e-postkontoane til einskilde stortingsrepresentantar og tilsette.

Utenriksdepartementet gjekk ut og sa at Norge meiner Russland sto bak IT-åtaket.

Sokkelavtalen berører om lag 7.300 ansatte i oljeindustrien. Her Edvard Grieg-feltet i Nordsjøen avbildet i 2016. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

PST: Lite truleg i 2023

Samstundes som NIBR legg fram meiningsmålinga, sender PST, Etterretningstenesta og Nasjonal tryggingsmynde (NSM) ut rapporten Nasjonal tryggingsvurdering for 2023.

Her skriv PST at dei vurderer det som «lite sannsynlig at Russland vil gjennomføre en sabotasjeaksjon på norsk territorium i 2023».

Men, legg Politiets tryggingsteneste til, dersom Russlands vilje til å eskalere konflikten med Nato og Vesten aukar, kan sabotasjehandlingar mot strategiske mål i Norge bli «et mer aktuelt scenario»:

«I dagens sikkerhetspolitiske situasjon vurderer PST det slik at petroleumssektoren er et særlig utsatt mål. Samtidig kan også andre samfunnskritiske funksjoner være aktuelle sabotasjemål, eksempelvis infrastruktur tilknyttet kraftsektoren eller ekomsektoren. En eventuell sabotasjehandling kan gjennomføres fysisk så vel som digitalt, og vil mest sannsynlig bli utført på en måte som gjør det utfordrende å tilskrive handlingen til aktøren som står bak.»

Sentrumsveljarar mest redde

Aadne Aasland fortel at meiningsmålinga avdekkjer at:

  • Kvinner rapporterer noko meir frykt for russiske sabotasjeaksjonar i Norge enn menn, 43 prosent av kvinnene mot 30 prosent av mennene er heilt samde i påstanden.
  • I aldersgruppa frå 18 til 29 år er det noko mindre frykt enn i dei andre aldersgruppene.

– Av dei politiske partia er det Venstres og KrFs veljarar som rapporterer mest uro, fortel NIBR-forskaren.

Raudts veljarar er minst redde for russisk sabotasje på norsk jord.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter