Verdas gladaste gjevar brukar no energi på klima

VÅRT LAND MØTER BILL GATES: Han har fått skatteflyktningen Kjell Inge Røkke og oljefondsjef Nicolai Tangen til å love vekk halve milliardformuen. Saman med Jonas Gahr Støre samlar han inn pengar til lys og varme.

– Hello.

Mannen i blå dress ruslar inn på møterommet på ærverdige Hotel Continental i Oslo, rettar ryggen i stolen, rettar det blå slipset på magen.

Kvinna på venstre side er klar med penn og skrivebok, klar til å notere spørsmåla – frå Vårt Land og eit par andre medium. Men først nokre ord til opning frå verdas fjerde rikaste mann.

William Henry Gates III. Eller berre Bill Gates.

Han veit kvar han er. Han har nett ete frukost med Jonas Gahr Støre (Ap), i statsministerbustaden. Han har orden på orda.

Rosar rause Norge

– Norge er ein fantastisk partnar for Gates Foundation.

Saman brukar dei det Gates tykkjer best om; summar med minst ni nullar. Eksstatsminister Jens Stoltenberg (Ap) og Gates fann saman i GAVI. Den globale vaksinealliansen er eit privat-offentleg partnarskap som støttar vaksinering av barn over heile verda.

Støre og Gates har funne saman i GEAPP. Global Energy Alliance for People and Planet skal mobilisere privat og offentleg kapital for å gje menneske i utviklingsland energi som er trygg, påliteleg og rein.

Gates er i Norge denne veka for å delta på Oslo Energy Forum, eit globalt toppmøte om energi, som er Gates` ferskaste innsatsområde. Teknologioptimisten har med seg eit eige selskap til Norge. Breakthrough Energy støttar utvikling av teknologi som skal ta oss alle gjennom det grøne skiftet.

Klimaforkjemparen kom til Norge i privatfly. Bruken har han forklart i BBC: Eg brukar milliardar av dollar på klimainnovasjon.

Norge er ein fantastisk partnar for Gates Foundation

—  Bill Gates

Bestefar med framtidsvon

Bill Gates er nett blitt noko han aldri har vore, bestefar. Han har lenge trudd at verda kan bli ein betre stad. No trur han endå sterkare. For han vil at barnebarnet, og alle andre barn, skal få vekse opp i tryggare kår.

Tre ferske løyvingar frå verdas rikaste veldedige organisasjon, Bill and Melinda Gates Foundation, viser kva Gates prioriterer akkurat no:

  • Nesten 13 milliardar kroner til innsatsen for å utrydde sjukdommen polio. Konkret gjere slutt på polio i Pakistan og Afghanistan, dei to siste landa der viruset er endemisk.
  • Vel 14 milliardar kroner til bønder i sør. Konkret gjere det lettare for fattige bønder å tilpasse seg den globale oppvarminga, jordbruket skal bli meir motstandsdyktig mot tørke, hetebølgjer og flaum.
  • Vel 70 milliardar kroner over fire år til afrikanske land og institusjonar som arbeider med å redusere svolt, sjukdom og fattigdom.
smk

Steinrik på EDB

Bill Gates er statsmannen utan land. Men som er til stades i åtte land - kontora til Gates Foundation ligg på fire kontinent.

Han er filantropen statsleiarar og regjeringssjefar vil snakke med. Han har ros og råd – og milliardar på innerlomma.

Bill Gates er guten som byrja å programmere den gongen alle snakka om EDB; altså elektronisk databehandling. Han er studenten som droppa ut av prestisjeuniversitet Harvard. Han er utviklaren bak programvareselskapet Microsoft som er blitt teknologigiganten Microsoft.

I 2000 stoppa han opp. Han ville bli noko meir. Han var verdas rikaste mann. Saman med kona skipa han Bill and Melinda Gates Foundation. I dag er paret skilt, men står saman om filantropien.

Fattige får mindre

På møterommet på Hotel Continental rettar Bill Gates ryggen i stolen, for så å rette slipset på magen.

– Filantropane reddar ikkje budsjetta som no blir kutta, men deira bidrag er viktige.

Gates snakkar om krigen i Ukraina som påverkar alt og alle. Regjeringar slusar milliardar til krigsmateriell, til straumstøtte og til flyktningar. Taparen blir verdas aller fattigaste, som også er hardt ramma av klimakrisa.

For eit budsjett blir barbert i land etter land, ikkje berre i Norge: bistandsbudsjettet.

Ber milliardærar om å gje

I 2010 stoppa Bill Gates opp på nytt. Fleire burde gjere som han. Gjev vekk milliardar, med glede.

Saman med suksessinvestoren Warren Buffett rulla dei ut kampanjen Giving Pledge.

– Eg inviterer ikkje milliardærar til å gje til mitt arbeid. Eg ønskjer berre at dei skal love å gje vekk pengar.

Gates og Buffet ber milliardærane gjere to ting: Gå ut offentleg og kunngjere at dei vil gje vekk minst halvparten av formuane.

Dei kan gjere medan dei fram lever, eller når dei har stega ut av tida.

På Forbes’ siste liste over milliardærar, i dollar, har økonomimagasinet talt opp heile 2.668 menn og kvinner.

Eg inviterer ikkje milliardærar til å gje til mitt arbeid. Eg ønskjer berre at dei skal love å gje vekk pengar

—  Bill Gates

Fire norske i gåveklubb

Mellom dei som har følgt oppmodinga frå Gates, er fire norske. Anne Grete Eidsvig og Kjell Inge Røkke gjekk inn den eksklusive klubben i 2017, Nicolai and Katja Tangen i 2019.

Eidsvig og Røkke blei skilt i 2020, og i fjor flytta Røkke til Sveits for å spare formuesskatt.

Tangen blei sjef i Oljefondet i 2020, og avvikla eigarskapet i milliardfondet han bygde opp, AKO Capital.

På møterommet på Hotel Continental meiner Bill Gates at det er plass til fleire norske i Giving Pledge.

Kapitals liste over Norges 400 rikaste er det berre milliardærar. Røkke ligg på sjuande plass med 45,3 milliardar, oljefondsjef Tangen på 34. plass med 8,4.

rik

Ønskjer å bli fattigare

Sjølv har Gates ramla ned på fjerdeplass på Bloombergs rikingliste. På verdstoppen ruvar Bernard Arnault, grunnleggjar og konsernsjef i LVMH Moët Hennessy Louis Vuitton, verdas største luksusvareselskap.

Han har ikkje signert Giving Pledge. Likevel deler han. Arnault har kunngjort at selskapet hans vil gje 100 millionar euro til gjenoppbygging av katedralen Notre Dame i Paris, som brann ned i 2019.

Sjølv seier Gates at han i åra som kjem vil falle på rikinglista. Han har tru på rause overføringar til stiftinga i minst 25 år til.

– I dag blir dei eldre eldre, dei lever til nesten 100.

Sjølv er Bill Gates 67. Formuen hans er kalkulert til godt over 1.000 milliardar kroner. Norges oljefond passerer snart 14.000 milliardar kroner.

---

Bill Gates

  • Bill Gates er amerikansk forretningsmann og filantrop som saman med Paul Allen grunnla programvareselskapet Microsoft i 1975.
  • Selskapet utvikla programvare for PC-ar, er i dag eit av verdas største teknologiselskap.
  • Skipa saman med kona stiftinga Bill & Melinda Gates Foundation i 2000 - paret blei skilt i 2021.
  • Stiftinga arbeider særleg med helse og reduksjon av fattigdom i utviklingsland. I seinare år har Gates også engasjert seg i klimaspørsmål.
  • Stiftinga er mellom verda største humanitære, har delt ut rundt 800 milliardar kroner sidan 2000.

---



Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Nyheter