Nyheter

Den dårlegaste målinga i historia for Ap på TV 2

Arbeidarpartiet får den lågaste oppslutninga nokosinne på ei Kantar-måling for TV 2 med berre 16,9 prosent, ein tilbakegang på 2,6 prosentpoeng frå januar.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) erkjenner at dette ikkje held mål.

– Nei, det er dårlege tal. Eg kan berre gjenta at vi står i ei krevjande tid. Vi treffer mange nordmenn i kvardagen deira. For meg er det avgjerande at vi klarer å jobbe oss ut av denne tida og får kontroll på prisar både på straum og mat og inflasjon. Så håpar eg at vi skal få tillit når vi får resultat av det, seier Støre til TV 2.

Regjeringspartnar Senterpartiet går fram for andre måling på rad, frå 6,2 prosent i januar til 7,4 prosent i februar. Sosialistisk Venstreparti kan gle seg over ei måling på 10 prosent, noko som er ein oppgang på 1,3 prosentpoeng frå januar.

Likevel gir mandatberekninga høgresida fleirtal på målinga med 87 mandat.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter