Nyheter

Noreg sender stridsvogner: – Vil gje Ukraina ein kvalitativ overlegenheit

KRIG: Oberstløytnant Palle Ydstebø seier vestlege stridsvogner er den siste og viktigaste delen av det Ukraina har bede om sidan mars i fjor.

Noreg sluttar seg til rekka av europeiske land som gjev stridsvogner til Ukraina. Det stadfestar forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) til NRK.

– Dess betre og dess fleire stridsvogner Ukraina har, dei større sjanse har dei til å tvinga russarane ut og frigjera landet sitt, seier Palle Ydstebø til Vårt Land.

Ydstebø er oberstløytnant og hovudlærar ved Krigsskulen. Han peiker på stridsvognene sine styrker i krig.

– Stridsvognene er effektive både offensivt og defensivt, med svært høg eldkraft. Dei er typisk brukt til å trenga djupt inn i fiendens forsvarsliner.

USA og Tyskland sender stridsvogner

Det er førebels ikkje klart kor mange stridsvogner Norge vil senda eller når dei vil vera på plass i Ukraina.

Ifølge internasjonale medium skal dei norske stridsvognene inn i ein felles bataljon med tilsvarande stridsvogner frå andre land.

Onsdag stadfesta både Tyskland og USA at dei vil senda stridsvogner til Ukraina. Tyskland sender 14 Leopard 2-stridsvogner, medan USA vil senda 31 Abrams-stridsvogner.

Fleire europeiske land har tidlegare varsla at dei ønsker å senda Leopard-stridsvogner, men har venta på klarsignal frå Tyskland.

Frå før er det klart at Storbritannia gjev Challenger-stridsvogner.

Ikkje overraska over at Noreg sender stridsvogner

Palle Ydstebø seier Ukraina no kan setta opp større militære avdelingar med vestleg materiell.

– Det vil gje Ukraina ein kvalitativ overlegenheit i høve til russarane, seier Ydstebø.

Han er ikkje overraska over at Noreg sender stridsvogner til Ukraina.

– Stridsvogner er den siste og viktigaste delen av det Ukraina har bede om sidan mars i fjor.

Russland som atom-makt

Ekspertane er delte i kva vestlege stridsvogner i Ukraina vil kunne få av konsekvensar. Nupi-forskar Julie Wilhelmsen seier til NTB at det er eit sannsynleg scenario av Kreml no vil eskalera krigen.

Ei eskalering kan ta ulike former, meiner Wilhelmsen, og peiker på framleis eller aukande «terrorbombing», opprusting og mobilisering. Og: Atomvåpen.

– Dei kan potensielt ty til taktiske atomvåpen, slik det alt har blitt diskutert tidlegare i denne krigen. Denne type eskalering vil gjera dette til ein langdryg krig med enorme ukrainske tap, seier ho til NTB.

Palle Ydstebø meiner på si side at å sende stridsvogner ikkje aukar risikoen for at Russland vil svara med å bruka atomvåpen.

– Russland har ingenting å vinna på å bruka atomvåpen. Om det finst raude linjer i denne krigen, så går dei nok ved bruk av atomvåpen, seier han.

– Dette er ikkje ein eskalering av krigen

Ydstebø seier han no reknar med at Russland trener opp nye soldatar frå president Vladimir Putins store mobilisering i haust. Dei vil bli sendt i krigen dei kommande månadane.

– Eg er usikker på om Russland kjem til å ha ei ny massemobilisering, sidan den førre møtte stor motstand internt. Samstundes må det kanskje til om dei vil halda på landområda dei har teke.

– Er dette ein eskalering av krigen?

– Nei, ikkje i det heile. Krigen vart eskalert då Russland invaderte Ukraina igjen i februar i fjor. At Ukraina får stridsvogner vil gje ei kvalitetsforbetring av dei ukrainske styrkane.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter