Flyktning blir tvinga til å bruke opp fersk formue
TRYGDEAVGIFT: Flyktning frå Etiopia får betalt tilbake over ein kvart million kroner frå Skatteetaten. Dermed mistar ho Nav-støtte og blir pålagt å tære på den nye formuen.
FERSK FORMUE: Ein flyktning får over ein kvart million kroner frå Skatteetaten, pengar ho ikkje skulle betalt inn i trygdeavgift i åra 2002-2011. Ho må bruke opp formuen før ho på nytt kan søkje om supplerande stønad.(Foto: Erlend Aas/NTB)
– Ho fekk beskjed frå Nav om at ho mista den supplerande stønaden frå og med 1. januar. No må ho leve på formuen, altså pengane ho fekk betalt tilbake frå Skatteetaten, fortel personen som hjelpte flyktningen med å fremje kravet om å få refundert innbetalt trygdeavgift.
Både hjelparen og flyktningen vil vere anonyme. Vårt Land kjenner identiteten deira.
Dei ureturnerbare, dei med endeleg avslag på asylsøknaden – såkalla «papirlause» – har lenge skapt overskrifter. Les tidslina nedst i denne artikkelen.
Bestill abonnement her
KJØP