Nyheter

Redda opp av havet – vil ikkje til Norge

ASYLSØKJARAR: EU pressa på, og Støre-regjeringa sa ja til å ta 20 flyktningar som blei redda av norsk båt i Middelhavet til Norge. Men ingen vil reise hit til landet.

Ein etter ein fekk dei gå om bord i redningsbåten. Den farefulle båtreisa frå Nord-Afrika var over. No skulle dei få komme til målet for reisa, Europa.

I oktober plukka det norske skipet Ocean Viking opp 234 menn, kvinner og barn – frå havet.

Den franske hjelpeorganisasjonen SOS Méditerranée, som opererer Ocean Viking, ville gå til hamn i Italia for å setje flokken i land.

Då blei dei kasteballar i spelet mellom middelhavsland som ikkje ønskjer fleire flyktningar og migrantar.

Italias regjering nekta bestemt å tilby ein kai. Same svar kom frå Hellas, Kypros og Malta. Etter veker på havet enda den diplomatiske krangelen med at Frankrike sa ja til å la Ocean Viking gå til hamnebyen Toulon.

UD: Norge tek 20

Då starta neste runde i spelet. Frankrike meinte Norge burde avlaste landet med å ta i mot ei gruppe. Ocean Viking er trass alt eit norskeigd skip.

Tautrekkinga gav resultat. 19. november kunngjorde statssekretær Eivind Vad Petersson (Ap) i Utenriksdepartementet (UD), via TV 2, at Norge budde seg:

«Regjeringa har besluttet at Norge skal tilby relokalisering fra skipet Ocean Viking», sa han. Og skunda seg å leggje til:

«Norge har ikke et ansvar etter menneskerettskonvensjonene eller havretten for personer som tas om bord i private norskflaggede skip i Middelhavet.»

Det norskregistrerte redningsskipet Ocean Viking fikk fredag legge til kai i Toulon i Frankrike. Foto: AP / NTB

Nei til mindreårige

Tredje runde om dei Ocean Viking redda frå å drukne, starta med ein e-post frå det franske innanriksdepartementet til Justisdepartementet i Norge, to dagar etter kunngjeringa frå UD:

«På vegner av det franske innanriksdepartementet vil eg uttrykkje vår takksemd for dykkar reaksjon og støtte i denne presserande saka», skriv Christine Piltant, nestleiar i Asyldirektoratet.

I Justisdepartementet svarar avdelingsdirektør Siw Skjold Lexau at Norge har nokre kriterium når Frankrike skal velje ut dei 20 som skal få komme til Norge:

  • Dei må vere reelle asylsøkjarar som har krav på vern.
  • Dei må komme frå Syria, Somalia, Jemen, Eritrea, Tyrkia eller vere statslause.
  • Einslege, mindreårige asylsøkjarar er utelukka frå overføring, for Norge vil «unngå å oppmuntre til denne spesielle migrasjonen».

Dessverre, til dags dato, har ingen kandidat uttrykt ønskje om å flytte til dykkar vakre land

—  Sylvie Bergier-Diallo, avdelingsleiar i Frankrikes Innanriksdepartementet

Støre-regjeringa avviser andre flyktningar

E-postar går att og fram mellom Paris og Oslo. I ein spør det franske Innanriksdepartementet om Norge kan relokalisere andre enn dei som kom i land frå Ocean Viking.

Svaret kjem prompte frå Utlendingsdirektoratet (UDI) i Norge: Nei.

For: Justisdepartementet har instruert UDI til berre å ta 20 reelle asylsøkjarar frå Ocean Viking. Paris aksepterer svaret og byrjar å sile ut dei som kan vere aktuelle for ein einvegsbillett til Norge.

faksil

Null interesse for Norge

Etter purringar frå UDI, som etterspør framdrift i utveljingsarbeidet, dumpar det inn ein e-post frå Frankrike i desember:

«Me held fram vår overtydande innsats. Men dessverre, til dags dato, har ingen kandidat uttrykt ønskje om å flytte til dykkar vakre land», skriv Sylvie Bergier-Diallo, leiar i samarbeidsavdelinga i Innanriksdepartementet.

Ho avsluttar e-posten med eit spørsmål til UDIs ansvarlege: «Kan eg be deg sende oss ei brosjyre som presenterer Norge? Kanskje dette vil oppmuntre nokon?»

Sylvie Bergier-Diallo får UDIs standard, natur- og miljøfotolause Norges-presentasjon i retur.

faks


Ingen motiverte

Når Vårt Land denne veka spør UDI om nokre frå Ocean Viking har bestemt seg for Norge, er svaret nei:

«Status er fortsatt at vi ikke har fått noen liste over kandidatar fra Frankrike. Vi har ikke noe å tilføye til dialogen med franske myndigheter», melder direktoratet.

234 flyktningar og migrantar sit framleis i Toulon.

Tek 200 frå EU

Dei 20 som kanskje vel å reise til Norge, kjem på den årlege kvoten for overføringsflyktningar. I år er ho på 2.000.

I det stille har regjeringa slutta seg til det som heiter EUs mellombelse solidaritetsmekanisme for middelhavslanda:

Norge skal avlaste europeiske land som er «særleg berørt av migrasjonen over Middelhavet», skriv Justisdepartementet i ein instruks som blei sendt til Utlendingsdirektoratet og Politidirektoratet rett før jul.

Avtalen Norge har gjort med EU omfattar flyktningar som kjem til Italia, Hellas og Kypros. Regjeringa seier at Norge kan ta inntil 200 personar som er reelle asylsøkjarar, som er einslege mødre, kvinner, barnefamiliar og personar med band til Norge.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp). Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

---

Relokalisering

  • EUs mellombelse solidaritetsmekanisme (Solidaritetsfråsegna) skal relokalisere 8.300 flyktningar frå Spania, Italia, Malta, Hellas og Kypros til andre land i Europa.
  • Dei fordelar seg slik: Tyskland (3.500), Frankrike (3.000), Portugal (350), Irland (350), Romania (385), Norge (200), Bulgaria (179), Finland (175), Belgia (100), Kroatia (60), Luxembourg (50), Island (20), Litauen (20).
  • Norges avtale går ut i juni i år.

---

Ingen kopling til frivillig redning

Dei 20 frå Frankrike er ikkje ein del av relokaliseringsavtalen, men eit unntakstilfelle.

Departementet til justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) presiserer i instruksen at det er «et premiss at det skal unngås en kobling til «Search and Rescue» (SAR) i regi av NGO-fartøy og relokaliseringen». Les: Hjelpeorganisasjonar skal ikkje få sendt flyktningar til Norge berre fordi dei blir plukka opp av eit norsk skip.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter