Nyheter

Vil inspirera Stovner-ungdom til jobb

UTANFORSKAP: I Oslo lever 18.000 unge vaksne utan arbeid, utdanning eller trygd. I bydelen Stovner tyr jobbsenter til TikTok for å hjelpa unge med å skaffa seg jobb.

18.000 menneske. Så mange bur det i Kongsvinger. Det er også talet på unge vaksne som lever utan arbeid, utdanning eller trygd i Oslo.

No slår Oslo-byråd Rina Mariann Hansen (Ap) alarm.

– Dette er veldig alvorlege tal. Kva hadde ein gjort på nasjonalt nivå om heile Kongsvinger stod utan jobb? Me hadde jo sett i sving alle ressursar, seier Hansen.

Ho er byråd for arbeid, integrering og sosiale tenester i hovudstaden.

t

Oslo kommune har henta ut tal frå Nav som viser at i 2021 var til saman 45.000 byborgarar mellom 20 og 66 år utanfor både arbeid, utdanning og trygdesystemet. Av dei er 18.000 mellom 20 og 29 år. Dette kallar byråden «dei mest bekymringsfulle tala».

– Eg trur dette har gått litt under radaren. Å få desse tala har vore ein vekkar for oss.

På jakt etter ungdommar i utanforskap

Rina Mariann Hansen peiker på at unge som startar vaksenlivet utan jobb, har større problem med å koma i arbeid seinare.

– Ein grunn til at dei går under radaren, er kanskje at desse folka ikkje nødvendigvis har vore ein kostnad for samfunnet. Dei har ikkje motteke ytingar, dei slår ikkje ut på trygdebudsjettet. Ikkje enno.

Oslo kommune har starta ei jakt på desse ungdommane. I verktøykassen har dei både populære mobil-appar og godt, gammaldags oppsøkande arbeid.

– Det me veit, er at mange av dei bur i bydelar med store levekårsutfordringar og at mange av dei har ikkje fullført vidaregåande. Me veit lite utover det. Me treng meir kunnskap, derfor har me sett i gang dette arbeidet, seier Hansen.

Eg trur dette handler om klasse vel så mykje som innvandring

—  Rina Mariann Hansen, Oslo-byråd

Når ut til unge på Stovner

19 år gamle Kathrine Hassanieh smiler medan ho viser Vårt Land ein videosnutt av seg sjølv. I videoen gjev ho tre tips for korleis gjera ein god figur under jobbintervju.

– Målet er at unge skal få ein god søknad og CV så dei kan få jobbane dei har lyst på.

Ho er ung-ambassadør på Stovner, og prøver å få unge til å koma til jobbsenteret i bydelen.

Stovner er ein av bydelane med høgast prosentdel unge utan trygd, arbeid og utdanning. For å nå ut til unge tyr jobbsenteret både til videodeling-appen TikTok og chattetenesta Discord.

– Eg er så heldig at eg er oppvaksen og har budd på Stovner heile livet. Det gjer at mange kjenner meg og stoler på meg.

Det seier Oussama Sealiti, som er blant dei tilsette på jobbsenteret. 22-åringen pleier å finna fram ledige jobbar som han kan visa fram til dei som kjem innom.

Jobbsenter for unge

På jobbsenteret kan unge få hjelp til å polera jobbsøknaden, øva seg på jobbintervju eller ta kurs som barista eller truckførar.

Store variasjonar mellom bydelane

Kor mange unge som hamnar utanfor, varierer stort mellom bydelane i Oslo. Tala frå Oslo kommune viser at prosenten unge utan trygd, arbeid og utdanning varierer frå 11 til 24 prosent.

  • På topp er dei sentrumsnære bydelane Grünerløkka, Sagene og St. Hanshaugen. I desse bydelane er berre rundt 11 prosent av dei mellom 20 og 29 år utan arbeid, trygd og utdanning.
  • På botn er Søndre Nordstrand i sør og Stovner i nordaust, der er prosenten rundt 24. Her lever altså ein av fire unge i slikt utanforskap.
g

Også i den meir velståande bydelen Vestre Aker på vestkanten er 21 prosent av unge utan arbeid, trygd og utdanning.

Ber arbeidsgjevarar ta ein sjanse

Iselin Glover er prosjektleiar for jobbsenteret på Stovner. Ho seier at dei unge på statistikken ikkje er heilt ukjente for det offentlege.

– Me veit sannsynlegvis kven dei er, men ikkje kva dei gjer på no. Det er sikkert unge som har vore innom offentlege tenester tidlegare.

Ho trur nokon av dei som fell utanfor kan ha problem med den psykiske helsa, og at fleire kan ha fått det verre under pandemien. Ho har ei klar oppmoding til arbeidsgjevarane:

– Det er mange flinke og ressurssterke ungdommar. Arbeidsgjevarar må ta sin del av samfunnsansvaret og tora å ta sjansen på unge så dei får sin første jobb.

Jobbsenter for unge

I alle 15 bydelar i Oslo blir det no testa ut nye modellar for oppsøkende tiltak retta mot ungdom som ikkje er i utdanning eller arbeid.

Nokre døme er eit nyoppretta jobbsenter i bydel Alna og jobbmesser der ungdom får møta lokale arbeidsgjevarar. Utekontaktar kan bli med ungdom til Nav-kontoret, eller arrangera møte mellom Nav og ungdommar ute på kafé.

Fleire bydelar jobbar også oppsøkande på digitale plattformer, slik som Stovner jobbsenter.

Eit klasseskilje i tillit

I mange av bydelane der unge lever i utanforskap, har også ein stor del av befolkninga innvandrarbakgrunn.

– Dette er mest av alt bydelar med mykje sosiale utfordringar. Eg trur dette handlar om klasse vel så mykje som innvandring. Det handlar om folk som ikkje har fullført vidaregåande, seier byråd Rina Mariann Hansen.

Ho ser eit klasseskilje i ungdoms tillit til det offentlege.

– Ungdom som bur i område med store levekårsutfordringar, har lågare tillit til det offentlege enn ungdom i dei meir ressurssterke delane av Oslo, seier Hansen.

– Ap har styrt byen sidan 2015. Har de svikta desse unge vaksne?

– I første byrådsperiode var det ei erkjenning av at dette er ei stor utfordring. Så har me mista nokre år på grunn av pandemien, for det oppsøkande arbeidet er viktig. Eg trur me hadde komme lenger om me ikkje hadde mista desse åra.

---

Unge som fell utanfor

  • Oslo kommune har henta ut tal frå Nav som viser at i 2021 var til saman 45.000 byborgarar mellom 20 og 66 år utanfor både arbeid, utdanning og trygdesystemet.
  • Av dei er 18.000 mellom 20 og 29 år.
  • Det er stor variasjon i tala. Prosenten unge utan trygd, arbeid og utdanning varierer frå 11 til 24 prosent mellom dei ulike bydelane.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter