Gler seg over Israels nye regjering
VESTBREIDDA: Ringreven Benjamin Netanyahu klarar å skipe regjering, som vil styrkje kontrollen over Vestbreidda. Norske Israels-vener har samla inn nesten 20 millionar kroner på ti år. Mykje blir gjeve til busetjarar på Vestbreidda.
GÅVE: Med Bibelen under armen gav leiar John Skåland (t.h.) i Karmel-Instituttet éin million kroner til nybyggjaraleiar Motti Isaak i busetjinga Ma´ale Efraim i mai 2017. Pengane var samla inn i Norge som ei solidaritetsgåve.
Karmel Israel-Nytt
– Me brukar ikkje det ordet. Hjå oss heiter det Judea og Samaria.
John Skåland omtalar aldri områda vest for Jordanelva som Vestbreidda. For leiaren i den kristne organisasjonen Karmel-Instituttet er berre dei bibelske namna Judea og Samaria gangbare. Israel skal ha kontrollen med områda, slik det står i Bibelen, seier Skåland.
FN og verdssamfunnet på andre sida slår fast at Israel okkuperer Vestbreidda, og i eit brev til Stortinget i desember viser utanriksminister Anniken Huitfeldt fram Norges syn: «Vi mener den israelske okkupasjonen må ta slutt. Vi er tydelige i vår kritikk av de folkerettsstridige israelske bosetningene.»