Nyheter

Skal vere eit kristent land

DANSK LOVNAD: Støre-regjeringa snakkar om kristen arv. Sveriges regjering seier ikkje eit ord om livssyn i si erklæring. «Danmark er eit kristent land», slår den nye regjeringa fast. Vil verne «det danske», seier religionsforskar.

Norge, Sverige og Danmark har alle fått nye samarbeidsregjeringar – og med det politiske plattformer som seier kva fundament regjeringane skal stå på.

Sist ut er Danmark. Her held sosialdemokratiske Mette Frederiksen fram som statsminister, men byter ut to raude samarbeidsparti og eit liberalt. Konservative Venstre og sentrumspartiet Moderaterne går inn i regjeringa etter seige forhandlingar etter valet tidleg i november.

«Over-midten-regjeringa», som samarbeidsregjeringar heiter i Danmark, har lagt fram plattforma Ansvar for Danmark. Her rullar den raudlillablå regjeringa ut den overordna trus- og livssynspolitikken:

«Danmark er et kristent land, og den danske evangelisk-lutherske kirke indtager en særstatus som folkekirke. Denne særstatus vil regeringen bevare. Vi ønsker en folkekirke, som bygger på frihed, lighed og rummelighed. Samtidig er det afgørende for regeringen, at der skal være frihed til at tro på det, man vil, så længe det sker med fuld respekt for andres ret til det samme.»

Religion i partiprogram

– Kva meiner den nye regjeringa med at «Danmark er eit kristent land», Lene Kühle?

– Akkurat det er noko uklart, svarar professoren ved Aarhus Universitet.

Religionssosiologen Kühle forskar særleg på møter mellom samfunnsinstitusjonar og religion. Mellom institusjonane er Danmarks politiske parti.

– Eg ser at kyrkje og religion finn plass i stadig fleire partiprogram. Difor er det på sett vis naturleg at emnet blir via plass i ei politisk plattform.

folk

Bevare «det danske»

Professor Kühle forklarar at utsegna «Danmark er eit kristent land» kan ein forstå på fleire måtar:

  • Regjeringa til statsminister Mette Frederiksen vil seie noko om kven danskane er; «me er dei me er».
  • Vil understreke at sjølv om Danmark er blitt ein multikulturell nasjon, vil ein bevare «det danske»; at dansk kultur byggjer på kristne verdiar.
  • Vil halde på folkekyrkjas særstatus. Nesten tre av fire danskar er medlem i Folkekirken.

Socialdemokratiet ikkje antireligiøse

Dagens danske regjeringssjef, Mette Frederiksen, blei statsminister første gong i 2019. Mindretalsregjeringa hadde politisk støtte frå to raude parti, Enhedslisten og Socialistisk Folkeparti (SF) og eit liberalt, De Radikale.

I styringsdokumentet Retfærdig retning for Danmark stod det ikkje eitt ord om kristent land og folkekyrkja.

– Korkje Socialdemokratiet eller SF er antireligiøse. Fleire prestar har representert partia i Folketinget. Men den ferske politiske plattforma viser at Socialdemokratiet tek viktige steg når det kjem til det å anerkjenne religionens plass i samfunnet, seier professor Lene Kühle.

Socialdemokratiet er det danske Arbeidarpartiet.

Korkje Socialdemokratiet eller SF er antireligiøse

—  Lene Kühle, professor og religionssosiolog

---

Dansk regjering

  • Danmark fekk onsdag ny regjering. Valet på nytt Folketing var 1. november.
  • Statsminister Mette Frederiksen frå Socialdemokratiet har forhandla fram ei ny regjeringsplattform saman med partileiarkollegane Jakob Ellemann-Jensen (Venstre) og Lars Løkke Rasmussen (Moderaterne).
  • Lars Løkke Rasmussen har vore statsminister i Danmark og leiar i Venstre.

---

Moderaternas Ulf Kristersson (andre f.v.) ble Sveriges nye statsminister i 2022, i regjering med Kristdemokraternas Ebba Busch og Liberalernas Johan Pehrson, samt med støtte fra Sverigedemokraternas Jimmie Åkesson (t.v.). Foto: Jonas Ekströmer /TT / NTB

Religionstomt i svensk plattform

Medan danskane valde nytt Folketing i november, valde svenskane ny Riksdag i september. Resultatet gav Sverige ei borgarleg regjering. Ulf Kristersson frå konservative Moderaterna blei ny statsminister. Med seg i regjering fekk han Liberalerna – og Kristdemokraterna.

I oktober blei Tidöavtalet. Överenskommelse för Sverige lagt fram.

Den politiske plattforma omtalar ikkje religion, livssyn eller kyrkje.

Kristen kulturarv i norsk

Etter at norske veljarar sende Solberg-regjeringa på dør i september i fjor, skipa Arbeidarpartiet og Senterpartiet ei mindretalsregjering månaden etter.

Heller ikkje den norske politiske plattforma, Hurdalsplattformen, går så langt som den nye danske.

Under overskrifta Kulturarven skal løftast fram peikar Støre-regjeringa på kristen kulturarv:

«Kulturarvsektoren er ein sentral del av kulturpolitikken. Regjeringa vil bidra til å samle og koordinere sektoren, støtte den frivillige innsatsen, som er heilt avgjerande på feltet, og løfte fram vår kristne og humanistiske kulturarv.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter