– Foreldre eg snakkar med, fortel at dei ikkje har råd til å ta med ungane på ferie eller kjøpa ting barna ønsker seg.
Barbro Schmedling står omkransa av glorete lys og store reklameplakatar på kjøpesenteret på Lambertseter i Oslo. I ein glasmonter ligg innpakka julepresangar til dei som ikkje har råd til å delta i kjøpefesten.
– Denne kjem til å bli fylt opp av gåver no i tida før jul, seier Barbro Schmedling, som er sokneprest i Lambertseter.
Når ikkje folket kjem til kyrkja for å høyra Guds ord, så trengs kanskje Guds ord vel så mykje på kjøpesenteret
— Sokneprest Barbro Schmedling
Må sjekka alle gåver
Tradisjonen tru samlar Lambertseter kyrkjelyd inn gåver til barn i adventstida. Innsamlinga skjer i samarbeid med Frivilligsentralen, Kirkens Bymisjon og kjøpesenteret.
På pakkene står det kjønn og alder på den tenkte mottakaren. Frivillige opnar alle pakker for å sjekka at dette er nye og ordentlege gåver.

– Nokon tømmer den gamle leikekassen til ungane sine og gjev vekk gamle leiker. Det er bra med gjenbruk, men me vil gjerne at også barn som har det vanskeleg, skal få noko nytt til jul, seier Barbro Schmedling.
Gåvene blir delt ut av på Myrsnipa Samværssted, som er driven av Kirkens Bymisjon. Her møtes barn og foreldre i vanskelege livssituasjonar. Det kan vera familiar der foreldre er i fengsel, slit med rus eller er i konflikt i barnefordelingssaker.
Held julegudsteneste på kjøpesenter
Rett ved glasmonteren med julegåver er ein liten open plass mellom alle butikkane. Her skal det riggast opp alter og stolar til gudsteneste 11. desember.
– Når ikkje folket kjem til kyrkja for å høyra Guds ord, så trengst kanskje Guds ord vel så mykje på kjøpesenteret, seier sokneprest Barbro Schmedling.
Ho håpar at den tradisjonsrike kjøpesentergudstenesta vil gjera at monteren fyllest opp med gåver til dei barna som treng det mest.
Store forskjellar i Oslo-bydel
Dyrtid og prissjokk er ord som pregar 2022. Som sokneprest kjem Barbro Schmedling tett på foreldre som slit i møte med stigande prisar.
– Eg ser spesielt at einslege foreldre slit. Det er forferdeleg for foreldre å ikkje ha råd til å gje barna sine det andre barn får.
Ho er sokneprest på Lambertseter, som er Noregs første drabantby og ligg søraust i Oslo.
– Her er ein samansett befolkning. Det er mykje naud og psykiatri og folk som slit økonomisk. Samstundes begynner det å bli veldig trendy her, med høge bustadprisar.

Tal frå Bufdir viser at over 14 prosent av barna på Lambertseter lever i hushald med vedvarande låginntekt.
Lambertseter ein del av bydelen Nordstrand, som også inneheld meir velståande område som Bekkelaget. Der er berre 4 prosent av barna i hushald med vedvarande låginntekt.
– Det er kort avstand her til meir velståande område, men det er stor avstand i velstand. Det er så forskjellig at du ikkje skulle tru det var same område.
Det er kort avstand her til meir velståande område, men det er stor avstand i velstand
— Barbro Schmedling, sogneprest
Barbro Schmedling er bekymra for dei aukande forskjellane i samfunnet.
– Auka forskjellar går mot ideala frå etterkrigstida om likskap og samhald. Og så ser eg at no når me skal stramma inn, så tek me frå dei som har minst frå før. Det er veldig ukristeleg.