Nyheter

Sender rakettvåpen for 280 millionar til Ukraina

HARDE PAKKAR: Ukraina ønskjer rause våpendonasjonar. Norge kjøper inn rakettvåpen for godt over ein kvart milliard kroner. Krigen skaper høg aktivitet i våpensmier i Norge og Aust-Europa.

Innkjøpet blir presentert i det salderte statsbudsjettet som Støre-regjeringa la fram førre fredag. Her melder forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) at regjeringa har omdisponert kroner på årets budsjett for å kjøpe inn to våpen som skal donerast til Ukrainas hær:

  • M72, eit skulderfyrt eingongsvåpen som særleg blir brukt mot pansra kjøretøy.
  • M141 ein enkeltskot, skulderfyrt rakettkastar, blir brukt mot tyngre panser.

«Det ukrainske forsvaret har stort behov for denne typen våpen», melder Forsvarsdepartementet (FD) i budsjettproposisjonen.

Kjøper av statseigd produsent

Støre-regjeringa blar opp 280 millionar kroner til innkjøpet. FD skriv at midla «skal nyttast til å kjøpe desse våpena frå produsent».

Våpena blir kjøpt frå produsenten Nammo, opplyser departementet til Vårt Land.

Forsvarsselskapet Nammo er 50-50 eigd av den norske stat og forsvarsselskapet Patria frå Finland. Patria er eigd av den finske staten, 50,1 prosent, og det norske forsvarsselskapet Kongsberg, 49,9 prosent. Den norske staten eig 50 prosent av Kongsberg.

Betalar høg pris

I budsjettproposisjonen frå forsvarsminister Grams departement, forklarar regjeringa den siste rakettvåpendonasjonen og tidlegare våpendonasjonar med at «vi står overfor ei grunnleggjande og alvorleg rivalisering om verdiar og verdssyn. Krigen i Ukraina er ein del av dette biletet».

Forsvarsministeren understrekar at «Ukraina betalar ein høg pris for å stå imot den russiske aggresjonen, både materielt og menneskeleg. Så lenge Ukraina er villig til å kjempa for fridommen sin, må vi støtta dei».

Enorm etterspurnad etter norsk ammunisjon

Våpena Norge no gjev til Ukraina blir produserte ved Nammos anlegg i Norge og USA, opplyser pressekontakt Thorstein Korsvold i Nammo til Vårt Land.

Nammo kjøpte i 2007 den amerikanske våpenprodusenten Talley for å få tilgang til ein større marknad. Krigen i Ukraina og tryggingstilhøva har skapt stor etterspurnad etter Nammos produkt, opplyser Korsvold.

– Etterspurnaden har aldri vore høgare, sjølv ikkje under den kalde krigen.

Etterspurnaden har aldri vore høgare, sjølv ikkje under den kalde krigen.

—  Thorstein Korsvold, Nammo

Nammo har eit produksjonsanlegg i Norge, på Raufoss, og åtte i utlandet, og er dermed ein stor ammunisjonsprodusent.

stat

Polsk selskap skal vekse

Nammo er ikkje åleine om å ha fulle ordrebøker. I våpensmiene i særleg Aust-Europa blir det produsert natt og dag, melder nyhendebyrået Reuters.

Både Polen og Tsjekkia er inne på ti-på-topp-lista over land som leverer våpen til Ukraina. USA og Storbritannia toppar med Polen på tredjeplass, viser ei tysk kartlegging.

Det polske, statseigde forsvarskonsernet PGZ kontrollerer heile 50 selskap som alle leverer våpen, ammunisjon og anna militært materiell. PGZ skal investere opp mot 20 milliardar kroner i våpensmier det neste tiåret.

Nest største våpensmie

Gamle Tsjekkoslovakia var nest største våpenprodusent i den gamle Warszawapakta, Natos sovjetkontrollerte motpart. No lagar Tsjekkias våpenkonsern materiell som blir sendt til Ukraina i strie straumar.

Verdien på dei tsjekkiske leveransane har passert 20 milliardar kroner.

– For den tsjekkisk forsvarsindustrien gjev Ukraina-konflikten, og hjelpa ho utløyser, eit løft me ikkje har sett dei siste 30 åra, fortel landets viseforsvarsminister Tomas Kopecny til Reuters.

Tsjekkoslovakia blei delt i nasjonane Tsjekkia og Slovakia 1. januar 1993.

---

Krigen i Ukraina

  • Russland invaderte nabolandet Ukraina 24. februar.
  • I dag er krigen konsentrert til område aust i Ukraina.
  • Norge og Nato yter militær støtte til Ukraina i form av donasjonar av våpen og militært utstyr, mykje blir henta frå nasjonale lager eller kjøpt inn frå produsentar og sendt til Ukraina.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter