Nyheter

Dei skal henta 70 flyktningar frå Ukraina

HJELP: Åtte frivillige reiser frå innlandet i Agder til Polen for å hjelpa ukrainske flyktningar. Håpet er å gje 70 menneske ei trygg jul i Noreg.

– Me kallar dette prosjektet for ein adventstur. Me vil henta ukrainarar til ei forhåpentlegvis god og trygg jul i Noreg, seier Alf Gunnar Olsen til Vårt Land.

Grytidleg torsdag morgon set han seg i ein buss som skal køyra frå Hægebostad i Agder til Warszawa i Polen. Bussen er lasta med mat og varme klede som skal koma ukrainske flyktningar i Polen til gode.

Tilbake til Noreg skal bussen frakta 70 ukrainarar. Turen vart først omtala av lokalavisa Lister24.

Har fått inn 20 kubikk med varer

– No tek me siste finpuss på bussen. Me har fått inn 20 kubikk med varer, her er alt frå mat til varmt tøy, dyner og 50 soveposar, seier Olsen.

Han og sju andre frivillige er med på bussen, turen er venta å ta fire heile dagar.

t

I Warszawa skal bussen henta 70 ukrainarar frå eit polsk mottak. Ein lokal hjelpeorganisasjon har vald ut kven som skal få reisa til Noreg, fortel Olsen.

Bussturen er arrangert av Hægebostad kyrkjelyd og Vågsbygd Frikirke.

Fleire flyktningar bur no i Hægebostad

Olsen er til vanleg ambulansearbeidar. Han var med på ein liknande tur i påsken.

– Då hadde bussen med 63 ukrainske flyktningar. Av dei er 12 komne til vår vesle kommune med 1.600 innbyggarar. Dei er fantastiske folk som har styrka kommunen. Fleire er alt i arbeidspraksis.

Han fortel om stor givarglede i lokalsamfunnet.

– Til saman har me fått inn rundt 90.000 kroner. I går kom ein lokal entreprenør med 15.000 kroner ekstra på spleisen, så no har me råd til lugar på ferja på vegen heim. Då får folk sjansen å sova ordentleg ut.

Polen vil kreva betaling frå flyktningar

Tilhøva for ukrainske flyktningar i Polen kan bli tøffare i tida framover. For å spara pengar, planlegg den polske regjeringa å kreva betaling for ukrainarar som bur på polske mottak.

Nyheitsbyrået Reuters har omtala planane, som skal tre i kraft mars neste år. Ukrainarar vil då måtte betala for både mat og overnatting.

– Me er heldige som kan gjera dette

Planen er at Alf Gunnar Olsen og bussen skal vera tilbake i Noreg søndag kveld. Då blir ukrainarane slepte av på mottakssenteret på Råde.

Utlendingsdirektoratet (UDI) anslår at det til neste år vil koma 40.000 flyktningar frå Ukraina.

Til no i år har 33.604 personar frå Ukraina søkt asyl i Noreg. 31.075 har fått innvilga kollektiv vern, ifølgje UDI.

Mange av flyktningane har fått hjelp av frivillige for å koma seg til Noreg.

– Ein kan meina mykje om kva det offentlege har stilt opp med av transport. For meg er det viktige den gleda av å kunne hjelpe nokon. Me er heldige som kan gjera dette, seier Alf Gunnar Olsen.



Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter