Hadde 15 år og 360 dagar i Norge. Fekk ikkje opphald. Mangla fem dagar
URETURNERBARE: Ho vona amnestiet skulle gje henne opphald i Norge. Svaret frå Utlendingsnemnda var nei. Ho mangla fem dagar på å oppfylle 16-årskravet. Lite rom for skjønn, seier justisministeren.
AVSLAG: Kvinna frå Etiopia vona at ho var omfatta av eingongsløysinga som skulle sikre eldre, ureturnerbare asylsøkjarar med endeleg avslag opphald i Norge. Ho fekk avslag.
Erlend Berge
Kvinna dreg hetta over hovudet. Ho vernar seg mot novembersnøen som fell over Oslo. Ho vil også verne identiteten.
Etiopiaren har vore på tysdagssamlinga i ein frivillig organisasjon som gjer det dei kan for å hjelpe eit svært utsett gruppe:
Asylsøkjarar med endeleg avslag som av ulike grunnar ikkje kan vende tilbake til landet dei flykta frå.
Bestill abonnement her
KJØP