Nyheter

Aluminium frå Hydro-anlegg er brukt i seks VM-stadion i Qatar

FOTBALL: Hydro har bygd eit aluminiumsverk i ørkenen i Qatar. 350.000 seter på VM-stadiona er bygd med aluminium frå dette gigant-anlegget.

I helga starta Fotball-VM i Qatar. Under meisterskapen kjem fotballfans frå heile verda til å sitta på klappseter med deler frå eit Norsk Hydro-eigd anlegg i Qatar.

Qatalum er Hydros prestisjeanlegg i Qatar. Norsk Hydro og Qatar Energy eig kvar sin halvpart i anlegget.

– Qatalum leverer topp kvalitet aluminium, seier Emad Izmegna, prosjektleiar ved Coastal Qatar, til Vårt Land.

t

I seks av dei sju nye VM-stadiona er seta produsert av Coastal Qatar, eit bygg- og anleggsselskap basert i hovudstaden Doha.

Emad Izmegna stadfester at seta er laga med råvare-aluminium frå Qatalum. Til saman 255 tonn aluminium er brukt i dei 350.000 seta som er produsert av Coastal Qatar.

Kortreist aluminium

Fire mil sør for Qatars hovudstad Doha, ligg aluminiumsverket Qatalum. Anlegget ligg i ørkenen, der gradestokken kan nærma seg 50 grader.

Anlegget stod ferdig i 2010 som Noregs største industriprosjekt i utlandet. Opninga vart feira på storslått vis, med besøk frå både kronprins Haakon og emiren av Qatar, Hamad bin Khalifa al-Thani.

Aluminiumsverket kosta til saman rundt 33 milliardar kroner i investeringar.

Då Coastal Qatar i 2017 fekk kontrakten med å laga seter til VM-stadion, ville selskapet bruka lokale råvarer.

e

– Målet vårt er å gjera produktet berekraftig og redusera karbonavtrykket vårt, sa Coastal Qatar-sjef Nishad Azeem i eit intervju med Gulf Times i 2017.

Han fortalde at selskapet vil henta aluminiumet til seterammene frå Qatalum. Råvare-aluminium skulle så tilarbeidast av eit anna selskap.

Jobbar i farleg høge temperaturar

Selskapet Coastal Qatar leverer seta til seks av dei sju nybygde VM-stadiona i Qatar:

  • Al-Bayt Stadium
  • Al-Janoub Stadium
  • Ahmad bin Ali Stadium
  • Education City Stadium
  • Lusail Stadium
  • Stadium 974

Stadionet Lusail er hovudarena under Fotball-VM, og skal halda finalen i desember. Fifa skildrar den gylne fasaden som «inspirert av spelet mellom lys og skugge» som eit ekko av «gullalderen for kunst og handverk i den arabiske og islamske verda.»

t

Qatars behandling av sokalla «gjestearbeidarar» har hausta stor kritikk. Rundt 95 prosent av landets befolkning kjem frå utlandet, mange av dei er unge menn som kjem for å utføra tungt fysisk arbeid under tøffe forhold.

Human Rights Watch er mellom organisasjonane som har varsla om kritikkverdige forhold for gjestearbeidarar i Qatar, som arbeid i farleg høge temperaturar, låg eller manglande løn og dårlege buforhold.

Leverer råvarene

Kvart år blir om lag 600.000 tonn aluminium produsert på Hydro-deleigde Qatalum. Dette er råvare-aluminium, som må tilarbeidast for å bli til eit ferdig produkt.

Coastal Qatar kjøper aluminiumsprodukt frå Qalex, som er eit qatarsk selskap som driv vidareforedling av råvarealuminium.

Emad Izmegna, prosjektleiar ved Coastal Qatar, seier til Vårt Land at Qalex får aluminium frå Qatalum.

Vårt Land har kontakta Qatalum, men ikkje fått svar. På Facebook har selskapet lagt ut ein reklame med teksten «Aluminium hjelper Qatar med avsparket til VM, som gjev nasjonen haldbarheit og styrke til å støtta fotballdraumane».

Hydro har ikkje oversikt

Vårt Land har vist presseoppslaget frå 2017 om VM-seta til Hydro, og spurt Hydro om Qatalum har levert andre deler til VM-stadiona.

– Dette er det rett og slett ikkje mogleg for meg å svara konkret på, svarar pressesjef i Hydro, Anders Vindegg via e-post.

Han ber Vårt Land spørja Qatalums kundar om kva dei bruker aluminiumet til.

– Aluminium frå Qatalum kan bli til deler til VM-anlegga, men kan også bli heilt andre produkt som kunden lagar på oppdrag for sine kundar igjen. Den fordelinga har ikkje Hydro, og ikkje Qatalum heller.

r

Den norske staten er største aksjonær i Hydro. Nærings- og fiskeridepartementet eig 34,2 prosent av aksjane.

Ekstrem varme

Teknisk Ukeblad har tidlegare omtala den strabasiøse bygginga av anlegget. Ifølgje tidsskriftet var det på det meste 22.000 arbeidarar i sving då anlegget vart bygd.

Den ekstreme varmen gjorde at skruar ikkje passa inn i stålkonstruksjonar. Eit kjøletårn brann ned.

I dag er det rundt 1.000 tilsette på Qatalum. Anlegget er kopla til eit gasskraftverk som gjev elektrisitet til produksjonen. Høge temperaturar gjer at det trengst store mengder sjøvatn for å kjøla ned anlegga.

---

Qatalum

  • Eit av verdas største aluminiumsverk. Hydro eig halvparten, det qatarske oljeselskapet Qatar Energy eid den andre halvparten.
  • Produserer årleg 600.000 tonn aluminium.
  • Eit gasskraftverk tilknytt anlegget gjev elektrisitet til produksjonen.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter