Nyheter

Varsler permittering: – Svært dramatisk

LAKSESKATT: Oppdrettsgiganten Salmar varslar massepermitteringar og skuldar på forslaget om lakseskatt. – Forslaget må endrast umiddelbart, meiner Sp-ordførar.

– Dette er svært dramatisk for dei tilsette og for heile lokalsamfunnet. Salmar er den største bedrifta me har her, seier ordførar i Senja, Tom Rune Eliseussen, til Vårt Land.

Mandag 14. november 2022 varsla oppdrettsselskapet Salmar permittering av 851 tilsette ved prosesseringsanlegga på Frøya og Senja.

Varselet kjem no som det nærmar seg jul. Det er alt krevjande tider med høgare prisar

—  Tom Rune Eliseussen, ordfører i Senja

Senja-ordførar Eliseussen fortvilar, og peiker på at mange av dei tilsette alt opplever tøffare tider.

– Varselet kjem no som det nærmar seg jul. Det er alt krevjande tider med høgare prisar.

– Eg fryktar dette berre kan vera begynnelsen

Salmar peiker på regjeringas forslag til ny lakseskatt som grunnen til permitteringsvarselet. Selskapet skriv i ei pressemelding at forslaget har «øydelagt marknaden for langsiktige fastpriskontraktar».

Varselet kjem før lakseskatten er innført. Forslaget er no på høyring.

– Er det ikkje tidleg å varsla permitteringar?

– Marknaden er usikker på norsk laks. Næringa får ikkje inngått langsiktige kontraktar. Då får det slike konsekvensar, seier ordførar Tom Rune Eliseussen.

d

Han har markert seg tidlegare som ein kritikar av lakseskatten. Han meiner regjeringa no må endra forslaget.

– Det må gjerast endringar av denne lakseskatten umiddelbart, minst innan veker. Eg fryktar at fleire tusen arbeidsplassar står i fare langs kysten. Eg fryktar dette berre kan vera begynnelsen.

Fleire lakseoppdrettarar har varsla permitteringar etter skatteforslaget. Sist veke varsla både Lerøy og Romsdal Processing permittering av nærare 500 tilsette.

Har hatt Vedum på besøk

Ordføraren frå Senterpartiet har tidlegare hatt finansminister Trygve Slagsvold Vedum på besøk.

– Eg har tett kontakt med Sp-leiinga i denne saka. Eg har vore veldig tydeleg på at det må gjerast endringar i dette forslaget.

Han er mest kritisk til den såkalla normprisen i forslaget. Ifølgje E24 betyr det at lakseskatten skal baserast på normpris med grunnlag i børsprisane, og ikkje faktisk oppnådde prisar.

– Selskapa risikerer å bli skatta for ei inntekt ein ikkje har, meiner Eliseussen.

Sist veke melde Bergens Tidende at auka priser gav Salmar eit driftsresultat på 1,3 milliardar kroner i tredje kvartal, opp frå 748 millionar i tredje kvartal i fjor.



Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter