Venter på gull for grøne skogar

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

– Eg trivst veldig godt i skogen. Eg merker no som eg blir gammal at det er slitsamt. Men det er god trim.

Gunnar Graver følger hjortetråkket innover i skogen. Stega går lett i den bratte skråninga, nedanfor glitrar det i innsjøen Tinnsjå i Telemark.

No kan denne skogen bli ein ekstra pensjon for 73-åringen. Han har meldt inn ein firedel av skogen han eig, til frivillig vern. Det kan gje ein betydeleg sum på konto, mot at han ikkje får driva skogsdrift i området.

Det er over tre år sidan han starta prosessen. Biologar har vore på synfaring i skogen og Statsforvaltaren har laga ein verneplan som har vore ute på høyring.

No ventar Gunnar Graver på at staten skal senda han ein kontrakt på det dei er blitt einige om. Han har venta i over sju månader.

– Det har vore ein treg materie, dette, sukkar han.

Ein for stor suksess

Gunnar Graver er ikkje åleine om å venta. For ordninga med frivillig vern har blitt ein litt for stor suksess.

Sidan 2004 har staten betalt ut rundt 3,3 milliardar i erstatning for frivillig skogvern.

Skogeigarforbundet melder om stor pågang frå grunneigarar som vil verna skogen, medan pengesekken begynner å snurpast igjen.

r

I vår trekte Klima- og miljøverndepartementet i bremsen. I eit brev til Miljødirektoratet viser departementet til det er stor kø, og dei ber om at arbeidet med skogvern skal bremsast ned.

I haust kom ein ny stopp: I forslaget til statsbudsjett blir støtta til frivillig skogvern over halvert.

Akkurat no står rundt 260 grunneigar i kø for å få erstatning. Dei har signert avtale med staten og ventar på erstatning. Fleire av desse avtalane vart signert i 2020.

Det opplyser Miljødirektoratet til Vårt Land.

Direktoratet har ikkje tal på kor mange som er i same situasjon som Gunnar Graver, der skogeigar og staten er einige om ein erstatning, men der skogeigar ikkje har fått kontrakt til signering.

Skogeigarar sprang ut i skogen for å hogga midt på natta, etter å ha fått brev om at skogen skulle vernast

—  Jan Ivar Rødland, AT Skog

Slik skjer frivillig vern

Ved frivillig vern er det skogeigaren sjølv som speler inn kva skog som skal vernast. Statsforvaltaren bestemmer om skogen er verd å verna.

Om det er aktuelt med vern, må skogeigar og staten bli einige om ein erstatning. Summen er basert på verdien av å driva skogbruk i området.

Verneplanen må innom både Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet før den blir vedteken ved kongeleg resolusjon.

Gunnar Graver. Skogvern. Hovin.

Når ein skog er verna, har den status som naturreservat. Då kan ikkje grunneigar driva skogbruk i området. Jakt, beite, fiske, sopp- og bærplukking er framleis tillate.

Frå tvang til frivillig vern

Det er over 20 år sidan Norges Skogeierforbund lanserte ideen om frivillig skogvern. Målet var å få ned konfliktnivået rundt vernesaker.

– Eg kjenner til historier der skogeigarar sprang ut i skogen for å hogga midt på natta, etter å ha fått brev om at skogen skulle vernast.

Det seier Jan Ivar Rødland i skogeigarsamvirket AT Skog, som er del av Skogeigarforbundet.

AT Skog dekker Telemark, Agder, Rogaland og Vestland. Rødland anslår at dei har hjelpt mellom 3000 og 4000 skogeigarar i saker om frivillig vern.

– Det skogvernet me hadde før i tida, vart på folkemunne kalla tvangsvern. Skogeigar fekk lite betalt for skogen og hadde lite påverknad på prosessen. Eg trur tvangsvernet kosta like mykje som frivillig vern, berre at då gjekk pengane til advokatar og rettssaker i staden for til grunneigar.

Rødland jobbar med frivillig skogvern i AT Skog, og ser at haldningane til vern har endra seg.

– Me har jobba mykje med å få opp tillita til vern. Det er eit nytt samspel no enn på 1990-talet. Eg fryktar at tillita til ordninga forsvinn på grunn av desse kutta.

Sp-Pollestad: Ein politisk siger

I forslaget til statsbudsjett kuttar regjeringa støtta til frivillig skogvern, frå 430 til 200 millionar kroner.

Senterpartiet gjev to ulike svar på kva dei meiner om skogvern-kutta.

– Denne reduksjonen skulle me gjerne ha vore forutan. Men på grunn av eit svært krevjande budsjettår, har regjeringa foreslått å redusere mange ulike løyvingar, deriblant til skogvern.

Det skriv statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp) i Klima- og miljødepartementet i ein e-post til Vårt Land.

Partifelle Geir Pollestad har ei anna oppfatning. Til Nationen seier han det er eit kutt «me lever godt med».

– Eg vil gå så langt som å seia at det er ein politisk siger, og det handlar rett og slett om at vi ikkje skal verna berre for å verna, sa han til avisa.

Denne reduksjonen skulle me gjerne ha vore forutan

—  Aleksander Øren Heen (Sp), statssekretær i Klima- og miljødepartementet

Kan ta minst 50 år å verna ein tidel av skogen

Stortinget har som mål at 10 prosent av skogen i Noreg skal vernast. Førebels er me berre halvvegs: 5,2 prosent av skogen er verna.

Vårt Land har spurt regjeringa når Noreg kjem til å nå målet når frivillig vern no blir bremsa opp.

– Dette er som sagt eit spesielt krevjande budsjettår. Framdrifta vil avhenge av dei årlege løyvingane framover, svarer statssekretær Aleksander Øren Heen på e-post.

Gunnar Graver. Skogvern. Hovin.

I november i fjor sa klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) at det vil ta 50 år å nå det vedtekne målet om 10 prosent vern.

Anslaget til miljøministeren tok utgangspunkt i at det i 2022 var sett av 315 millionar kroner til skogvern. Etter forhandlingar med SV auka denne summen til 435 millionar kroner.

For 2023 vil regjeringa altså halvera denne summen.

Det kan bli tema i budsjettforhandlingane med SV. Partiet la fram sitt alternative statsbudsjett før helga. I budsjettet reverserer SV heile kuttet i frivillig vern.

Vil bruka pengar på grøfter og nytt hus

Gunnar Graver høyrde om ordninga med frivillig vern frå nokre naboar, som hadde verna skogen.

– Det er ikkje noko du gjer på impuls. Å verna skogen har langsiktige konsekvensar og er ikkje reversibelt.

Gunnar Graver. Skogvern. Hovin.

Skogen som Statsforvalteren no har laga ein verneplan på, ligg ulendt til og kan i dag ikkje nåast via skogsveg.

Gunnar Graver peiker på at tømmerprisane er gått kraftig opp den siste tida, som gjer det meir lønsamt å driva skog no enn før.

Får han erstatninga for frivillig vern, vil han bruka pengane på å grøfta ei myr og halda ved like garden.

– Målet er å levera garden frå meg i betre stand enn då eg tok over.

På sikt vil han leita ny plass å bu. Den store eigedommen og den bratte vegen ned til husa gjer eigedomen tungbudd for eit eldre ektepar.

– Det er ei grei ordning dette med frivillig vern, det kan ein ikkje legga skjul på. Ein får ganske godt betalt. Eg tenker, kvifor skal ikkje eg ta med meg det? Ein må vera såpass kynisk.

Han vil ikkje seia summen han er blitt einig med staten om, men seier det er godt over ein million kroner.

Krev ein milliard til vern

Men frivillig vern er ikkje berre ønska av norske skogeigarar, som kan tena godt på ordninga.

Også naturvernorganisasjonar ivrar for meir vern.

WWF, Sabima, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom krev at Stortingets mål om 10 prosent vern skal nåast innan 2030. For å få det til, ber dei regjeringa setta av 1 milliard kroner til skogvern i 2024, og at dette beløpet må doblast innan fem år.

– Skogvern er eit av dei mest kostnadseffektive tiltaka for å binde karbon og ta vare på mange truga artar som lever i skogen, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF.

Skogen som Gunnar Graver vil ha verna, har fått to av fire stjerner, som betyr at den har regional verneinteresse. I skogen har biologane funne fleire raudlista artar, som ulike typar sopp og insekt.

Har ingen som vil ta over garden

Ei tiur flaksar opp i det Gunnar Graver går forbi. Fjellsidene er bada i haustgule fargar.

Garden på Hovin har vore i slekta hans sidan rundt 1770. Sjølv var han i 30-åra då han flytta heim og tok over bruket.

Gunnar Graver. Skogvern. Hovin.

– Eg visste alltid eg skulle overta. Foreldra mine budde i huset like ved, far var mykje med å hjelpte til. Det var eit sakn då han og mor vart borte.

På garden har Gunnar Graver drive med skogdrift, oftast åleine med ei motorsag og ein traktor. I tillegg har han teke oppdrag som snikkar.

No veit 73-åringen at garden ikkje kjem til å bli ført vidare av familien. Han og kona har ingen som vil ta over etter dei.

– Det blir hardt å ein gong forlata denne plassen, seier han.

---

Frivillig vern av skog

  • I 2000 lanserte Norges Skogeierforbund ideen om frivillig vern av skog for å senka konfliktnivået mellom skogeigarar og vernemyndigheiter.
  • Ved tradisjonelt vern er det styresmaktene som tek initiativ. Ved frivillig vern kjem initiativet frå skogeigarane sjølve.
  • Når ein skag er verna, kan grunneigar ikkje driva skogbruk i området. Jakt, beite, fiske, sopp- og bærplukking er framleis tillate.

Kjelde: nettsida frivilligvern.no, driven av Norges Skogeierforbund, Norskog og Miljødirektoratet

---