Nyheter

Leiaren i danske KrF går av, ber partiet droppe draum

KRISTENPARTI SLIT: Leiaren i Kristendemokraterne gjev opp, ho trekkjer seg etter katastrofevalet og ber partiet gløyme draumen om folkevalde i nasjonalforsamlinga.

– I Danmark er det ikkje mange nok menneske som meiner det er viktig at KD er Folketinget, seier Marianne Karlsmose til dr.dk.

Ho leia Kristendemokraterne (KD), KrFs danske søsterparti, til eit elendig resultat ved valet på nytt Folketing.

Oppslutninga enda på berre 0,5 prosent.

Karlsmose seier til Kristeligt Dagblad at det dårlege valet har to forklaringar:

Uro rundt posten som partileiar – og mangel på nyansar i abortdebatten.

Tvilar på eksistensen

Partiet fall ut av Danmarks nasjonalforsamling i 2005. Ved valet i 2019 nådde KD nesten over sperregrensa på to prosent, partiet fekk ei oppslutning på 1,7 prosent.

Måndag melde Karlsmose at ho går av som KD-leiar – og at ho ber partiet ta eit steg ned: Bruk ikkje krefter på å bli valt inn i Folketinget, sats alle krefter på kommunal- og regionalpolitikk.

Til Berlingske fortel Karlsmose at ho også etter det dårlege 2019-valet ba partiet om å droppe arbeidet med å prøve å bli representert i Folketinget, men at ho då «blei sett plass» av dåverande partileiing med Isabella Arendt i spissen.

På spørsmål om KD finst om ti år, svarar Karlsmose Kristeligt Dagblad at ho er i tvil.

Laurdag møtes hovudstyret i KD for å evaluere folketingsvalet – og drøfte vegen vidare.

ISA

Partileiar gjekk ut av KD

Det elendige valresultatet toppar eit halvår med sterk uro i KD.

I mai melde dåverande leiar, Isabella Arendt, brått at ho trekte seg og melde seg ut av partiet. Neste stopp for Arendt blei Det Konservative Folkeparti, Høgres danske søsterparti.

---

Kristendemokraterne

  • Etablert i 1970 som Kristeligt Folkeparti, endra namn i 2003.
  • Marianne Karlsmose er partileiar.
  • Partiet har ikkje folkevalde i Folketinget.

---

Arendt forklarte avgangen med dårleg arbeidsmiljø - «det var ikkje plass til min måte å arbeide på», sa ho til TV Syd.

Sjølv om KD ikkje er blitt valt inn på Folketinget sidan 2005, hadde partiet ein representant. Jens Rohde gjekk frå Radikale Venstre til Kristendemokraterne i fjor, men i sommar melde han seg ut av KD.

I Danmark er det ikkje mange nok menneske som meiner det er viktig at KD er Folketinget

—  Marianne Karlsmose, leiar i KD

Abortråd frå eksrepresentant

Etter valet har Rohde eit råd til KD: Ta eit oppgjer med abortmotstanden om ein framleis skal ha som ambisjon å komme inn i Folketinget.

I partiprogrammet vil KD stramme inn dagens abortlov, men i valkampen har partileiar Karlsmose sagt at KD står på dagens danske abortlov, sjølvbestemt abort fram til veke 12.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter