Nyheter

Kronprinsen inviterer til lunsjmøte om kjernekraft - Naturvernforbundet saknar motstemmer

ENERGI: Kronprinsen inviterer til lunsjmøte om kjernekraft. – Kan vera med å normalisera kjernekraft, meiner Naturvernforbundet.

Onsdag inviterer kronprins Haakon tre ekspertar til lunsjmøte om kjernekraft.

Naturvernforbundet er mot kjernekraft og leiar Truls Gulowsen ber kongehuset trå varsamt i debatten.

– Kronprinsen må få ete lunsj med kven han vil. Men det er eit lada tema. Om kongehuset skal engasjera seg i dette, bør dei gjera det på ein balansert måte. Kongehuset bør vere forsiktig så dei ikkje løfter lettvinte løysingar.

– Kan dette lunsjmøtet vera med å normalisera kjernekraft?

– Ja. Saman med andre bevegelsar i samfunnet kan dette vere med å normalisera kjernekraft, seier Gulowsen.

Skal du ha aktivister ved bordet, bør du kanskje ha folk frå begge sider.

—  Truls Gulowsen i Naturvernforbundet

Om panelet: Ein rar samansetning

Slottet skriv i ein e-post til Vårt Land at Kronprinsparet frå tid til annan inviterer ekspertar på ulike tema til Skaugum, for orientering og lunsj.

– I haust ønsker Kronprinsen å vite meir om kjernekraft, skriv kommunikasjonssjef på Slottet, Guri Varpe, i ein e-post til Vårt Land.

r

– I dette tilfellet er formålet å læra meir om denne teknologien, og derfor er to som er tilknytta anerkjende forskningsinstitusjonar invitert, samt ein med ein relevant doktorgrad, skriv Varpe vidare.

Til slottet har kronprinsen invitert Bjørn Samset frå Cicero, fysikar og forfattar Sunniva Rose og Ole Reistad frå Institutt for energiteknikk.

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet reagerer på invitasjonen av Sunniva Rose. Ho har ein doktorgrad i kjernefysikk og er i dag kommunikasjonsdirektør i Norsk kjernekraft AS, som jobbar for å få kjernekraft i Noreg.

– Det er ein rar samansetning. Skal du ha aktivistar ved bordet, bør du kanskje ha folk frå begge sider, seier Truls Gulowsen i Naturvernforbundet.

Han omtalar Sunniva Rose som «hovudsakleg ein kjernekraftaktivist».

– Det er litt rart å ha henne med i den gruppa. Det er forutsigbart kva ho vil seie.

Han seier det sjølvsagt er opp til kronprinsen kven han vil snakka med.

– Det er mange i klima- og miljørørsla som kunne stilt frå andre sida, seier Gulowsen.

Rose: Eg har faktisk doktorgrad

– Eg synest det er ufint å kalla meg hovudsakleg aktivist når eg faktisk har ein doktorgrad i kjernefysikk, seier Sunniva Rose til Vårt Land.

FYSIKAR: Sunniva Rose har ein doktorgrad i kjernefysikk og er i dag kommunikasjonsdirektør i Norsk kjernekraft AS.

Ho seier ho gler seg over invitasjonen til Skaugum.

– Det er fantastisk at me har ein kronprins som søker kunnskap. Alle me som kjem på møtet, er kjernefysikarar av utdanning. Me har fått klar instruks om at det politiske er uinteressant. Dette skal vera ein fagleg samtale.

Sjølv skal ho innleia samtalen der ho forklarer ting som fisjon og korleis eit kjernekraftverk verker.

– Det handlar ikkje om aktivisme, det er reint fag. Å skulle ha ei motstemme på eit slikt møte er som å ha motstemme til ein fysikar som held foredrag om tyngdekrafta.

Greenpeace: Flott at kronprinsen orienterer seg

Greenpeace er som Naturvernforbundet kritiske til kjernekraft. Dei er ikkje kritiske til kronprinsens lunsjmøte.

– Eg synest det er flott at kronprinsen orienterer seg om viktige klima- og miljøspørsmål. Eg reknar med at kronprinsen også har orientert seg om alle grunnane at atomkraft ikkje er ei klimaløysing, seier Greenpeace-leiar Frode Pleym til Vårt Land.

– Vil dette lunsjmøtet kunne normalisera kjernekraft?

– Nei, eg synest det er flott kronprinsen møter stemmer frå sivilsamfunnet i klima- og miljøspørsmål. Så håper eg han er klar over at det finst klare motstemmer mot atomkraft.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter