Nyheter

Oslosenteret blir afrikansk

DEMOKRATIOPPLÆRING: Eksstatsminister Kjell Magne Bondevik starta Oslosenteret i 2005. 17 år seinare står det på flyttefot, til Kenyas hovudstad Nairobi.

– Oslosenteret skal stå på eigne bein i Nairobi, truleg i løpet av 2023. I dag er eg arbeidande styreleiar i senteret, men eg skal gradvis trekkje meg ut av den daglege drifta, fortel Kjell Magne Bondevik til Vårt Land.

I førstninga arbeidde Oslosenteret særleg med prosjekt knytt til fred og menneskerettar, så med interreligiøs dialog. I seinare år har arbeidet blitt dreidd mot demokratisering og demokratisk styresett.

– Det som var tenkt som eit engasjement som skulle vare i fem ti til år, har vart i heile 17 år. Eg er stolt av alt me har fått til.

Namnet skal leve

– Med deg ute av leiinga, og flyttinga frå Oslo og Norge, skal det framleis heite Oslosenteret?

– Ja, Oslosenter-namnet skal leve vidare.

I haust blir makt og mynde overført til Kenya. På Oslosenterets kontor i Nairobi arbeider åtte tilsette med prosjekt i to, snart tre afrikanske land. På kontoret i Oslo arbeider berre Bondevik. Direktør Kristina Olofsson slutta 1. oktober. Ein tidlegare tilsett er hyrt inn som rådgjevar for å få opp alle funksjonar ved Nairobi-kontoret.

– I desse dagar er me ute og rekrutterer direktør til senteret i Nairobi, seier Bondevik.

Han fortel at det allereie har eit styre som reflekterer at senteret er basert i Kenya og arbeider i afrikanske land.

– Eg og to andre norske er med i ein overgangsfase. Seinare vil linken til Norge bli tatt vare på ved at senteret får eit råd som nokre av oss norske vil sitje i.

Avgjerda om å byggje ned i Oslo og opp i Nairobi blei gjort av styret på møta i juni og september.

os

Arbeider i afrikanske land

Nairobi-kontoret blei etablert for særleg å arbeide med demokratiopplæringsprosjekt i Somalia og Kenya. Snart skal det også byrje å arbeide i Tanzania.

– Kompetansen til Oslosenteret er etterspurt, opplyser Bondevik.

Omlegginga og flyttinga har fleire forklaringar:

  • Staben på kontoret i Nairobi ønskjer å ta større ansvar.
  • Pensjonisten Kjell Magne Bondevik, han er 75 år, ønskjer å trappe ned.
  • Økonomien til Oslosenteret har vore – og er – krevjande.

Oslosenteret skal stå på eigne bein i Nairobi, truleg i løpet av 2023

—  Kjell Magne Bondevik

Utfordrande økonomi

I mai fortalde Vårt Land at Oslosenteret hadde blitt ramma av eit underslag, og at senteret i fleire år har hatt til dels store underskot og at eigenkapital har gått tapt.

I juni melde Vårt Land at fjoråret blei gjort opp med millionunderskot, eigenkapitalen hadde gått tapt og at revisor stilte spørsmål om vidare drift.

– Eg skal vedgå at økonomien til senteret har vore utfordrande i fleire år. Men han er betre no, og me er nok over den verste kneika, seier Bondevik.

Fekk sterk sponsorstøtte

Etter 40 år som stortingsrepresentant for KrF og seks og eit halvt år som statsminister, kunngjorde Kjell Magne Bondevik i 2005 at han var ferdig i politikken og skulle starte opp Oslosenteret.

Det fekk kontor på Oslo vest, og fleire selskap stilte opp med sponsorstøtte i ein femårsperiode, 2006-2011. Mellom dei var Aker, Gjelsten Holding, Statoil, Hydro, DnB NOR og Orkla.

Desse sponsorane ønskte ikkje å forlenge avtalen, så Bondevik og Oslosenteret måtte tilpasse drifta til ein ny, økonomisk kvardag, for 2011 blei gjort opp med raude tal.

Må ha driftsstøtte

Frå 2011 har Oslosenteret søkt og fått prosjektstøtte frå ei lang rekkje institusjonar og organisasjonar, i inn- og utland, offentlege og private.

– Men økonomisk støtte til drifta av sjølve senteret har vore krevjande, vedgår Bondevik.

– Korleis skal Oslosenteret klare å finansiere drifta når det har flytta til Nairobi?

– Det blir på same som måte som før, søkje prosjektstøtte frå offentlege og private aktørar, og arbeide knallhardt for å få inn private sponsorar som kan støtte drifta.

Kofi Annan tidligere generalsekretÊr i FN seminar p VoksenÂsen i regi av Oslosenteret Kjell Magne Bondevik fred konflikter

Opplæring i demokrati

Kjell Magne Bondevik er glad for å kunne gje frå seg ansvaret til ein kompetent organisasjon i Kenya.

– Frå Nairobi arbeider senteret særleg med politiske parti og opplæring av unge og kvinner, der eit av dei viktigaste måla er auka politisk deltaking. Ved vala på både nasjonalforsamling og regionale forsamlingar i Kenya er det blitt valt inn både fleire kvinner og fleire unge representantar, så arbeidet gjev resultat.

---

Oslosenteret

  • Etablert som ei stifting i 2006 av eks-statsminister Kjell Magne Bondevik og eks-statsråd Einar Steensnæs, begge frå KrF.
  • Dei første åra var Bondevik president ved senteret, no er han arbeidande styreleiar.
  • Senteret arbeidde lenge med særleg fred og menneskerettar, no med demokratisering og demokratisk styresett.
  • Har eit kontor i Nairobi i Kenya.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter