Nyheter

Straumhjelpa frå kommunen held nærbutikken til Vigdis open

BYGDEBUTIKKAR: Vigdis Beisland er så glad i kundane at ho knapt tek ferie. Hadde ikkje Bygland kommune løyvd ein halv million i akutt straumstøtte til nærbutikkane, ville butikken på Ose blitt lagt ned.

OSE: – No gjer kommunen det staten skulle ha gjort, stiller opp med hjelp slik at butikkane i bygdene våre overlever, seier Vigdis Beisland og fyller på med salathovud i frukt- og grøntdisken:

– Kundane mine er glade i norske kvalitetsvarer.

Sidan 2004 har ho vore butikksjef på Coops nærbutikk på Ose i Setesdal — og ho har eit sterkt ønskje om å få fylle handlekorgene til bygdefolket i mange år framover.

Firedobla straumrekning

Men i haust banka krisa hardt på butikkdørene.

– I august i fjor var straumrekninga på 5.000 kroner. I august i år var ho på heile 21.000, og i september blei det 29.000. Slik kan det ikkje halde fram, sukkar Beisland.

Faktisk sukkar ho dobbelt.

For butikksjefen er også lokalpolitikar. For partiet som vil ta heile landet i bruk — og ha tenester nær folket.

– Ja, eg representerer Senterpartiet, og det var ikkje dette me såg for oss då me fekk regjeringsmakt i fjor haust.

Med «dette» meiner Vigdis Beisland at regjeringa ikkje klarar å komme Distrikts-Noreg til unnsetning når det verkeleg røyner på.

Butikksjefen har gjort alt ho kan for å spare straum, men tiltaka monnar berre litt.

– Eg må bruke straum på kjøling og ljos, seier ho og peikar opp i taket. Der er kvart andre ljosrøyr mørkt.

Nærbutikk Ose

Krise utan sidestykke

Kriseropa frå daglegvarebutikkar hjallar i bygder på Vestlandet, Austlandet og Sørlandet: Konkurs, stenging, oppseiingar.

Alt har same rot: Svært dyr straum.

— Nærbutikkane i distrikta har aldri opplevd ei krise som straumkrisa, fortel Steinar Fredheim, avdelingsdirektør i Merkurprogrammet, som er Kommunaldepartementets program for å utvikle og styrke små butikkar i Distrikts-Norge

Måndag blei regjeringa og SV samde om å styrke programmet med 23 millionar kroner til straumhjelp for butikkar som er med i Merkur. Opp mot 250 Merkur-butikkar ligg i dei dyraste straumsonene. Totalt er 580 butikkar med i programmet.

Coop Ose har vore med.

Ose ligg i Bygland kommune i Agder. Morgedal ligg i Kviteseid kommune i Telemark.

Brukar strauminntekter

Vårt Land har reist til Setesdal og Vest-Telemark. I Bygland kommune reddar lokalpolitikarane alle nærbutikkane:

«Kommunestyret meiner at dei fire daglegvarebutikkane i kommunen er av uvurderleg betydning for lokalsamfunnet, og innfører med dette ei ordning som dekker 90 prosent av meirkostnaden på butikkane sine straumrekningar frå og med juni 2022 til og med desember 2022.»

Pengane hentar dei frå konsesjonsinntektene – meirinntektene frå det særs gode straumsalet. Bygland er ein liten kraftkommune. Vigdis Beisland var ikkje med å handsame straumstøtta i kommunestyret.

I Morgedal er det for seint. Nærbutikken heldt opphøyrssal og stengde i sommar. Straumrekningane tok knekken på Coop-en. Kviteseid kommune har ikkje som Bygland løyvd straumhjelp til nærbutikkane.

---

Kommunal straumhjelp

  • To kommunar i Agder, Bygland og Iveland, har fatta vedtak om å yte straumhjelp til utsette nærbutikkar.
  • Kommunane dekkjer 90 prosent av meirkostnaden på straumrekningane butikkane har i andre halvår 2022.
  • Bygland yter støtte til fire nærbutikkar, Iveland støttar tre.

---

Nærbutikk Ose

Oppfyller ikkje støttekrav

I september la næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) fram redningspakka for næringslivet. På Ose venta Vigdis Beisland i spenning. Men butikken innfrir ikkje Vestres krav nummer ein:

«Bedrifter med strømutgifter på tre prosent eller mer av omsetningen kan få dekket inntil 25 prosent av strømprisen over 70 øre/kWh i oktober, november og desember.»

— Hadde prosenten blitt sett til to, hadde butikken her på Ose fått statleg straumhjelp, fortel Beisland.

Nærbutikk Ose

Støttar nærbutikken

Bygland kommune ligg i Setesdal, dalføret nord i Agder. Spreidd busetjing i små bygder, langt mellom nabolag. I den seks mil lange kommunen livnærer folk seg av jordbruk, skogbruk og eit par store verksemder. Kommunen er største arbeidsgjevar.

Ved årsskiftet stod det 1.134 innbyggjarar i manntalet. Olav Viki er ein av dei.

– Me kan ikkje miste butikken her på Ose. Difor handlar eg det eg treng her hjå Vigdis. Vil me ha butikk, må me bruka han, meiner Viki og pakkar ein tredje pose med matvarer.

Butikksjef Beisland rosar dei som soknar til butikken på Ose. Utover bygdefolket er hyttefolket og sommarturistane med og halde liv i butikken.

– Sommaren er så moro at eg nesten ikkje klarar å ta ut ferie, smiler Beisland.

nærbutikk morgedal

Stengde i sommar

I Morgedal i Vest-Telemark er det mørkt, lukka og låst på Coop-en. «Butikk nedlagt» fortel plakaten i døra.

– Butikken stengde i sommar, han overlevde ikkje firedobla straumrekningar, fortel Per Larsen.

I 21 år var han butikksjef i skisportens vogge, og i 2022 var nærbutikken 75 år. Som så mange andre bygdebutikkar blei han skipa som eit lokalt handelslag, som blei så mykje meir enn ein butikk.

– Ein viktig samlingsstad og informasjonssentral forsvann med stenginga, seier Larsen.

No arbeider han med å få selt bygget. Vona er at kjøparen vil starte opp att med daglegvarebutikk.

– Dei som arbeider utanbygds, handlar der dei jobbar. Men eldre i Morgedal utan bil må no få hjelp av familie og naboar når dei skal handle mat, seier Larsen.

Det er nesten halvanna mil til næraste butikk.


Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter