Nyheter

Jurist Anine Kierulf vil endre rasismeparagrafen

Rasismeparagrafen er meint å verne samfunnet mot hatytringar, ikkje enkeltindivid, meiner jurist Anine Kierulf. No ber ho Stortinget vurdere å endre lova.

Dei fleste dommane om hatefulle ytringar dei siste åra handlar om ytringar retta mot enkeltpersonar. Det viser ein gjennomgang gjort av Klassekampen

– Vi har sett ei utvikling frå at paragrafen primært vart brukt til samfunnsvern mot antisemittiske eller framandfiendtlege parti som Kvit Valallianse og Vigrid, seier Kierulf, som er førsteamanuensis ved institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo.

Kravet om at ytringa skal vere sett fram offentleg, tilseier også at det er effekten ytringa skaper hos tilhøyrarane som er retningsgivande, ikkje den fæle kjensla det er personleg å bli utsett for krenking, meiner ho.

I august foreslo Ytringsfrihetskommisjonen å forenkle ordlyden i paragrafen.

– Når rapporten blir send på høyring, bør Stortinget også vurdere å endre paragrafen slik at han vernar om det som var intensjonen, seier Kierulf til Klassekampen.

Kierulf presiserer at både enkeltpersonar og grupper bør ha eit strafferettsleg vern mot hatytringar og seier at paragraf 266 i straffelova om omsynslaus åtferd kan ramme nokre av ytringane som i dag fell innunder rasismeparagrafen.

– Det er kanskje sånn at sjikane av minoritetspersonar er ein type samfunnsutfordring som er meir prekær enn tidlegare og derfor burde ha eit eige straffebod, seier Kierulf.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter