Atomprotestane som stilna

LANG KAMP: På 1980-talet strøymte folk til gatene for å protestera mot atomvåpen. No er atomtrusselen tilbake, men gatene er tomme. Kva har skjedd?

Ein oktoberdag i 1985 la amerikanske «USS Iowa» til kai i Oslo. Krigsskipet hadde hatt store namn som Franklin D. Roosevelt om bord, og hadde tenestegjort i andre verdskrig. I Noreg møtte ho på ein ny type motstand.

På kaia stod hundretals demonstrantar med plakatar. Dei frykta at skipet frakta atomvåpen. Amerikanske flagg vart brent, det kom til samanstøyt med politiet.

På midten av 1980-talet var den kalde krigen nær frysepunktet. Den illevarslande Dommedagsklokka viste tre minutt på midnatt – der midnatt var symbolet for ei menneskeskapt global katastrofe.

Nei til Atomvåpen.

Frykta for atomkrig fekk folk ut i gatene. Organisasjonen Nei til Atomvåpen hadde på det meste anslagsvis 130.000 medlemmer, og samla fleire titusen i demonstrasjonar og fekk inn ein halv million underskrifter.

I dag er det berre nokre tusen igjen i organisasjonen som var starta av ein norsk teolog.

Samstundes er atomfrykta på frammarsj. Dommedagsklokka viser 100 sekund på midnatt. USAs president Joe Biden snakkar om risikoen for «armageddon».

I den illevarslande 21. september-talen briskar Vladimir Putin seg med at han vil kunna bruka alle våpena i arsenalet sitt, før han legg til: «Dette er ikkje ein bløff».

Kva var det som fekk titusenvis til å ta til gatene mot atomvåpen på 1980-talet? Og kvifor er det så stilt i dag?

Guten i snøen

For Magne Hoem starta alt ein vinterdag på Fræna på starten av 1960-talet. Som barn flest, likte han å eta snø. Men denne dagen kom mora bekymra ut frå kjøkkenet.

På nyheitene på radioen hadde alvorlege stemmer fortalt om kva som skjedde rundt 2000 kilometer unna. Dei sovjetiske prøvesprengingane over dei to øyene Novaja Semlja skremte ei heil verd, inkludert mora til Magne Hoem.

g

Sidan bombene vart detonert oppe i atmosfæren, kunne det radioaktive nedfallet nå langt av garde. Radioaktive partiklar sveva rundt med vinden, og kunne koma ned som regn. Eller snø.

– Eg blei ståande med handa ut, heilt lamma. Snøen som var så rein og kvit. Det var ei kjensle av at uskuld vart til skuld.

Den første spira til Nei til Atomvåpen var sådd.

Ein notis i avisa

Hopp så fram i tid til ein søndagskveld i Oslo 1979. Teologistudenten Magne Hoem sat heime i stova med avisa i fanget, då ein liten notis fanga merksemda hans.

I avisa stod det nokre setningar om planar om nye mellomdistanserakettar i Europa.

– Det var som det stakk i meg. Eg tenkte: Her er det noko meir.

Denne kvelden i 1979 reiste Magne Hoem seg opp av sofaen og gjekk ut døra. Han strena strake vegen til kontora til Norges fredsråd i Oslo sentrum, der han var engasjert i fredsarbeid.

På kontoret fann han to andre fredsaktivistar: Rolf Thue og Jon Grepstad. Saman forfatta dei eit opprop mot amerikanske og sovjetiske atomrakettar i Europa.

Ti dagar seinare kom Magne Hoem tilbake til kontoret og trudde postkassen var blitt sprengt.

– Det låg ein haug med brev på golvet under postkassene. Det viste seg å vera svarbrev på oppropet me hadde sendt ut.

r

Det markerte starten for organisasjonen Nei til nye Atomvåpen, som året etter vart forenkla til Nei til Atomvåpen.

Inne i varmen

I haust forsvann Nei til Atomvåpen frå statsbudsjettet for 2023, før regjeringa angra seg og snudde.

r

Nullinga på statsbudsjettet står i sterk kontrast til oppstarten i 1979, slik Magne Hoem skildrar den:

– Me vart inviterte både til Utanriksdepartementet, og ulike stortingsgrupper. Ja, me nådde heilt opp til Statsministerens kontor.

Han hugsar ein telefonsamtale med statsminister Einar Gerhardsen. Då skal landsfaderen ha sagt at han var glad for engasjementet til Nei til Atomvåpen.

– Orda til Gerhardsen kjente eg gav meg ei kraft og andeleg rettleiing.

Stemma til Magne Hoem lyder sterk og klar gjennom telefonen. I dag er han senior sjømannsprest i København. Han fortel at det var mange kristne med i Nei til Atomvåpen på tida han var aktiv.

– No i ettertid er det mange som koplar kampen mot atomvåpen til venstresida. Men det var ein tverrpolitisk breidde i Nei til Atomvåpen, med mange kristne profilar på laget.

Vart skilærar i Skjåk

For Magne Hoem vart engasjementet mot atomvåpen kortvarig. I 1979, same året som han var med å grunnlegga Nei til Atomvåpen, sende Sovjetunionen soldatar til Afghanistan.

Det blei eit vendepunkt for Magne Hoem.

– Då reiste eg til Skjåk for å bli skilærar.

Invasjonen av Afghanistan forverra forholdet mellom USA og Sovjetunionen og stoppa ein nedrustingsavtale mellom dei to supermaktene. I åra som kom, skulle den kalde krigen bli iskald.

I dag opplever eg kristne som eit uforløyst grunnfjell i kampen mot atomvåpen.

—  Magne Hoem, prest og grunnleggar av Nei til Atomvåpen

Heime i Noreg kjente Magne Hoem på eit stort mismot.

– Eg hadde møtt og snakka med kyrkjeleiarar i Moskva og trudde på fred. No skjønte eg at håpet var ute.

Etter kvart fann han ut at han ville prioritera studia i teologi og ei karriere i politikken.

Aktivist på sosiale medium

Men ikkje alle har gjeve opp den aktive kampen mot atomvåpen.

Under jorda ved det symboltunge Youngstorget i Oslo står Isak Jacobsen. 24-åringen held opp eit gammalt banner med det ikkje så fyndige slagordet «ATOMSTRATEGIENE MÅ AVVIKLES – NORDEN SOM ATOMVÅPENFRI SONE».

– Eg synest det hadde vore kult om me hadde vore meir ute i gatene, slik folk var før.

Isak Jacobsen vart engasjert i Nei til Atomvåpen etter å ha sett ein video på YouTube.

Han er rådgjevar i Nei til Atomvåpen. Aksjonsformene har flytta seg frå gata og inn på mobiltelefonen til folk.

– Aktivisme skjer på ein ny måte. Mange ser på det å dela eit bilde på Facebook som aktivisme. Me heng framleis opp plakatar, men me er mest på sosiale medium.

Han tek fram mobiltelefonen og begynner å skrolla.

– Siste bildet me la ut, fekk 400 «likes».

Ein eksistensiell trussel

24-åringen vart engasjert i Nei til Atomvåpen etter å ha sett ein video på YouTube. Animasjonsvideoen viser kva som kan skje om ein storby blir treft av ei atombombe.

Videoen skildrar dei destruktive kreftene som blir slept laus. Først det kvite, intense lyset. Så elden som spreier seg i alt som er brennbart – klede, tre, plast, hud.

A victim of the first atomic bomb ever used in warfare is seen in September 1945, at the Ujina Branch of the First Army Hospital in Hiroshima. The thermic rays emitted by the explosion burned the pattern of this woman's kimono upon her back. (AP Photo)

Trykkbølgene frå bomba bles vekk bilar, vindauge, bygg fell som korthus.

– Det som rørte meg mest ved videoen, var korleis den viste at infrastrukturen kollapsar. Vegane er øydelagt, helikopter klarer ikkje å landa. Folk som har overlevd sjølve eksplosjonen er heilt åleine, det kjem ingen til for å hjelpa dei.

Klima- og atomfrykt

Me møtest i kjellaren til Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, eigd av LO og Arbeidarpartiet. Her er 8.500 hyllemeter med dokument som omhandlar det indre livet til venstresida.

Mange på Isak Jacobsens alder er engasjert i klimakampen. Han meiner det er klare likskapstrekk mellom desse.

– Både klimaendringar og atomvåpen utgjer ein eksistensiell trussel.

d

Forskarane og aktivistane som står bak Dommedagsklokka ser det på same viset. Klokka vart starta i 1947 av amerikanske forskarar, fleire av dei hadde vore med å utvikla dei første atomvåpena gjennom det såkalla Manhattan-prosjektet.

Sidan 2007 har klimakrisa blitt ein formell del av vurderinga som forskarane gjer, når dei stiller Dommedagsklokka.

Midnatt er symbolet på dommedag, der me menneska sjølve står bak øydelegginga av kloden.

Dei siste tre åra har visaren stått på 100 sekund før midnatt.

Sjølv på det kaldaste under den kalde krigen kom visaren aldri nærmare enn to minutt på midnatt. Då skal det seiast at forskarane ikkje rakk skru visarane under Cuba-krisa.

Bjørn Eidsvåg stilte opp

– Sjå her, denne har eg på veggen heime.

Det er veteran i Nei til atomvåpen, Lars Egeland, som har ordna Vårt Land tilgang til arbeidarbevegelsens arkiv. Her er mange skattar frå Nei til Atomvåpens fortid.

No held han opp eit bilete som viser menneskekroppar som svever i lufta. Biletet er signert kunstnar Arne Ekeland og vart gjeven til Nei til Atomvåpen.

Nei til Atomvåpen.

Ein kikk i arkivet viser at kunstnarar støtta breitt opp om kampen mot atomvåpen. Frantz Gustav Widerberg og Willibald Storn laga kunst til organisasjonen, Bjørn Eidsvåg står som kunstnarisk ansvarleg for ei Nei til Atomvåpen-markering.

– Det er ikkje så mange kunstnarar som gjer det same i dag. Her har me litt å gå på, seier Egeland, som har vore med i Nei til Atomvåpen i ti år.

Krigen som ikkje skulle skje

Lars Egeland trur det var enklare å mobilisera folk før, då dei hadde konkrete atomplanar å protestera mot.

– Før gjekk mykje av motstanden mot utplassering av nye rakettar eller prøvesprengingar. No står mykje av kampen for å få land til å signera FN-traktaten mot atomvåpen.

Nei til Atomvåpen.

Nærare 90 land har underteikna FN-traktaten om atomvåpenforbod, og eit 50-tals land har signalisert at dei er tilhengarar av den. Noreg er ikkje blant desse. Det er fordi norske styresmakter meiner traktaten ikkje er i samsvar med å vera Nato-medlem.

Samstundes har Noreg vore med som observatør under FN-konferansen om atomvåpenforbod i sommar.

For Lars Egeland er krigen som no går føre seg i Ukraina, bevis på at atomvåpen ikkje fungerer til avskrekking.

– Atomvåpen skulle hindra at ein slik krig skulle skje. Me ser at atomavskrekkinga ikkje hindrar krig i Ukraina.

Kvinna med ei kvit due i handa

Kampen mot atomvåpen har ikkje berre vore dommedagsalvor.

r

Det har også vore fest, samhald og kreative påfunn. Spor av det finn du i eit bilde av ei kvinne som står på Torgallmenningen i Bergen med ei kvit due i ei utstrekte hand.

– Det er ein morosam historie bak det bildet, seier Helga Kristin Longva Johannessen på klingande bergensk når Vårt Land ringer.

Biletet er frå 1996, under eit Nato-toppmøte i Bergen. På den tida var ho nestleiar i Nei til Atomvåpen Bergen og Hordaland.

– Me fekk låna nokre kvite duer av ein mann i Åsane. Forsvarsministrane budde på eit hotell i sentrum, me stod utanfor og slepte ut ei og ei due. Duene flaksa opp og sette seg på gesimsen til hotellet. Eg er sikker på at ministrane må ha sett dei duene. Det kom i avisa. Duene kom seg trygt tilbake til Åsane.

På den tida dreidde mykje av protestane seg rundt at Frankrikes president Jacques Chirac tillot atomprøvesprengingar i Stillehavet.

No er Helga Kristin Longva Johannessen blitt 75 år.

– Eg tenker tilbake på den tida med sakn. Fellesskapet betydde veldig mykje for meg. Mange i styret er døde i dag. Eg saknar dei. Me hadde mykje moro saman.

Ho trur ny teknologi kan ha passivisert unge.

– Internett er kanskje ein årsak til at unge ikkje er så engasjert i saka rundt atomvåpen. No er det så mykje å bry seg om, og ein kjenner kanskje meir på håpløyse. Me tok meir til gatene og demonstrerte.

Kuttar ut ein setning

Etter at Magne Hoem gav opp kampen mot atomvåpen, jobba han i mange år i lokalpolitikken og som politisk rådgjevar for Senterpartiet på Stortinget. I 2002 vart han ordinert prest.

Når Vårt Land ringer, sit han i kyrkjerommet i Sjømannskyrkja i København, der han jobbar som seniorprest. Her har han via hundrevis av brudepar.

Pave Frans er den kristne leiaren som i dag er mest tydeleg mot atomvåpen.

—  Magne Hoem, prest og grunnleggar av Nei til Atomvåpen

Under vigsla hender det at han droppar ein setning. Den delen frå første mosebok, der Gud seier: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk!»

– Eg kuttar ut den delen om å legga jorda under seg, for det tankesettet har gjort stor skade. Det er to skapingsforteljingar i Bibelen. I den andre står det at me skal ta vare på skaparverket. Det er enkel teologi.

Saknar kristne stemmer

For Magne Hoem er det enkelt å finna teologisk grunnlag for å avvisa atomvåpen. Han skulle ønska at fleire kristne engasjerte seg i saka.

– I dag opplever eg kristne som eit uforløyst grunnfjell i kampen mot atomvåpen.

e

Han saknar også klårare tale frå biskopane.

– Tidlegare kom biskopane med krystallklare standpunkt om at atomvåpen er i strid med Guds skaparvilje. No må biskopane legge til side tiårslange diskusjonar om kjønn og seksualitet, og sjå på dette med atomvåpen og at heile verda er i ferd med å stå i brann.

I 2019 reiste pave Frans til Nagasaki og Hiroshima og fordømte atomvåpen. Magne Hoem finn stor styrke i pavens ord, og håpar fleire kristne i Noreg vil sjå til han.

– Pave Frans er den kristne leiaren som i dag er mest tydeleg mot atomvåpen. I ei ny bøn for fred i Ukraina, ber han om at nye generasjonar må få pusta. For Gud pusta liv inn i oss og atomvåpen tek pusten frå oss.

---

Nei til Atomvåpen

  • Danna i 1979 av fredsaktivistane Magne Hoem, Rolf Thue og Jon Grepstad.
  • Hadde på det meste anslagsvis 130.000 medlemmer og samla fleire titusen i demonstrasjonar og fekk inn ein halv million underskrifter.
  • Mista først statsstøtte i neste års budsjett, før regjeringa i førre veke snudde.

---

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter