Nyheter

Statsbudsjettet: 4,5 milliardar i skattelette for inntekter under 750.000 kroner

STATSBUDSJETTET: Regjeringa vil kutte skattane på inntekter på under 750.000 kroner med nær 4,5 milliardar kroner. For høgare inntekter blir skattane auka med 3 milliardar.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

I tillegg blir formuesskatten auka med 2,4 milliardar kroner. Dette gjeld for 14 prosent av skattytarane i Noreg.

Regjeringa innfører også ei ekstra arbeidsgivaravgift på 5 prosent for tilsette som har over 750.000 kroner i lønn.

– Dei som har rygg til å bere meir, må ta sin del, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Han opplyser at forslaget om lettar for dei som tener under 750.000 kroner, betyr at ein familie med to inntekter på 550.000 vil betale om lag 7.800 kroner mindre i skatt i 2023 enn då regjeringa overtok for eitt år sidan.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter