Nyheter

Regjeringa vil berre ha 2.000 kvoteflyktningar, seier nei til 1.000

FLYKTNINGAR: Norge klarar berre å ta i mot 2.000 kvoteflyktningar neste år, meiner justisminister Emilie Mehl (Sp).

Kvoten har dei siste åra vore på 3.000 plassar. No meiner regjeringa at Norge berre kan ta i mot 2.000 i 2023.

«Regjeringa meiner at talet på overføringsflyktningar må sjåast i samanheng med talet på asylsøkjarar og andre innvandrings- og integreringsutfordringar i Noreg», skriv Justisdepartementet i forslaget til statsbudsjett.

Overføringsflyktningar er det same som kvoteflyktningar. Dette er grupper med flyktningar FN plukkar ut og som Norge så igjen kan ta ut kvotar frå.

Norge har tatt mange

Statsråd Emilie Mehl (Sp) og regjeringa meiner Norge har vore blant landa som har teke imot flest overføringsflyktningar dei siste åra, sett i forhold til folketalet.

Regjeringa peikar på at krigen i Ukraina har medført ein auke i talet på asylsøkjarar i 2022, difor bør talet på kvoteflyktningar neste år bli 2.000.

Sidan 25. februar har det komme 26.366 søknadar frå ukrainske flyktningar, melder UDI.

Fylte kvoten

I 2021 vart alle dei 3.000 plassane på kvoten for overføringsflyktningar brukt, i tillegg til 608 plassar som blei overførte frå 2020 grunna forseinkingar knytte til pandemien.

Om lag 900 plassar av kvoten blei nytta til afghanske borgarar som vart evakuert i samband med Talibans maktovertaking i Afghanistan.

MDG reagerer

– Det gjer veldig vondt å sjå at regjeringa vil ta imot færre kvoteflyktningar, i ei tid der talet flyktningar i verda har auka kraftig, og no er på svimlande 100 millionar, seier MDGs Une Bastholm til NTB.

Ho meiner Norge har stor kapasitet i kommunane til å ta imot menneske på flukt.

– Kvoteflyktningar er barn og vaksne som FN allereie har plukka ut og som me veit har behov for vern og tryggleik som dei ikkje kan få i nærområda, legg ho til.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter