Nyheter

Natur og Ungdom om klimabudsjett: – Eit slag i magen

KLIMA: I statsbudsjettet kikar regjeringa inn i spåkula og anslår at Noreg vil sleppa ut 38,6 millionar tonn CO₂ i 2030. Det er milevis unna måla i Parisavtalen, og haustar kritikk frå ungdomsorganisasjonar.

– Eg trur den tilliten unge folk har til politikarar, er svekt. Politikarane seier me skal klara å nå målet om 1,5 grader oppvarming, samstundes syr dei puter under armane til olje- og gassbransjen. Dei talar med to tunger.

Det seier Naja Amanda Lynge Møretrø, leiar i Changemaker.

Ho møter Vårt Land i Oslo sentrum torsdag morgon. Nokre kvartal unna skal regjeringa legga fram statsbudsjettet for Stortinget.

Møretrø leiar ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp. I 2030 er ho 34 år gammal. Då skal Noreg ha halvert CO₂-utsleppa sine, etter Parisavtalen.

Skal kutta minst 50 prosent

Klokka er ti, og Møretrø kikar konsentrert på PC-en. Regjeringa har publisert forslaget til statsbudsjett.

Her kjem det fram at regjeringa ser for seg at Noreg vil sleppa ut 38,6 millionar tonn CO₂ i 2030. Det er langt unna målet i Parisavtalen.

I Parisavtalen har Noreg forplikta seg til å kutta utslepp med mellom 50 til 55 prosent frå 1990-nivå innan 2030.

Det betyr at i 2030 skal utsleppa vere nede på 23 millionar tonn CO₂. Det er under halvparten av det utsleppa var i fjor: Då var dei norske utsleppa på 49 tonn.

Framskrivingane av utslepp i statsbudsjettet for 2023 er basert på vidareføring av dagens klimapolitikk, både i Noreg og internasjonalt.

Natur og Ungdom: – Det er alltid eit slag i magen

Naja Amanda Lynge Møretrø seier til Vårt Land ho skuffa over dei nye tala.

– Det er så dumt, for når eg snakkar med klimaminister Espen Barth Eide så seier han at klimamåla for 2030 skal nåast. Men så kjem desse tala som viser at det ikkje skjer.

Statsbudsjettet 2023

Ho kallar budsjettet usolidarisk som ikkje tek klimakrisa på alvor, og reagerer også på at ein-prosentmålet på bistand ikkje blir nådd.

Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom, er også skuffa over framskrivingane om at Noreg i 2030 vil sleppa ut 38,6 tonn CO₂.

– Det er alltid eit slag i magen å sjå desse tala. Dei viser at me er heilt på feil kurs.

Barth Eide viser til «utgreidd potensiale»

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) seier til Vårt Land at målet om å kutta norske utslepp frå 49 til 23 tonn i 2030, står fast.

– 38,6 tonn i 2030 er ei rein framskriving av den politikken me har i dag. Det er resultatet om me ikkje gjer noko framover, seier Barth Eide til Vårt Land.

Klima- og miljøminister (Ap) Espen Barth Eide.
Foto: Annika Byrde / NTB

Han viser til regjeringas flunkande nye klimabudsjett. På side 79 i planen skisserer regjeringa opp potensiale for klimakutt. Den viser at med summen av politikk det blir arbeidd med og sokalla «utgreidd potensiale», så er det mogleg for Noreg å nå klimamålet i 2030.

– Dessutan vil det utgreidde potensialet auke dess meir me utgreier, seier Barth Eide.

Ei nyvinning i budsjettet: Grøn bok

Regjeringa får ros frå Møretrø i Changemaker for å ha lagt fram eit flunkande nytt klimabudsjett.

Denne nyvinninga blir kalla «Grøn Bok», medan «Gul Bok» er det etablerte namnet på regjeringas forslag til budsjettvedtak.

Målet med «Grøn Bok» er å telja klimautslepp like nøye som kroner og øre i statsbudsjettet.

– «Grøn Bok» gjev oss i sivilsamfunnet ein moglegheit å kika politikarane i korta. Men eit klimabudsjett i seg sjølv kuttar ikkje utslepp, seier Møretrø.

Kuttar 200 millionar til skogvern

Gina Gylver i Natur og Ungdom er kritisk til særskild to tiltak på klima og miljø i budsjettet:

  • Den såkalla oljeskattepakka blir vidareført. Den kom som eit svar på økonomiske utfordringar under koronapandemien. Regjeringa gjer i statsbudsjettet tekniske endringar som gjer pakka mindre lukrativ for selskapa.
  • Regjeringa kuttar skogvern med 200 millionar kroner.
Gina Gylver, Natur og Ungdom aksjonerer ved Førdefjorden, mai 2022. Arrestasjoner 4. mai.

– Det er positivt at regjeringa kuttar litt i oljeskattepakka, men dei tek musesteg når me treng timilsteg. Me treng at dei avskaffar heile pakka. Der forventar me ein skikkeleg innsats frå SV i forhandlingane. Ikkje minst at dei stanser utbygging av Wisitng-feltet seier Gylver.

Om skogvern seier ho:

– Kutta i støtte til skogvern er dramatisk. Dette skjer medan me står i ei naturkrise. Me treng ein milliard i året for å verna norsk skog, no kutter regjeringa heller frå 450 til 250 millionar kroner.

FN: Me er i ein kamp på liv eller død

To dagar før regjeringa la fram statsbudsjettet, kom FN-sjefen med nok ei åtvaring:

– Me er i ein kamp på liv eller død for vår egen tryggleik i dag, og vår overleving i morgon, sa FNs generalsekretær António Guterres.

Han peika på enorme klimautfordringar over heile verda, som flaumen som sette ein tredel av Pakistan under vatn, til orkanar og tyfonar i Filippinene, Cuba og USA.

Han skulda vidare verdas 20 rikaste land for å gjera for lite. Han ber om eit kompromiss mellom rike, utvikla land som har høge utslepp, og framveksande økonomiar som ofte opplever dei verste effektane av klimaendringane.

Ifølgje Verdsbanken er Noreg verdas sjuande rikaste land, målt i BNP per innbyggar.


Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Andreas W. H. Lindvåg

Andreas W. H. Lindvåg

Andreas W. H. Lindvåg er politisk reporter i Vårt Land. Han skriver om det politiske spillet – maktkamp, ledervalg, målinger og regjeringssamarbeid – og om tema som abortlov, ideologi, LHBTQ+, livssyn, rusreform og sosialpolitikk. Andreas har 12 års erfaring som journalist, mastergrad i idéhistorie og en forkjærlighet for historie og kuriosa.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter