Raudt: Mottakarar av stønadar taper 1,7 milliardar i kjøpekraft
BUDSJETT: Prisane aukar, medan satsane på sosiale ytingar som barnetrygd og kontantstøtte står stille. Raudt ber regjeringa ta igjen etterslepet i statsbudsjettet.
KRISETID: – Me står i den mest alvorlege krisa på fleire tiår, seier Marie Sneve Martinussen i Raudt.
Ole Berg-Rusten/NTB
Torsdag legg Støre-regjeringa fram forslag til statsbudsjett, i ei tid prega av krise og inflasjon.
Prisane folk betalar i matbutikken eller ved bensinpumpa, har skote i vêret. Samstundes står mange sosiale ytingar på staden kvil, eller blir moderat oppjustert.
Raudt har rekna på korleis dette slår ut for folk som mottek sosiale ytingar frå staten. Partiet kjem fram til eit anslag på 1,7 milliardar kroner som folk tapar i kjøpekraft.
Bestill abonnement her
KJØP