Nyheter

Misjonsveteran fortvilar over at Noreg legg ned ambassadekontor på Madagaskar

BISTAND: Noreg legg ned ambassadekontor på Madagaskar. Misjonsselskap-veteran fryktar det vil truga bistandsprosjekt og historiske band.

I 19 år har Noreg vore diplomatisk representert på Madagaskar. Frå neste år er det slutt, då legg Noreg ned ambassadekontoret i hovudstaden.

Madagaskar-veteran Arild M. Bakke fryktar for konsekvensane. Han har i fleire tiår budd på øya og er i dag leiar for seksjon Øst-Afrika for Det Norske Misjonsselskap (NMS).

– Noreg og Madagaskar har hatt ein unik relasjon i over 150 år. Nedlegginga vil svekka denne relasjonen og truga viktige bistandsprosjekt, seier Bakke til Vårt Land.

Døropnar for norsk bistand

Det Norske Misjonsselskap (NMS) er Noregs eldste misjonsorganisasjon. Madagaskar er det landet der NMS har flest prosjekt.

Aktiviteten til NMS på Madagaskar spenner frå bibelundervisning og skular for syns- og høyrselshemma barn til matutdeling og helsehjelp. Organisasjonen har også eit nytt prosjekt om klimasmart landbruk.

Arild M. Bakke meiner det norske ambassadekontoret har vore ein viktig døropnar for norsk bistand.

t

– Den norske diplomaten har vore god på å utvikla politiske relasjonar. Han har kunne kvalitetssikra og følga opp bistandsprosjekt.

Noreg hadde ambassade på Madagaskar frå 2004 fram til 2011. Då vart ambassaden redusert til eit ambassadekontor underlagt Pretoria i Sør-Afrika. På ambassadekontoret på Madagaskar jobbar no 3-4 lokalt tilsette og ein norsk diplomat.

Dette vil eg tru er den billigaste utanrikseininga som Noreg har. Og me får verkeleg mykje igjen for pengane.

—  Arild M. Bakke i Det Norske Misjonsselskap (NMS)

Utanriksdepartementet (UD) opplyser til Vårt Land at utgiftene i 2021 var på 4,1 millionar kroner. Det inkluderte ein utsendt frå Noreg.

– Dette vil eg tru er den billigaste utanrikseininga som Noreg har. Og me får verkeleg mykje igjen for pengane, seier Bakke.

---

Diplomatiske endringar

  • I 2023 legg Noreg ned ambassadekontoret på Madagaskar. I tillegg blir generalkonsulatet i Houston, USA og ambassadane i Slovakia, Sri Lanka og Kosovo lagt ned.
  • Samstundes styrker UD europeiske ambassadar i Bucuresti, Kyiv og Vilnius, og EU-delegasjonen og Nato-delegasjonen i Brussel.

---

Lange historiske røter

Forholdet mellom Noreg og Madagaskar har lange historiske røter. Norske misjonærar kom til øya på 1860-talet. I 1871 gav nordmenn ut den første boka på gassisk: Luthers lille katekisme.

Gassisk er det offisielle språket på Madagaskar, i tillegg til fransk.

Norske misjonærar gjorde ein viktig jobb for å bevara det gassiske språket

—  Arild M. Bakke, NMS

– Norske misjonærar gjorde ein viktig jobb for å bevara det gassiske språket, medan den franske kolonimakta ville ha undervisning på fransk. Misjonærar samla også inn eventyr, slik som Asbjørnsen og Moe gjorde i Noreg, seier Bakke.

Frå 1921 til 1981 hadde det norske selskapet Scandinavian East Africa Line rutefart til Madagaskar. Ei rekke nordmenn er blitt tildelt utmerkelser i Madagaskars nasjonalorden.

Fryktar for framtida til skular

Arild M. Bakke har budd 35 år på Madagaskar, både gjennom NMS og som honorær generalkonsul for Noreg. Ein slik konsul er ein ulønt stilling som skal gje råd, hjelp og vern til norske statsborgarar i utlandet.

Han trekker spesielt fram eit utdanningsprogram som kan bli skadelidande no når Noreg stenger ambassadekontoret.

Prosjektet med namn Miara-Mianatra har som mål å inkludera syns- og høyrselshemma barn i ordinære skular. Det Norad-støtta prosjektet har vore i samarbeid med mellom anna styresmaktene på Madagaskar.

e

– No fryktar me at me må fasa ut dette verdifulle arbeidet for syns- og høyrselshemma barn. Generelt er eg redd for at det no blir ein meir einsidig norsk støtte til FN-organisasjonar på bekostning av viktige aktørar i sivilsamfunnet, seier Bakke.

Pandemi og krig

Madagaskar står no i ein sårbar posisjon. Landet vart først hardt ramma av koronapandemien og deretter ein stor tørkekatastrofe i sør. I år gjorde to syklonar stor skade.

På toppen av dette kjem konsekvensane av krigen i Ukraina. Rundt 80 prosent av folk på Madagaskar lever under fattigdomsgrensa, og er sårbare i møte med høgare prisar på mat og bensin.

– Madagaskar har gått gjennom katastrofe etter katastrofe. Situasjonen er no verre enn nokon gong. No er det så ille at foreldra må ta stilling til om dei har råd å senda barn på skulen, seier Bakke, som nyleg besøkte øya.

Festar håp til KrF

Arild M. Bakke nærer eit lite håp til at KrF kan redda ambassadekontoret på Madagaskar. Han hugsar ein lunsj på Madagaskar i 2003 med dåverande parlamentarisk leiar i KrF, Jon Lilletun.

— Han fortalde med eit smil og eit glimt i augo at han ville jobba for å få etablert ein ambassade, fortel Bakke.

Eit år seinare annonserte dåverande utviklingsminister for KrF Hilde Frafjord Johnson at ambassaden skulle bli ein realitet.

– Eg tenker at i respekt for det store arbeidet som Jon Lilletun gjorde, så kunne det vore fint om KrF stod på for å sikra eit nærvær på Madagaskar.

UD: Ikkje ei nedprioritering

– Noreg har eit langvarig og godt forhold til Madagaskar. Me vil arbeida for å bevara det gode forholdet framover, inkludert utviklingssamarbeidet, gjennom vår ambassade i Sør-Afrika.

Det skriv Mariken Bruusgaard Harbitz, pressetalsperson i UD, i ein e-post til Vårt Land.

Ho peiker på at i 2020 var Norge det femte største givarlandet i OECD av øyremerka bistand til Madagaskar.

At me legg ned ambassaden er ikkje eit uttrykk for at samarbeidet med Madagaskar blir nedprioritert

—  Mariken Bruusgaard Harbitz, UD

– At me legg ned ambassaden er ikkje eit uttrykk for at samarbeidet med Madagaskar blir nedprioritert. Det er basert på samla vurderingar knytt til behovet for omdisponeringar av ressursane til utanrikstenesta.

Harbitz i UD skriv vidare at økonomi ikkje er drivkrafta bak endringane der Noreg no styrkar ambassadar i Europa.

Ho viser til behovet om å «møta det skiftande utanrikspolitiske bildet i Europa, å følga opp politiske vedtak om spissa satsinga på næringsfremme, og å forvalte UDs ressursar mest mogleg effektivt».

KN: Styrke med ambassadar

Dagfinn Høybråten, generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, skriv i ein SMS til Vårt Land at det er ei stor styrke for norsk bistand at det er ambassadar til stades. Eit døme er Malawi, der Kirkens Nødhjelp har eit utstrakt samarbeid med den norske ambassaden.

– Når det er sagt, må sjølvsagt norske styresmakter som alle andre vurdera kor dei set inn ressursane til ei kvar tid. Det har også KN forståing for, skriv Høybråten.


Artikkelen er oppdatert 5. oktober kl. 10.00 med kommentar fra Kirkens Nødhjelp.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter