Nyheter

FHI: 40 prosent nedgang i hjarteinfarkt på ti år

Den siste tiårsperioden er det registrert ein nedgang på 40 prosent i hjarteinfarkt. Årsaka blir knytt til sunnare livsstil.

– Positive endringar i risikofaktorar som blodtrykk, kolesterol og røyking forklarer ein stor del av nedgangen i hjarte- og karsjukdommar, seier overlege Rune Kvåle i Hjarte- og karregisteret ved Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.

I pandemiåret 2020 vart det registrert færre pasientar enn forventa med diagnosane akutt hjarteinfarkt, atrieflimmer og hjartesvikt, men i 2021 var talet på personar registrert med hjarte- og karsjukdommar tilbake til forventa nivå.

Årsaka til at talet på personar med atrieflimmer framleis er noko lågare enn forventa ut frå åra før pandemien, er ikkje kjende.

– Noko av nedgangen kan sannsynlegvis forklarast av at færre personar utan symptom har fått påvist denne diagnosen også i 2021, som følgje av færre behandlingar eller innleggingar for andre tilstandar på sjukehusa i 2021, ifølgje FHI.

Statistikken frå Hjarte- og karregisteret viser at totalt 369.420 pasientar vart registrerte i Hjarte- og karregisteret i 2021, og 13.643 personar fekk diagnosen akutt hjarteinfarkt. Av desse var 35 prosent kvinner, og 11.548 av pasientane hadde ikkje vorte registrert med diagnosen dei fem førre åra.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter