Nyheter

Varslar kamp mot diktatorpress i eksilmiljø

EKSIL-ERITREARAR: «Diktatoren ut av vår by, diktatoren ut av vårt land.» Ola Elvestuen (V) støttar eritreiske flyktningar som kjempar mot truslar og forfølging frå eksilmiljø. Ei eritreisk kvinne er bøtelagt for hatefull tale.

Stortingsrepresentanten og eksstatsråden frå Venstre står på Jernbanetorget i Oslo. I trappene framfor Oslo S sit hundretal menn og kvinner. Alle har opphav i Eritrea.

Fotoet er frå laurdag 3. september. Det viser noko som ikkje har skjedd før. Ei stor gruppe eksileritrearar samla seg for å protestere mot presset og kontrollen som det heimlege regimet utøver. I Norge.

Det handlar om innkrevjing av to-prosentskatten frå eritrearar i Norge som blir sendt Eritrea, utestenging frå sosiale forum, rapportering av kritikk av regimet i Eritrea, hatefull tale.

– No er nok nok, seier Adhanom Beraki og Yohannes Habtemariam til Vårt Land, og legg til:

– Me er mange og me er sterke.

Mennene og mange med dei som var samla i Oslo var samde: Me må våge å melde saker til politiet for å vise at me ikkje tolererer det me blir utsette for.

Eritreere møter Ola Elvestuen på Oslo S.

Eritreisk kvinne fekk 15.000 i bot for hatefull ytring

Ei fersk sak frå Øst politidistrikt viser at hatefulle ytringar blir straffa. Ei eritreisk kvinne blei meldt til politiet for ei ytring ho publiserte på eiga Facebook-side i 2020. No i september fekk ho ei bot på 15.000 kroner for brot på straffelovens paragraf om hatefull ytring.

Om bodskapen som blei lagt ut på kvinnas Facebook-side, skriv politiet, i saksdokumenta, at «det i skjerpende retning vektlegges at ytringen i videoen, hvor hun i praksis oppfordrer til folkemord, må anses som grovt».

Politiet fann det også straffeskjerpande at ho har «svært mange følgere på Facebook». Den aktuelle videoen hadde på eit tidspunkt 115.000 visningar.

Kvinna har vedtatt å betale bota på 15.000 kroner, opplyser Øst politidistrikt til Vårt Land. Den eritreiske kvinna har ikkje svart på Vårt Lands forsøk på å få kommentarar til bota.

Diktatoren ut av vår by, diktatoren ut av vårt land

—  Ola Elvestuen (V), stortingsrepresentant og eksstatsråd

---

Eksileritrearar

  • Kring 28.000 eritrearar bur i Norge. Dei har komme til landet på ulike tidspunkt og av ulike årsaker.
  • Dei første kom då Eritreas frigjeringskamp mot Etiopia raste, i tiåra fram til 1991.
  • Sidan 2015 har vel 15.000 eritrearar søkt asyl og fått opphald i Norge, storparten har flykta frå landets brutale samfunnsteneste.
  • Eksileritrearane i Norge er delt i to. Dei som støttar opp om president Isaias Afwerki, også kjent som Afrikas siste diktator. Og dei som er i reell opposisjon til Afwerki.

---

PST: Målet er å skape utryggleik

Politiets tryggingsteneste (PST) følgjer utanlandske regimer som utøver press og kontroll i eksilmiljø. I Nasjonal trusselvurdering 2022 seier PST at «i 2022 vil autoritære regimer hente inn informasjon om dissidenter og minoriteter i Norge» for «vissheten om at man kan bli eller blir overvåket på grunn av sitt politiske engasjement, har en truende effekt i seg selv.»

PST skriv at metodane som blir brukt kan vere «eksplisitte trusler mot den enkelte eller mot gjenværende familie i opprinnelseslandet.» Målet er at politiske motstandarar av det heimlege regimet skal ikkje kjenne seg trygge nok til å ytre seg offentleg.

Landinfo, utlendingsforvaltningas fagorgan, seier at «kontrollen, oversikten og innflytelsen over eritreere i eksil fra eritreiske myndigheter er massiv og når inn til eritreere i alle verdenshjørner».

I 2020 kom den aller første rapporten i Norge som viser at innvandrargrupper blir utsette for omfattande press og kontroll. Oppdragsgjevar var Kunnskapsdepartementet. Om eritrearar skriv rapporten frå analyseselskapet Proba: «De viktigste pressmidlene som brukes, er trusler rettet mot de opposisjonelle selv, og trusler og sanksjoner rettet mot familiemedlemmer i Eritrea.»

Eritreere møter Ola Elvestuen på Oslo S.

Fryktar flyktningspionasje

Tilbake til trappa ved Oslo S.

Venstre-toppen Elvestuen talte til regimet til president Isaias Afwerki og hans støttespelarar i Norge. Og til dei frammøtte:

– De skal sjølvsagt ha den same fridomen som alle andre, de skal ikkje måtte sjå dykk over skuldra.

– Difor må diktatoren ut av vår by, diktatoren ut av vårt land, forkynte Elvestuen.

Han har tatt saka opp med justisminister Emilie Mehl (Sp), i eit skriftleg spørsmål: «Det er grunn til å tro at et ukjent antall eritreere som har opphold i Norge grunnet beskyttelsesbehov, i virkeligheten er i landet for å bidra til at myndighetene tar kontroll over eksilorganisasjonene og -miljøet.»

Til Vårt Land seier Elvestuen:

– Folk som er synlege i opposisjonen her i landet får melding om at dersom du ikkje dempar deg, tek me familien din. Slikt kan me ikkje akseptere.

– Kven er «me»?

– Norges styresmakter, storting og regjering.

Festival avlyst i år

Årleg er det blitt arrangert ein omstridd eritreisk kulturfestival i Oslo. Mange av dei som var i Oslo 3. september hadde komme til hovudstaden for å demonstrere mot festivalen. Fleire fortalde Vårt Land at arrangementet ville bli ein hyllest av dagens styre i Eritrea.

Men årets festival blei avlyst av arrangøren, Den Eritreiske Forening i Oslo og Omegn.

Festivalen i 2019 enda med at dåverande justisminister Jøran Kallmyr (Frp) instruerte Utlendingsdirektoratet (UDI) til å granske asylsakene til 150 utplukka eritrearar. Departementet hadde mistanke om at fleire hadde fått opphald på sviktande grunnlag.

NRK hadde også avdekt at fleire av dei som var på festivalen feira nasjonaltenesta i Eritrea saman med ein høgståande gjest frå landet, Yemane Gebreab, næraste politiske rådgjevar til presidenten.

Mange av eritrearane som har fått opphald i Norge har flykta frå nasjonaltenesta, ei årelang og brutal militærteneste.

Tre år seinare fortel UDI Vårt Land at dette er status for granskinga:

  • Det er gjort 35 vedtak.
  • I 18 saker er opphaldsløyvet i Norge trekt tilbake.
  • 17 saker er lagt vekk.
  • 25 saker er framleis under gransking.
Eritrea

Foreining har kontakt med ambassaden

Tedros Yared er styreleiar i Den Eritreiske Forening i Oslo og Omegn. Han ønskjer berre å svare på spørsmål skriftleg. I eposten til Vårt Land skriv Yaros at årets festival blei avlyst «av oss på grunn av interne forhold».

På spørsmål om festivalen ville blitt ein hyllest av regimet i Eritrea, svarar Yared at foreininga «jobber for å ivareta våre medlemmers interesser i Norge og i Eritrea»: «Vår forening er da ikke en representant for Eritrea eller myndighetene i Eritrea. Vi er en uavhengig forening som styres etter demokratiske prinsipper.»

Yared vedgår likevel at foreininga har kontakt med eritreiske styresmakter: «Når vi markerer eritreiske merkedager som nasjonaldagen, Bahti Meskerem henter vi artister fra Eritrea dersom budsjettet vårt tillater det. Dette gjør vi gjennom den eritreiske ambassaden i Sverige.»

Hevdar eritrearar blir forfølgde av media

Han er også opptatt av truslar mot eritrearar i Norge: «Mange har fått trussel og utpressing fra de såkalte opposisjonsgruppene om å ikke delta på diverse norsk–eritreiske arrangementer. Truslene går på at ‘hvis du ikke gjør som vi sier, da blir du anmeldt til norske myndigheter. Du risikerer å bli kastet ut fra Norge’».

I eposten til Vårt Land skriv Yared at «asylsøkere fra Eritrea forfølges av norske medier, bla. NRK, TV2 og norske myndigheter v/UDI med instruks fra Justis- og beredskapsdepartementet».

Asylsøkere fra Eritrea forfølges av norske medier, bla. NRK, TV2 og norske myndigheter v/UDI med instruks fra Justis- og beredskapsdepartementet

—  Tedros Yared, styreleiar i Den Eritreiske Forening i Oslo og Omegn

Sender statssekretæren

Då Proba-rapporten Press og kontroll blei lagt fram sommaren 2020, sa dåverande inkluderingsminister, Venstres Guri Melby, til Vårt Land at «funnene i rapporten er veldige alvorlige». Ho lova at det kunne komme tiltak same haust.

Men det kom ingen innan Solberg-regjeringa gjekk av i fjor haust.

Vårt Land har stilt arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) spørsmål om kva ho gjer med dei alvorlege funna i rapporten. Persen ønskjer ikkje å svare. Via kommunikasjonsavdelinga i departementet skriv statssekretær Nancy Hertz (Ap) dette i ein epost:

«Måten Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider med press og kontroll fra opprinnelsesland er blant annet å skaffe mer kunnskap om tema. Problemstillingen går på tvers av flere sektorområder og det er nødvendig å se nærmere helheten for å kunne gå videre. Derfor har Arbeids- og inkluderingsdepartementet gitt Proba i oppdrag å gjennomføre en kunnskapsstudie knyttet til blant annet sektoransvar.»

---

Eritrea

  • Etter ein årelang frigjeringskamp mot Etiopia blei Eritrea sjølvstendig nasjon i 1993.
  • Frigjeringsrørsla EPLF blei omgjort til eit politisk parti, Peoples Front for Democracy and Justice (PFDJ).
  • Frigjeringsleiaren Isaias Afwerki blei president, og har styrt landet som eineveldig leiar sidan.
  • FN seier Afwerki leiar eit totalitært regime, som er ansvarleg for systematiske brot på menneskerettane, som kan vere brotsverk mot menneskeslekta.
  • Amnesty seier Afwerki har fengsla minst 10.000 politiske fangar, berre PFDJ er lovleg parti.
  • Tusental eritrearar flyktar kvart år frå landets brutale og langdryge samfunnsteneste.
  • Det bur kring 28.000 eritrearar i Norge, storparten har komme som flyktningar og fått opphald.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter