Nyheter

Raudt vil gjenopprette Sjøheimevernet

Raudt vil foreslå at Sjøheimevernet blir reetablert når statsbudsjettet for 2023 skal behandlast, skriv Dagsavisen.

Nedlegginga av Sjøheimevernet i 2017 var svært omstridd både politisk og blant folk i Forsvaret. Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet sikra fleirtal for avgjerda då langtidsplanen for Forsvaret vart behandla dette året. Senterpartiet var sterkt imot og kalla nedlegginga «forkasteleg».

Raudt meinte også at avgjerda var heilt feil, og no vil partiet ha omkamp. Partileiar Bjørnar Moxnes har nyleg besøkt fleire av dei største forsvarsbasane i landet, og han sit igjen med eit klart inntrykk av at folk i Forsvaret ønskjer å få Sjøheimevernet tilbake.

– Noregs langstrekte kyst ligg nærast open. Det er eit stort behov for fleire øyre og auge langs heile kysten, og mannskap til å sikre viktige objekt som gassanlegg. Viss vi reetablerer Sjøheimevernet, får vi inn tusenvis av folk med lokalkunnskap om kysten – ein heilt uvurderleg ressurs for forsvaret av landet, seier Moxnes til avisa.

Han meiner «sabotasjen utanfor Bornholm» i Austersjøen viser at det er på høg tid å revurdere vedtaket.

– Den norske olje- og gassinfrastrukturen blir no rekna som eit av dei største sabotasjemåla i verda. Tidlegare hadde vi ein moderne, kostnadseffektiv mobiliseringsstyrke som trygga kysten vår. For 80 millionar i året kunne ein mobilisere 130 fartøy og 2.000 soldatar, i tillegg til 63 kystmeldepostar, fire dykkartroppar, fire bordingstroppar og 34 visitasjonsteam, seier Raudt-leiaren.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter