Raymond Johansen: Ny skatt er dramatisk for Oslo
Den nye grunnrenteskatten på vasskraft treffer skeivt og vil gå utover innbyggjarane i Oslo, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap).
Forslaget frå regjeringa om auka skatt på vasskraft vil ramme Oslo kommune hardt, ifølgje byrådsleiar Raymond Johansen.
Heiko Junge/NTB
– Vi betaler allereie 15 milliardar kroner i skatt til staten. Det er ti gonger meir enn vi tek ut i utbytte. Vi bruker utbyttet til velferd, skular, barnehagar, sosialtenester og helse. Så det er viktig for oss, påpeikar byrådsleiaren overfor NRK.
– På kort sikt er dette alvorleg, på lang sikt får dette dramatiske konsekvensar for Oslo, seier han.
Nøyaktig kor mange kroner det er snakk om, vil ikkje Johansen kommentere no. Gjennom Hafslund er Oslo kommune den nest største krafteigaren i landet etter staten. Byrådet har budsjettert med 2,5 milliardar kroner i kraftutbytte berre neste år.
Bestill abonnement her
KJØP