Nyheter

Noreg har 8.800 kilometer med gassrør – derfor er me sårbare

ENERGI: Noreg har 8.800 kilometer med gassrørleidningar. Det tilsvarer avstanden mellom Oslo og Bangkok. – Norsk gassforsyning er trulig det største og mest strategisk viktige sabotasjemålet i Europa no, seier forskar til NRK.

Det er oppdaga lekkasjar tre stader på gassrørledninger i Østersjøen. Fleire europeiske statsleiarar seier desse truleg kjem av sabotasje.

Oberstløytnant og forskar ved Forsvarets høgskule, Geir Hågen Karlsen, sa tysdag til NRK at norsk gassforsyning truleg er det største og mest strategisk viktige sabotasjemålet i Europa no.

– Det kan gjerast på mange måtar, med dykkarar, ubåtar, ubemanna fartøy eller cyberangrep mot landsinstallasjonar. Den trusselen trur eg me skal ta veldig alvorleg. Om det skulle skje, står vi ovanfor ein svært alvorleg opptrapping av konflikten, sa Karlsen til NRK.

Onsdag morgon seier statsminister Jonas Gahr Støre til NRK at han har vore i dialog med Nato, men at han førebels ikkje har bede om bistand. Støre seier det ikkje er indikasjonar på at det er truslar mot norsk sokkel.

Tre norske landanlegg for gass

Det norske gasstransportsystemet omfattar rørleidningar med ei lengde på til saman 8.800 kilometer. Det tilsvarer avstanden mellom Oslo og Bangkok.

Det skriv Norsk Petroleum på sine heimesider.

g

Frå Noreg blir det frakta våtgass og nedkjølt naturgass (LNG) på skip, medan tørrgass blir frakta vidare i røyrledninger til det europeiske kontinentet og Storbritannia.

Noreg har tre landanlegg for gass: Kårstø, Kollsnes og Nyhamna. Det er fire mottaksterminalar for norsk gass på kontinentet: to i Tyskland, ein i Belgia og ein i Frankrike. I tillegg er det to mottaksterminalar i Storbritannia.

Norsk gass viktig for Europa

Norsk gass er blitt viktig etter at Europa skal gjera seg mindre avhengig russisk gass.

Gass frå Noreg dekker normalt mellom 20 og 25 prosent av EU og Storbritannias gassforbruk. Om lag 95 prosent av norsk gass blir transportert via rørledninger til andre land i Europa.

Noreg er verdas tredje største gasseksportør, berre bak landa Russland og Qatar.

Medan oljeselskap har ansvar for drifta på felta, er det langt større statleg kontroll over gasstransportsystemet. Det statlege selskapet Gassco har ansvar for sikker og effektiv transport av gass på norsk sokkel.

Slo alarm om forskingsfartøy

Lekkasjane som no er oppdaga, er i svensk og dansk økonomisk sone.

Kyststatar kan erklære ei økonomisk sone ut til 200 nautiske mil frå grunnlinja. I den økonomiske sonen har landet einerett på å utnytta naturressursar, men landet har ikkje suverenitet over området.

I territorialfarvatnet og det indre farvatnet har landa suverenitet.

h

I fjor haust avdekka Dagens Næringsliv at sikkerheitsfolk slår alarm om russiske, sivile forskingsfartøy som truleg kartlegg norsk infrastruktur.

Norske og utanlandske aktørar i olje- og gassbransjen fortalte at dei hadde observert at russiske forskingsskip tilsynelatande systematisk kartlegg rørledninger på norsk sokkel.

e

I dag skal olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) stilla i Stortinget for å svara på spørsmål knytt til gasslekkasjane i Østersjøen.

Aasland sa tysdag kveld at Noreg forsterkar beredskapen på norsk sokkel. Regjeringa har bede politi, Forsvaret og styresmaktene gå gjennom alle tiltak som er relevante og sørge for at sikkerheita er optimal.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter