Nyheter

Støre langa ut mot Russland frå talarstolen i FN: – Dei starta krigen, no må dei stoppe han

Krigen i Ukraina er ikkje berre ein katastrofe for ukrainarar og russarar, men for heile verda, meiner statsminister Jonas Gahr Støre, som ber Russland avslutte krigen omgåande.

Torsdag deltok han på eit møte i FNs tryggingsråd der temaet var krigen og straffritak i Ukraina.

– Russlands angrepskrig mot Ukraina utgjer eit grovt brot på folkeretten, inkludert FN-pakta. Den nylege eskaleringa av angrep på sivile mål er heilt uakseptabelt, sa Støre frå talarstolen og trekte fram massegravene funnet i Butsja og Izium.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov var også til stades. I forkant av møtet varsla Støre at det kom til å bli ein tøff og direkte tone, og at Noreg «kraftfullt» kom til å ta avstand frå det krigsbiletet som Putin har trekt opp med mellom anna å mobilisere inntil 300.000 reservistar.

– Som eit europeisk land, natomedlem og nabo til Russland vil eg understreke: Dette er rett og slett ikkje sant. Det er ingen militær trussel mot Russland. Det er ingen legitim grunn til å underbyggje ei massiv mobilisering av russiske styrkar. Denne eskaleringa vil berre føre til auka liding for ukrainarar og russarar, sa Støre, som sa at han tviler på at sistnemnde ville støtta ein krig hadde dei fått velje.

– Russland valde å starte denne krigen, no må dei stoppe han, sa han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter