– Det er ikkje berre feil medisin. Det byggjer på feil analyse òg. Vi har ikkje dei lønns- og prisspiralane Noregs Bank fryktar, og dei fleste prognosetal har vist seg å vere for høge og må justerast ned, seier LOs sjeføkonom Roger Bjørnstad i ei pressemelding.
Torsdag sette Noregs Bank opp styringsrenta frå 1,75 til 2,25 prosent. Sentralbanksjef Ida Wolden Bache seier dei set opp renta for å dempe prisveksten.
Bjørnstad i LO meiner partane i arbeidslivet tek ansvar for å hindre ytterlegare prisvekst gjennom lønnsdanninga og frontfagsmodellen.
– Det verkar som om Noregs Bank ikkje har tillit til at lønnsdanninga gjer denne jobben. Det er uheldig, legg han til.