Forslag om å frede villaen til jødisk familie i Larvik
ANDRE VERDENSKRIG: Villaen som tilhøyrde den jødiske familien Sachnowitz i Larvik, kan bli freda. Heile familien vart deportert til konsentrasjonsleirar i Tyskland i 1942.
I november 1942 vart heile familien arrestert og deportert til utryddingsleiren Auschwitz. Berre Herman Sachnowitz overlevde og vende tilbake til Noreg. Han mista faren, tre søstrer og fire brør i leiren.
I boka «Det angår også deg», gitt ut i 1976, fortel Herman Sachnowitz om åra konsentrasjonsleirar i Tyskland under andre verdskrigen. Han vart først send til Auschwitz, og så til Bergen-Belsen.
Vestfold og Telemark fylkeskommune har sendt eit forslag om å frede huset ut på høyring.
Bestill abonnement her
KJØP