Multiconsult har greidd ut fare for kvikkleireskred som kan berøre Ask sentrum i Gjerdrum kommune, etter kvikkleireskredet 30. desember 2020.
Undersøkingane dokumenterer at det ikkje er fare for nye kvikkleireskred for busetnaden i området, og at dei tidlegare etablerte kvikkleiresonene kan reduserast, skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat ( NVE).
– Utgreiinga på Ask viser at store delar av området går ut som faresone for kvikkleireskred, og berre mindre soner står att som må takast omsyn til ved ny busetnad, seier regionssjef i NVE, Toril Hofshagen.
– Det er utført stabilitetsberekningar som viser at det ikkje er fare for kvikkleireskred for eksisterande busetnad i sentrum, seier Hofshagen vidare.
I områda der det er påvist kvikkleire ligg denne generelt for djupt til å utgjere fare for kvikkleireskred, men nær nokre skråningsskantar kan belastning medføre forverring av stabiliteten. Det er desse områda som står att som faresoner. Ti menneske mista livet då eit stort kvikkleireskred gjekk i eit bustadfelt i Ask i Gjerdrum kommune natt til 30. desember i 2020.