Nyheter

Håper Charles som ny konge vil få fart på monarki-debatt

STATSFORM: Britiske republikanarar ser tronskiftet som ein gyllen sjanse til å få avskaffa monarkiet. – Charles har arva trona, men ikkje respekten folk hadde for Elizabeth, seier britisk aktivist.

Måndag blir dronning Elizabeth gravlagd i London, etter over 70 år på trona. Ho har regjert lenger enn nokon annan monark i Europa.

No er sonen Charles konge, og britiske republikanarar håpar at tronskiftet opnar ein moglegheit til å få avskaffa monarkiet.

– For oss britar var Elizabeth einstydig med monarkiet. Charles har arva trona, men han har ikkje arva den respekten folk hadde for Elizabeth.

r

Det seier britiske Graham Smith, som Vårt Land møter i Oslo. Han leier organisasjonen Republic, som vil byta kongehuset ut med eit vald statsoverhovud.

– Elizabeths død har hatt ein stor innverknad på debatten. Me får heile tida nye støttespelarar, seier Smith.

Han fortel at sidan dronningas død har Republic fått fleire hundre nye betalande medlemmer. Eit nettsøk viser at Republic har fått 12.000 nye følgarar på Twitter dei siste 10 dagane.

Meiner monarkiet er dyrt og utdatert

I helga var republikanarar frå fem europeiske land samla til konferanse i Oslo.

Engasjementet til Graham Smith starta då han som 12-åring nekta å sjå det fjernsynsoverførte bryllaupet til prins Andrew og Sarah Ferguson.

– Eg har vore mot monarkiet så lenge eg har hatt politiske meiningar.

Han meiner monarkiet er ein dyr og utdatert styringsform.

– Det blir tydeleg når Charles no er konge. Han har tredd inn i rolla utan noko legitimitet, debatt eller samtykke.

For å underbygge inntrykket av Charles som ein upopulær konge, viser han til ein ny episode der Charles vart sint etter at ein penn ikkje virka. Eit videoklipp viser at Charles sprett opp og utbryt: «Herregud, eg hatar denne pennen. Eg taklar det ikkje!»

Fleire kongehusekspertar VG har snakka med, tek den ferske kongen i forsvar, og viser til at han er under press og i sorg.

– Alle veit at han har hatt ein trist og veldig intens periode den siste tida, seier Kristin Storrusten til VG.

Charles er ein god kandidat til å svekka legitimiteten til kongehuset, så eg heier på han.

—  Ane Breivik, nestleiar i Den norske republikanske forening

Dalande oppslutning

Måndag vart Elizabeth gravlagt. I tida etter gravferda har Republic ein plan om å bli meir synlege. Organisasjonen skal auka staben og lansera store kampanjar fram mot den offisielle kroninga av Charles neste år.

I sosiale medier bruker Republic emneknaggen #NotMyKing – «Ikkje min konge».

Britar flest støttar monarkiet, viser ei spørreundersøking frå YouGov. Men oppslutninga er dalande: Frå 73 prosent i 2012 til 62 prosent i 2022. Spesielt blant unge er støtta til kongehuset relativt svak.

Kan miste grepet om tidlegare koloniar

Elizabeth regjerte i 70 år og 7 månader, noko som er lenger enn nokon annan monark i Europa, ifølgje Store norske leksikon. Ho var statsoverhovud i 14 land som har vore britiske koloniar, og overhovud for Samveldet av nasjonar.

f

Kong Charles var raskt ute med å møta representantar for desse landa. Likevel er det ting som tyder på at riket han rår over, kan koma til å krympa:

  • I øystaten Antigua og Barbuda seier statsminister Gaston Browne at han innan tre år vil halda folkeavstemming om landet skal bli republikk.
  • Statsminister i New Zealand, 42 år gamle Jacinda Ardern, seier ho trur landet vil bli ein republikk i løpet av hennar levetid.
  • Australia er leia av ein ihuga republikanar, Anthony Albanese. Han utelukkar no ei folkeavstemming i sin første statsministerperiode, men har tidlegare utnemnt landets første republikk-minister.
  • Jamaicas statsminister Andrew Holness har sagt at hans land kan bli det neste som blir republikk.

Norsk politikar: Monarkiet er ei arkaisk styreform

– I eit liberalt demokrati skal ikkje posisjonar eller makt gå i arv. Om me skulle vald styreform i dag, ville me ikkje gått for ei arkaisk styreform som monarkiet, men heller hatt ein folkevald representant.

Det seier Ane Breivik, som er nestleiar i Den norske republikanske foreining i tillegg til å vera leiar i Unge Venstre.

Ho kallar dronning Elizabeth «ei kvinne som har vore med å definere vår samtid» og understrekar at dødsfallet er ei tragedie for familien hennar.

Ane Breivik fra Bærum er ny leder i Unge Venstre. Foto: Erika Melhus / Unge Venstre / NTB

Samstundes trur ho det på sikt kan bli meir diskusjon om monarkiet i Storbritannia, og ho har inntrykk av kong Charles er meir upopulær enn det dronninga var.

– Charles er ein god kandidat til å svekka legitimiteten til kongehuset, så eg heier på han.

Berre 35 på Stortinget stemte for republikk

I Noreg er kongens rolle nedfelt i grunnlova. Å avskaffa monarkiet krev derfor to tredelars fleirtal i Stortinget.

Støtta til å innføra republikk har ikkje vore stor blant Stortingets 169 representantar. Ved siste avstemming, 1. juni i år, stemte berre 35 for at Noreg skal bli republikk.

– Det er eit problem for den republikanske saka at kongehuset er populært, vedgår Ane Breivik.

Ho ser kontroversane rundt Durek Verrett som positive.

– Eg trur han svekker populariteten til kongehuset, som er bra for oss republikanarar.

Ho er usikker om ho kjem til å sjå kongehuset bli avskaffa i hennar levetid. Håpet er der likevel:

– Me har avskaffa adelen i Noreg, men me har framleis kongehuset. Det er siste teikn på eineveldet.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter