Rapport: Eitt år meir i arbeid kunne ha løyst sjukepleiarmangelen
Viss sjukepleiarar hadde stått eitt år lengre i arbeid, kunne sjukepleiarkrisa ha vore løyst, ifølgje ein rapport.
Rapporten viser at viss alle tilsette i pleieyrke ventar eitt år før dei går av med pensjon, svarer det til mellom 6.000 og 7.000 stillingar fram til 2035, skriv Aftenposten.
Ifølgje rapporten er det komplekse og samansette årsaker til at mange forlèt yrket tidleg. Hovudgrunngivinga er helseproblem og fysiske og psykiske belastningar.
– Dette blir jo ekstra utfordrande no når vi veit at vi står overfor ei slags varsla kompetansekrise i helsesektoren, seier Kari Østerud, direktør ved Senter for seniorpolitikk, som ifølgje Aftenposten har bestilt rapporten.
Det er forskingsstiftinga Fafo som har kartlagt situasjonen for sjukepleiarar, hjelpepleiarar og helsefagarbeidarar over 50 år i sjukehussektoren i eit samarbeidsprosjekt mellom Senter for seniorpolitikk, Spekter, Norsk Sykepleierforbund, Fagforbundet, Vestre Viken HF, Sørlandet sjukehus HF og KLP.
(©NPK)