EU-domstolen held oppe milliardbot mot Google
EU-domstolen held oppe ei bot på 4,1 milliardar euro mot nettgiganten Google, for misbruk av marknadsmakt på mobilplattforma Android.

I grunngivinga for bota, som opphavleg var på 4,4 milliardar euro, heile 44 milliardar kroner, som Google fekk av EUs konkurransetilsyn i 2018, heitte det at selskapet hadde «brukt Android-systemet sitt til å sementere dominansen til søkjemotoren sin».
I anken som vart avgjord onsdag, reduserer rett nok EU-domstolen bota til 4,125 milliardar euro (vel 41,5 milliardar kroner), men gir altså EU-kommisjonen medhald i gyldigheita til reaksjonen.
Google skuffa
EUs konkurransekommissær Margrethe Vestager sa at nettgiganten hadde nekta europeiske kundar fordelane av reell konkurranse i den viktige mobilmarknaden, og slo fast at praksisen var ulovleg.
Google stilte seg uforståande til skuldingane og anka bota.
– Vi er skuffa over at domstolen ikkje annullerer avgjerda i sin heilskap. Android har skapt fleire valmoglegheiter for alle, ikkje mindre, og støttar tusenvis av suksessrike bedrifter i Europa og verda over, seier kommunikasjonssjef Sondre Ronander i Google Norge.
Fleire saker
Dette er ikkje ein den einaste tvisten Google har vore i med EU. I fjor tapte selskapet ei ankesak om ei bot på over 20 milliardar for å ha misbrukt marknadsmakta si. Fram til saka har fått ankebehandlinga si, var dette den største bota som EU nokosinne hadde gitt eit selskap.
Det var onsdag knytt spenning til avgjerda til EU-domstolen. I januar i år annullerte EU-domstolen ei bot mot den amerikanske databrikkeprodusenten Intel frå 2009, som var på 1,06 milliardar euro (10,6 milliardar kroner med dagens kurs).
I juni annullerte EU-domstolen ei bot på nærare ein milliard euro til Qualcomm, ein annan amerikansk databrikkeprodusent. Retten sa då det var fleire avvik i arbeidet til kommisjonen, og at dette avgrensa Qualcomms moglegheit til å forsvare seg.