Nyheter

– Politikk handlar om å skapa tryggleik for folk

KRISETID: Æreskodeks gjer at Sigbjørn Johnsen ikkje vil snakka om finansministrane som kom etter han. Men eit tips har han: auk formuesskatten.

– Du er den personen som har sete lengst som finansminister i Noreg. Du hadde posten både under bankkrisa på 1990-talet og i etterdønningane etter finanskrisa i 2008. Korleis er det å vera finansminister når det er krise?

– Generelt er det både givande og morosamt. Eg gleda meg til kvar einaste dag, om det var gode eller dårlegare tider. Som finansminister må du ha den innstillinga at dette er eit tillitsverv på vegner av folket.

– Kva er spesielt med den krisa me står oppe i no?

– Min generasjon var fødd inn i den kalde krigen og trudde då Berlinmuren fall, at det ville bli fred og fordragelegheit i Europa. Men no er det krig som skapar utryggleik både her i Noreg og i andre land i Europa. Folk lurer på korleis dei skal koma seg gjennom vinteren med dei høge straumprisane.

– Kva er jobben til ein finansminister då?

– Politikk handlar om å skapa tryggleik for folk. Me kan prata om utanrikspolitikk og klimapolitikk og desse overbyggande tinga. Men først og fremst er all politikk lokal. Den handlar om folk sine liv der dei bur og jobbar, der dei har sine nærmaste, der dei græt og ler. Me politikarar må setta oss inn i folks verkelegheit.

Det er nok rom for å auka skatten på høge formuar.

—  Sigbjørn Johnsen

– No går prisane i taket og folk er usikre på om pengane strekk til. På andre sida er det full trøkk i deler av økonomien og låg arbeidsløyse. Korleis kan ein finansminister få fram desse tinga samtidig?

– Som finansminister må du balansera ulike omsyn. Men inflasjon er den største trusselen mot arbeidsplassar. For ja, det er mange i arbeid no, men spørsmålet er om dei jobbane er der eit halvt år fram i tid. Om du går tilbake til den store nedturen på slutten av 1920-talet, var galopperande inflasjon det store problemet. Eg trur folk i dag skjønner at ein ikkje kan kosta på seg alt mogleg i ein slik situasjon. Det viktigaste er å klara å prioritera og føra ein stram finanspolitikk som dempar aktiviteten i økonomien.

Tidligere finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap).

– Du var kjend for omgrepet «pæeng på bok». No ser me milliardane renna inn i statskassa grunna høge gass- og straumprisar. Det er vel nok med pengar?

– Ja, det er det. Men å ha ei stor bankbok gjer ikkje at du slepp å prioritera. Det kan vera freistande no å bruka høge strauminntekter på langsiktige utgifter. Problemet er at statens strauminntekter er ei kortvarig inntekt. Som me seier på Hedmarken: Ein viktig regel for ein finansminister er å unngå å bruka stutte inntekter på lange utgifter.

– Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har varsla stramme tider og at oljepengebruken skal ned. Er det å auka skattane eit alternativ i dagens situasjon?

– No skal eg ikkje gje råd til noverande finansminister. Men ein viktig del av det å skapa tryggleik, er å sikra at byrda blir mest mogleg rettferdig fordelt. Dei som har den sterkaste ryggen, må bera tyngst. Dei som har lite, har mindre motstandskraft i møte med høge straumprisar. Det er nok rom for å auka skatten på høge formuar. Det blir feil av meg å seia noko om kor mykje skatten burde aukast. Eg hugsar tilbake til bankkrisa i 1990. Då var ei stor skattereform noko av det me gjorde for å få orden på økonomien. Reforma gav ei skattelette på papiret, samtidig som den førte til ein meir rettferdig fordeling av inntekter.

Det ligg i finansministerens rolle å vera litt gledesdrepar.

—  Sigbjørn Johnsen

– Trygve Slagsvold Vedum var i valkampen ein lattermild og pratsam partileiar. No står han der alvorleg i finansministerdressen sin og fortel oss at han må stramma inn pengebruken. Er denne overgangen litt typisk for finansministrar?

– Me har ein æreskodeks, me avgåtte finansministrar: Me pratar ikkje om kollegaer. Det er lettare å vinne ein fotballkamp på tribunen enn å spela utpå banen. Så eg har ikkje tenkt å seia noko om det.

– Eg prøver igjen: Etter deg har Noreg hatt tre finansministrar, to av dei er Siv Jensen og Trygve Slagsvold Vedum. Dette er politikarar som må kunne karakteriserast som slagkraftige i opposisjon. Er finansministerposten ein plass der folk blir litt meir seriøse?

– Generelt så er det å sitta i opposisjon ei rolle, å sitta i regjering er ei anna. Det er ein del av den politiske kvardagen. Per Sandberg sa jo at Frp skulle riva ned tapetet når dei kom inn i Finansdepartement. Då eg gav nøkkelen til Siv Jensen, fortalde eg henne at det ikkje var mogleg. Mønsteret var malt rett på veggen. Skulle ho prøvd å mala over veggen, hadde ho nok fått Riksantikvaren skikkeleg på nakken.

Per Sandberg sa jo at Frp skulle riva ned tapetet når dei kom inn i Finansdepartement. Då eg gav nøkkelen til Siv Jensen, fortalde eg henne at det ikkje var mogleg.

—  Sigbjørn Johnsen

– Som finansminister ser eg for meg du ofte må seia nei til kollegaer med dyre ønsker. Var det slik?

– Ja, det ligg i finansministerens rolle å vera litt gledesdrepar. Ein må seia nei til ting. Det er sånn det må vera – sjølv ikkje i Noreg kan ein gjera alt heile tida.

– Som finansminister var din høgaste utdanning eit toårig kveldskurs ved Bedriftsøkonomisk Insitutt BI. Vart det krevjande å stå i mot byråkratane i Finansdepartementet?

— Eg hadde då hatt 10 år i finanskomiteen på Stortinget, så eg hadde ei god uformell utdanning i økonomisk politikk. Mange trur forresten Finansdepartementet er einstydig med steinansikt og hjartelause byråkratar. Men det er ein stor omsorg for land og folk i dei veggane. Det merka eg veldig godt då eg var finansminister.

---

Sigbjørn Johnsen

  • Ap-politikar frå Ringsaker, fødd i 1950.
  • Har vore finansminister to gonger – frå 1990 til 1996 og frå 2009 til 2013. Ingen har hatt denne posten så lenge som Johnsen.
  • Han er kjend for å bruka sin karakteristiske hedmarksdialekt og fekk Dialektprisen i 1993.
  • 6. oktober legg Johnsens etterfølgjar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fram statsbudsjettet for neste år.

Kjelde: Store norske leksikon

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter