Nyheter

Han møtte dronninga: – Den sterkaste kristne stemma i Storbritannia har stilna

TRU: Tidlegare sjømannsprest Torbjørn Holt møtte Dronning Elizabeth fleire gonger. – Det eg fornemma bak fasaden hennar, var eit trufast og venleg menneske.

– Dronning Elizabeth har vore den sterkaste kristne stemma i Storbritannia. Ei lågmælt, men klar og tydeleg stemme. Den stemma har no stilna.

Det seier Torbjørn Holt, tidlegare sjømannsprest i London. Han har hatt størstedelen av yrkeslivet sitt i Storbritannia, og har sjølv møtt dronninga ved fleire høve.

Ein gong fekk han veksla ord med henne i nokre minutt.

– Korleis var det å møta dronninga?

– Det er klart, ein person med tiara og brodert silkekjole blir ein distansert figur. Men det eg fornemma bak fasaden hennar, var eit trufast og venleg menneske med ein dedikasjon. Ho var grenselaust uthaldande på alle desse offentlege tilstellingane. Ho må ha handhelst på hundretusenvis av menneske.

Personlege juletalar

Klokka 19.31 torsdag kveld kom meldinga frå Buckingham Palace: Dronning Elizabeth er død. 37 minutt seinare sa statsminister Liz Truss at det er «slutten på den andre elizabethianske æra».

Torbjørn Holt trekker spesielt fram dronning Elizabeth sine tradisjonsrike juletalar som høve der ho gav uttrykk for kristen tru.

I hennar første juletale send på fjernsyn i 1957, snakka dronninga om betydninga av mot, ikkje det motet ein treng i kamp, men mot ein treng for å stå opp for alt som er rett.

Her las ho frå boka «Pilegrims vandring». Dette er ifølgje Wikipedia ein kristen oppbyggelig fromheitsroman av John Bunyan.

Fotalte om tapet av ektemannen

I det som skulle bli dronning Elizabeths siste juletale i 2021, snakka ho om tapet av ektemannen Philip.

Bileta av Elizabeth som måtte sitta åleine ved gravferda til ektemannen i april 2021, hadde då gått verda rundt. Bildet vart ein stor kontrast til dei skandalefylte festane i Downing Street, midt under koronanedstenginga.

Boris Johnsons kontor beklaga i etterkant til dronning Elizabeth etter det blei halde to festar kvelden før prins Philips begravelse. Det avdekka avisa The Telegraph.

Dronning Elizabeth

I juletalen fortalde ho korleis jula kan vera tøff for dei som har mista kjære. Samstundes fortalde ho om gleda ved å feira jul saman med barn:

They teach us all a lesson - just as the Christmas story does - that in the birth of a child, there is a new dawn with endless potential.

It is this simplicity of the Christmas story that makes it so universally appealing: simple happenings that formed the starting point of the life of Jesus — a man whose teachings have been handed down from generation to generation, and have been the bedrock of my faith. His birth marked a new beginning. As the carol says, “The hopes and fears of all the years are met in thee tonight”.

Defender of the Faith

Dronningas fulle tittel lydde slik:

«Elizabeth the Second by the Grace of God, of the United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland and of Her other Realms and Territories Queen, Head of the Commonwealth, Defender of the Faith.»

Då mora døydde, vart Charles automatisk konge av Storbritannia. Han overtek då tittelen som trusforsvarar.

Torbjørn Holt, tidlegare sjømannsprest i London, seier han vil følga med på talane til Charles framover med stor interesse.

– Han er litt vanskeleg å vurdera. Han har ikkje alltid vore like tydeleg.

Charles ny forsvarar for trua

Charles har tidlegare gjeve eit intervju der han tek til orde for å vera forsvarar for tru generelt («faith»), og ikkje trua spesifikt («the Faith»). Det vekka spekulasjonar om han vil svekka særstillinga til den anglikanske kyrkja.

Det førte til at Charles i ei kunngjering frå 2015 heldt fast ved at han vil vera forsvarar for trua («Defender of The Faith») samtidig vere beskyttar for tru («protector of faiths»).

Torbjørn Holt opplever likevel kong Charles som ein tydeleg talsmann for kristne verdiar og ein aktiv kyrkjegjengar.

– Han er kanskje meir påverka av sin generasjon enn dronninga har vore. Men eg trur ikkje han vil gjera store endringar som forsvarar for trua. Kanskje han vil bli meir aktiv i møte med andre trussamfunn. Det handlar om å lesa tida ein er ein del av, seier han.

Det er ikkje kjent når kroninga av Charles skal skje, men det er truleg fleire månader til, melder NTB.

– Kroninga av Charles vil nok ha ein klar anglikansk liturgi og han kjem til vera overhovud for den anglikanske kyrkja. Eg trur ikkje den rolla vil bli svekka, seier Torbjørn Holt.

Church of England i fritt fall

Det religiøse Storbritannia som Charles skal regjera over, ser også svært annleis ut enn då Elizabeth tok over som monark i 1952.

I ei undersøking frå British Social Attitudes frå 2011 oppgav halvparten av dei spurte å ikkje vera religiøse.

SJEF

Berre 20 prosent av dei spurte i undersøkinga ser seg som ein del av den anglikanske kyrkja, Church of England. Talet er halvert frå 1983, då såg 40 prosent seg som ein del av kyrkja.

Spesielt blant unge står den anglikanske kyrkja svakt, berre 3 prosent av dei spurte under 24 år beskriv seg sjølv som anglikanarar.

– Det er den same utviklinga som elles i Vesten, med ei gradvis svekking av religiøs tru. Eg snakkar med britiske katolikkar og anglikanarar som har inntrykk av at korona har auka farten på denne utviklinga. Dei ser at det er færre som kjem til gudsteneste etter at samfunnet er opna opp igjen, fortel Torbjørn Holt.


Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter