Nyheter

Sjømannsprest i London: Dette er eit mentalt jordskjelv

DØDSFALL: Norsk sjømannsprest hyllar korleis dronning Elizabeth snakka om si personlege tru. Han trur dødsfallet vil forsterka ei kjensle av krise i Storbritannia.

– Dette er ei episk hending for Storbritannia. Dette er eit mentalt jordskjelv.

Det seier sjømannsprest i London, Dag Magnus Hopstock Havgar, til Vårt Land.

Torsdag kveld opplyser Buckingham Palace at dronning Elizabeth er død, 96 år gammal.

Sjømannspresten las nyheita under ei sosial samling med dei tilsette i Sjømannskyrkja i London.

– Dette er ein historisk augneblink. Ho har vore ryggrada i Storbritannias sjølvkjensle.

– Dronninga snakka eksplisitt om kva Jesus betydde

Sjømannspresten trekker fram dronning Elizabeths personlege tru.

– Ho har alltid flagga betydinga av tru. Det har ho teke opp i alle juletalane ho har halde. Trua har ho teke opp på ein inkluderande måte, det er verkeleg fabelaktige trusvitnesbyrd ho har hatt. Det er interessant, for ingen veit elles kva ho meiner om andre ting.

5

Han synest måten dronninga snakka om tru, er interessant frå ein kyrkjeleg ståstad.

– Me nordmenn er så private om tru. Men dronning Elizabeth snakka eksplisitt om kva Jesus betydde for henne. Ho tilhøyrer den generasjonen som går ofte til kyrkja. Eg har inntrykk av at ho går til kyrkja fordi ho ønsker det sjølv, og ikkje berre ut frå konstitusjonelle plikter.

Essensen av det britiske

Dronning Elizabeth vart den lengesittande monarken på den britiske trona nokosinne. Tidlegare i år vart hennar 70 år på trona markert med ei rekke feiringar.

Sjølv om ho hadde eit veldig privilegert liv, hadde ho også denne britiske nøkternheita.

—  Sjømannsprest Dag Magnus Hopstock Havgar

For sjømannsprest Dag Magnus Hopstock Havgar var dronninga essensen av det britiske: nøktern og pliktoppfyllande.

– Under pandemien følgde ho alle reglane til punkt og prikke. Det var i stor kontrast til nokre av dei folkevalde politikarane. Sjølv om ho hadde eit veldig privilegert liv, hadde ho også denne britiske nøkternheita.

Dødsfall i krisetid i Storbritannia

I dei kommande ni dagane vil det skje ei rekke ritual og seremoniar i Storbritannia, før sjølve gravferdsseremonien vil finna stad i Westminster Abbey, med etterfølgjande bisettelse i St. George’s kapell ved Windsor Castle.

Sjømannspresten Dag Magnus Hopstock Havgar trur dødsfallet gjev britane ei kjensle av tap og uro.

– Mykje er i endring no. Me har hatt brexit og pandemi. No er det inflasjon og energikrise, og den ekstreme fattigdommen brer om seg. På nyheitene er det kvar dag innslag frå matutdelingar til fattige. Eg trur dødsfallet vil forsterka ei kjensle av krise.

Han trur likevel ikkje at beskjeden om dødsfallet kjem som eit sjokk på folk.

– Alle har skjønt kor det bar. Den engelske måten å uttrykka seg på, er indirekte. Når legane seier at dei er uroa, då forstår me at det er alvorleg.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter