Nyheter

Norden: Kristne parti går lenger enn KrF, forsvarar dagens abortlover

SVANGERSKAPSAVBROT: Island har fått Nordens mest liberale lov. Finland skal no mjuke opp. KrFs søsterparti i Norden godtek nasjonale abortlover.

Helseminister Svandis Svararsdottir sa det slik:

– 40 medlemmer av nasjonalforsamlinga er klare for det 21. hundreåret.

I 2019 fekk Island Nordens mest liberale abortlov. Øystatens kvinner kan no få abort fram til veke 22.

40 stemte for lovendringa. 18 mot. 16 av dei var menn. Island har ikkje noko kristendemokratisk parti, korkje i eller utanfor Alltinget.

– Islands liberalisering er i takt med den internasjonale trenden, dei følgjer etter land som Australia og New Zealand som har mjuka opp, fortel Mette Løkeland, forskar og overlege ved Folkehelseinstituttet, til Vårt Land.

Abortgrensa går no ved 20 veker i New Zealand og ved inntil 24 veker i delar av Australia.

Mest restriktivt i Finland

Retten til sjølvbestemt abort spenner vidt i Norden:

Finland: Kvinner har rett til abort fram til 12 veker, men lege må godkjenne abortsøknaden.

Danmark: Har sjølvbestemt svangerskapsavbrot til og med 12 veker.

Norge: Har sjølvbestemt svangerskapsavbrot til og med 12 veker.

Sverige: Har sjølvbestemt avbrot til 18 veker.

Island: Kvinner har sjølvbestemt abort til veke 22.

– Finland var først ute med abortlov, kom i 1970. Det kan forklare den restriktive loven – dei var lenge nøgde med det dei hadde vedtatt, seier Løkeland, og legg til:

– Men Finland har i dag flest seinabortar i Norden.

Mette Løkeland, phd, overlege i kvinnehelse og fødselssykdommer

Partileiar fredar Sveriges lov

Sundag går Sverige til val på ny Riksdag. Abortspørsmålet står ikkje på dagsorden hjå noko parti. KrFs søsterparti Kristdemokraterna, med partileiar Ebba Bush i front, forsvarar dagens lov.

KD og Bush melder at dei står bak «den svenske abortloven der kvinna sjølv har rett til å avgjere om ho vil ta abort til og med graviditetsveke 18».

Men i Norge skaper abortloven på nytt bølgjer i KrF. Vårt Land melde tysdag at KrFU-leiar Hadle Bjuland har fremma eit omstridd forslag til det kommande landsmøtet:

KrFU ser ikkje eit betre alternativ enn dagens abortlov, men skal aktivt kjempe mot ei utviding.

Forslaget splittar nestleiarane i ungdomspartiet, og har kime til strid også i KrF.

Til VG seier Bjuland at «det er fryktelig vanskelig å gi støtte til dagens abortlov», men at han som KrFU-leiar «har kommet fram til at vi ikke har noe bedre alternativ».

KrF vil ha ein annan lov

I partiprogrammet har KrF dette standpunktet: «Arbeide for å erstatte dagens abortlov med ei lov som legg til grunn at fosteret har menneskeverd, som er betre tilpassa utviklinga innan medisinsk teknologi og som tek vare på omsynet til fosteret sin verdi og rett til liv, og den naudsynlege ivaretakinga av kvinna sin tryggleik og helse på ein etisk forsvarlig måte.»

Til utspelet frå KrFU-leiaren seier partileiar Olaug Bollestad, til NTB, at ho «er opptatt av å jobbe for gjennomslag der hvor det er mulig. Nå betyr det å si et tydelig nei til en utvidelse av abortloven som mange partier tar til orde for».

Bollestad vil ikkje opplyse om det betyr at KrF forsvarar dagens abortlov, eller kan komme til å ta det standpunktet.

KrFs partitime på Arendalsuka 2022. KrF

Riksdagen vil mjuke opp loven

Finland har Nordens mest restriktive abortlov. Kvinner kan få abort fram til veke 22, men dei gravide må oppsøkje lege som må signere på abortsøknaden. Det blir stilt ei rekkje krav som kvalifiserer for abort.

– Men loven blir praktisert liberalt, berre unntaksvis blir kvinner nekta abort, fortel Mette Løkeland.

I Finland kan saker bli fremma for Riksdagen om ein klarar å samle 50.000 underskrifter. Borgarinitiativet EgenVilja2020 samla i 2020 inn 52.000 underskrifter for kravet om ein meir liberal abortlov.

Underskrivarane vil mellom anna ha sjølvbestemt abort fram til og med veke 12.

Fleirtalet i Riksdagen er villig til å følgje opp med å seie ja til ein revidert lov. Statsminister Sanna Marins parti, det finske arbeidarpartiet, ønskjer sjølvbestemt abort fram til veke 12.

I møte med det aktuelle initiativet om ei liberalisering, forsvarar me dagens lov

—  Elsi Ranta, generalsekretær i Kristdemokraterna (KD)

Står på dagens abortlov

KrFs finske søsterparti er på linje med standpunktet til KrFU-leiar Hadle Bjuland. Kristdemokraterna (KD) har kjempa for ein meir restriktiv abortlov både i Riksdagen og i åra partia sat i regjering, utan å vinne fram.

Elsi Ranta er generalsekretær i Kristdemokraterna (KD). Ho forklarar dagens abortstandpunkt:

– Fordi eit lovforslag om å liberalisere ligg i Riksdagen, må partiet drøfte saka. I møte med det aktuelle initiativet om ei liberalisering, forsvarar me dagens lov – og legg stor vekt på kvinnas rett til støtte i ein krevjande situasjon, seier Ranta til Vårt Land, og legg til:

– KDs overordna mål er å få ned talet på abortar.

gs

Sikrar kvinner retten til abort

Kristdemokraterne (KD) i Danmark er på line med søsterpartiet i Finland. På eit pressemøte i august sa partileiar Marianne Karlsmose at KD arbeider for å få ned talet på abortar, men at det «ikkje skal skje gjennom forbod».

– Me står bak dei reglane som i dag sikrar kvinner retten til abort, slo KD-leiaren fast.

På heimesida skriv KD at vegen vidare går via rådgjeving, og ikkje forbod. I partiets 2030-plan melder KD at partiet ikkje vil «kompromittere eller avgrense» kvinner rett til abort.

---

Abortlover

  • Finlands abortlov kom i 1970, Danmarks i 1973, Sveriges i 1974, Islands i 1975 og Norges i 1978.
  • No skal eit utval sett av Støre-regjeringa greie ut Norges abortlov, rapporten kjem om halvanna år. Forslag til ny abortlov kan bli lagt fram i 2025.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter