Elevar må betale for straumkrisa – blir dyrare å gå på internatskular
HØGE STRAUMREKNINGAR: Skru opp elevbetalinga, stengje ned internat, ta inn færre elevar – internatskulerektorar fortvilar over alternativa. Frå regjeringa kjem det ikkje økonomisk hjelp.
BUR PÅ SKULEN: Rektor Morten Thomassen stikk innom skuleinternatet på Tomb og snakkar med førsteårselevane Ingrid Reese (midten) og Martha Forsetlund.
Erlend Berge
Rektor Morten Thomassen driv økonomisk balansekunst. Kor mykje kan han auke elevbetalinga for å dekkje galopperande straumprisar før elevar sluttar fordi skuleåret blir for dyrt? Frå regjeringa får han ikkje hjelp.
– Eg stålset meg for å møte hausten og vinteren, for straumprisen gjer det svært krevjande å drive ein vidaregåande skule med internat, fortel Morten Thomassen.
– Og når regjeringa ikkje vil gje internatskulane straumstøtte, blir det vanskeleg å finne pengar til rekningane.
Bestill abonnement her
KJØP