Nyheter

The Times: Liz Truss planlegg å fryse energirekninga til britane på dagens nivå

Den ferske statsministeren til britane Liz Truss skal ha planar om å fryse straum- og gassrekninga for britiske hushald på dagens nivå.

Det melder den britiske avisa The Times, som har fått innsyn i delar av energipakken som Truss har varsla at ho skal komme med denne veka.

Med ein varsla prisauke på 80 prosent frå oktober, ville den årlege energirekninga til eit tenkt gjennomsnittshushald ha auka frå 1.971 pund (22.858 kroner) til 3.549 pund.

Ifølgje avisa vil Truss setje eit «tak» på kostnadene for gass som blir brukt til elektrisitet og oppvarming. Tiltaket skal gjelde både hushald og bedrifter.

Ei kjelde har sagt til avisa at Truss planlegg å fryse energirekningane på det noverande nivået, altså 1.971 pund, i tillegg til å gi 400 pund i støtte til kvart hushald. Detaljane er likevel uklare.

Truss’ allierte har antyda at pakken kan koste så mykje som 90 milliardar pund.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter